Blix på sundag

Tidlegare i livet høyrde eg eit rykte om at NRK P1 i lange tider har spela Blix» store fedrelandssalme, «Gud signe vårt dyre fedreland», rett før kl 7 som opning på sundagen. Etter at eg fekk ungar, ikkje minst denne karen her (foto kl 06.25 i dag),

oyvind.JPG

har eg fått stadfesta at det er sant. I denne augneblinken tonar Blix utover stova, slik han no gjer på Haugamyrane kvar sundagsmorgon.

Elias Blix har elles lenge vore bloggar, sjå BlixBlog. Når Anders Aschim kjem med Blix-biografien sin, får me kanskje svar på kor lenge NRK har hatt denne framifrå sundagstradisjonen.

Dette innlegget vart lagt inn i Heimeliv, Språkhistorie. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *