Kvalitet – små og store skular

I budsjettframlegget for 2010 går rådmannen som kjent inn for å flytte 7. klassingane ved skulane Jostedal, Skjolden og Indre Hafslo til Dale og Gaupne. Grunngjevinga er fyrst og fremst økonomisk, men vert òg forsvart fagleg med følgjande setning:

Trinna med små elevgrupper får gjerne meir optimale utfordringar, fagleg og sosialt, i noko større pedagogiske fellesskap. (s. 31)

I rådmannsstaben har ein alt vedgått at dette ikkje botnar i ei konkret vurdering av faglege og sosiale tilhøve ved dei skulane det gjeld, men at ein stør seg på generelle vurderingar av små og større skular. Me har spurt om tilvisingar til faglitteratur som kan underbyggje dette. I ventetida kan me jo sjå kva eit par fagfolk på feltet meiner.

Thomas Nordahl
Når det er snakk om eit fagleg forsvar for nedlegging av små skular, dukkar Thomas Nordahl ofte opp. Nordahl er professor i pedagogikk ved Høgskolen i Hedmark, mykje brukt i offentleg utgreiingsarbeid og ein ivrig samfunnsdebattant.

I 2007 gjorde Nordahl ei gransking av læringsmiljøet på fire små og nokre store skular i ein anonym kommune med 9600 grunnskuleelevar. Bakgrunnen var ein mistanke frå rektor ved ungdomsskulen i kommunen om at elevane som kom frå dei små grendeskulane, greidde seg dårlegare på ungdomsskulen enn dei som hadde gått på store sentrumsskular. Nordahl granska dette og fann at rektor hadde rett – i denne kommunen.

I mai 2007 skreiv Nordahl eit innlegg i Hamar Arbeiderblad og Utdanning om resultata frå granskinga si. Innlegget fekk dette og dette og dette og dette svaret der kritikken han møtte var temmeleg krass – etter mi vurdering drepande. Hovudpoenget var at resultata til Nordahl frå denne eine kommunen byggjer på eit materiale som er for lite til at det generaliserast, og at resultata ikkje samsvarar med anna forsking på feltet. Eg veit ikkje om Nordahl svara på kritikken – eg har iallfall ikkje funne noko.

Likevel er granskinga til Nordahl seinare ofte drege fram i skulesentraliseringsdebattar. Eit døme: Når Drangedal kommune greidde ut sentralisering av skulane sine i 2008, var Nordahl den einaste faglege autoriteten utgreiinga frå rådmannen stødde seg til. Nordahl har òg vore aktiv i avisdebattar om nedlegging av små skular.

I juni 2009 heldt Nordahl eit føredrag for utdanningsetaten i Oslo kommune om kva leiing i skulen og undervisninga har å seie for læringsutbytet til elevane. Han stødde seg her på eit nytt stort forskingsarbeid på feltet, boka Visible learning (2009) av John Hattie. Dette er ei oppsummering av 800 ’meta-analysar’ som byggjer på til saman 52.000 granskingar av 83 millionar elevar (!). I presentasjonen sin oppsummerer Nordahl funna slik:

Betingelser tilknyttet skolenivå og organisering har blitt tillagt overdrevet betydning: Skolestørrelse, skolebygninger og økonomi betyr alene svært lite for elevenes læringsutbytte. …

Det som derimot gjer markante utslag, er kvaliteten på læraren (bombe). Med andre ord: Det kan ikkje lesast nokon skilnad på små og store skular ut frå resultata til Hattie slik Nordahl framstiller dei.

Eg har altså berre funne eitt forskingsarbeid av Nordahl som går inn på skilnaden mellom små og større skular, og dette gjeld berre éin kommune. Og dette forskingsarbeidet kom attpåtil i stand fordi skulefolk i kommunen sjølv hadde skjøna at noko var gale.

Rune Kvalsund
I Volda sit det derimot ein professor som har doktorgrad på slikt. Rune Kvalsund disputerte i 1994 på ein samanliknande studie av elevrelasjonar og læring i fådelte og fulldelte bygdeskular. Kvalsund har ein sett langt mindre til i samfunnsdebatten, men eit viktig og interessant unntak finn me i eit avisoppslag om ein skulenedleggingsdebatt i Hallingdal i mars 2007.

Dei siste åra har Kvalsund vore med på eit stort internasjonalt forskingsprosjekt med utspring frå Cambridge-universitetet. Resultata var publiserte for nokre månader sidan i International Journal of Educational Research, nr. 2 (2009), som var eit temanummer Kvalsund redigerte. Forskargruppa har gjort studiar av små og store skular i Noreg, Sverige, Finland, England, Skottland og England. Ein må betale for tilgang til tidsskriftet, men på nettsida til Høgskulen i Volda oppsummerer Kvalsund nokre av resultata slik i mai i år:

– Forsking med utgangspunkt i folks kvardag og livsverd utfordrar det som etterkvart har etablert seg som ei gjennomgåande misforståing av dei små grende- eller bygdeskulane – at dei med målestokkar frå det første fagorienterte perspektivet grunnlaust blir sett på som mangelutgåver av dei standardiserte urbane skulane. … Forskingsresultata peikar klart i retning av at dei små grendeskulane er minst på høgde med eller betre enn dei større meir urbane, stadslause og standardiserte skulane – ikkje minst når målestokkane er forankra i det breiare kulturorienterte livsverdsperspektivet.

To spørsmål er no:
1. Kva for ein pedagogikk-professor vil fyrst bli dregen ut på banen i debatten om skulesentralisering i Luster – Thomas Nordahl eller Rune Kvalsund?

2. Vil politikarane i Luster gjere eit vedtak om skulestruktur (flytting av 7. klassingane) utan å ta inn over seg forskinga på feltet? I så fall kan ein med rette spørje kor interesserte dei eigenleg er i kvalitet i skulen.

Dette innlegget vart lagt inn i Jostedalen, Politikk. Bokmerk fastlenkja.

2 Responses to Kvalitet – små og store skular

  1. Odd Frantzen seier:

    Dette var interessant. Du fortjener ein takk for dette.

  2. oddmund seier:

    Mange takk! Fint at det vekkjer interesse også utanfor kommunegrensene.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *