Grisgrendtfylke nummer ein

Kronikk i Bergens Tidende 28. januar og Nationen 30. januar. Teksten nedanfor er identisk med det som stod i avisene, men det er lagt til referansar.

”Eg har i dag offisielt gravlagt ’motstraumsstrategien’ i Sogn og Fjordane. Den har altfor lenge hemma utvikling og vekst i fylket vårt!” Slik sette ein twitrande Tor Bremer ord på den rådande trenden i Sogn og Fjordane-debatten, nokre dagar før han kom inn på Stortinget. Omgrep som motstraumsfylket, annleisfylket, småskala og distriktspolitikk har dei siste åra vore som skjellsord å rekna når framtida til Sogn og Fjordane skal diskuterast, som i norsk distrikts- og regionaldebatt meir allment. Er det klokt?

Domedag er nær
Ein sentral premiss for debatten er at det går den vegen høna sparkar med Sogn og Fjordane. Folketalsnedgang, forgubbing og mangel på attraktive arbeidsplassar er sentrale stikkord når det heller dystre biletet av fjordafylket vert teikna. Dei demografiske domedagsprofetiane tener eit klart føremål: Å devaluera utviklingspolitikken som er ført i fylket og legitimera nye og drastiske grep. Eit par døme frå dei siste vekene: ”Eg forstår ikkje at sjukehus-, skule- og kommunestrukturdebatten heile tida tek utgangspunkt i korleis ting var før”, bloggar fylkesbanksjef Arvid Andenæs (5.1.2010). ”Fylket har stått i ro i dei siste 50 åra”, oppsummerer Reiel Haugland, kultursjef i banken til Andenæs, i Firda (1).

Det vert framført mange og sprikjande framlegg til korleis ein skal unngå domedag i Sogn og Fjordane. Konklusjonane er likevel variantar over temaet sentralisering: satsing på fylkesbyen Førde eller i høgda eit knippe regionsenter, kommunesamanslåing og nedlegging av småskular og lokalsjukehus. Dessutan: tung satsing på kysten, for i alle normale fylke er kysten vekstmotor og tyngepunkt.

Folketalsmachosime
Ein annan viktig premiss for debatten om Sogn og Fjordane, er at alt er ute om ein ikkje får ”snudd” folketalsutviklinga. Denne folketalsfikseringa kjem det lite godt ut av. Sogn og Fjordane er slett ikkje i ferd med å bli avfolka. Det bur like mange her som for 20 år sidan, men fylket har ikkje teke del i folkeauken i dei meir folkerike og sentrale fylka.

Her er det to klare utfordringar for fylket. Viktigast: 60 prosent av folkeauken i Noreg for tida kjem av innvandringsoverskotet, men få kjem til Sogn og Fjordane. Dessutan har fylket relativt sett fleire eldre enn landssnittet, altså færre i økslefør alder enn folketalet skulle tilseia. Statistisk sentralbyrå (SSB) sine framskrivingar av folketalet (11.6.2009) går på at Sogn og Fjordane i 2030 har 1,9 prosent av folketalet i Noreg, mot 2,2 prosent i dag. Om folketalet i fylket vil gå opp eller ned, er primært avhengig av nasjonale trendar – prognosane til SSB sprikjer frå nedgang på knapt 5000 til auke på drygt 8000 i 2030 i høve til i dag.

Når fanden skal målast på veggen i Sogn og Fjordane-debatten, vert det gjerne framheva at fylket har tapt terreng for dei andre vestlandsfylka. Men dette er ei meiningslaus jamføring. Hordaland har Noregs nest største by som vekstmotor. Rogaland er det fylket i landet som sidan 1970 har hatt den største prosentvise folketalsauken (60%), sjølvsagt på grunn olje og gass. Stavanger og Sandnes i hop har forlengst passert Trondheim som Noregs tredje største tettstad etter kriteria til SSB. I nord finn me stor-Ålesund på 11. plass på den same lista.

Annleisfylket
Fylkesdebatten går i grøfta om ein let att augo for særpreget til Sogn og Fjordane og dei historiske utviklingsdraga som har forma fylket. Sogn og Fjordane er Noregs grisgrendtfylke på ein delt fyrsteplas med Hedmark og Oppland, som alle hadde 44 prosent av innbyggjarane sine i ”spreiddbygde strok” i 2009 etter SSB sin definisjon. På ein sterk fjerdeplass kjem Nord-Trøndelag med 42 prosent (landssnittet er 21 prosent). Slik sett er det desse og ikkje dei andre meir urbaniserte vestlandsfylka som liknar mest på Sogn og Fjordane.

Folketalsendring

Men i Hedmark-Oppland har mjøsregionen Lillehammer-Ringsaker-Hamar-Gjøvik meir folk enn heile Sogn og Fjordane. Vekstmotoren i Nord-Trøndelag er Stjørdal, 3 mil frå Trondheim, med 21 350 innbyggjarar.

Sogn og Fjordane liknar altså ikkje på noko anna fylke, berre på delar av andre fylke, som Hardanger. Det kan ein alltids sutra over. Men dei norske statistikkane er berre variasjonar over eit velkjent tema: Urbaniseringa og sentraliseringa går sin gang, globalt som nasjonalt og lokalt, og i Noreg har det no vore slik i 200 år. I perioden 1990-2009 hadde alle fylke folketalsnedgang i spreiddbygde og folketalsoppgang i tettbygde strok (minus Finnmark).

Det er ingen som har ”skulda” for at Sogn og Fjordane ser slik ut, korkje Senterpartiet, bunadseliten eller bygdedyret. Dette er eit resultat av strukturelle prosessar over mange hundre år som i stor mon kan forklarast med naturgjevne tilhøve, og som det i dag ikkje står i nokon si makt å påverka i særleg grad.

Draumen om Fylkesbyen
Kva kan ein så gjera, ut over å ynskja seg mange fleire innvandrarar til fylket? Draumen til fleire fylkesdebattantar er at Sogn og Fjordane skal bli eit ”normalt” norsk fylke gjennom satsing på ein eller ei handfull tettstader, i von om at dette vert vekstmotorar som skapar ein sterkare folketalsvekst.

Men drøymarane er minst 150 år for seint ute, om ikkje 300. Dei byane og tettstadene i Noreg som er vekstmotorar som monar, er anten byar grunnlagde ein gong mellom 871 og 1600-talet, til naud på 1800-talet, eller tettstader i nærleiken av gamle byar, eller folkerike klyngjer av byar og tettstader. Dette er grundig underbygt i fleire kapittel i Vestlandets historie (2006). (2)

Ein kan fyrst som sist leggja vekk den historielause draumen om Fylkesbyen. Dei spreiddbygde områda i Sogn og Fjordane har altfor mange folk og er altfor viktige for fylket som heilskap til at ei einsidig satsing på dei puslete regionsentra våre kan føra fram. Dei som etterlyser sterkare sentralisering, skal vita at Sogn og Fjordane allereie er godt i gang: Fylket var nest etter Møre og Romsdal det fylket i landet med sterkast folketalsnedgang i spreiddbygde strok frå 1990 til 2009 (–18 %, medan landssnittet er –11 %). Sterkare sentralisering er altså berre meir av velprøvd medisin.

Reality bites
Fylket har ikkje, og vil heller ikkje få, vekstsentra som er sterke nok til å fanga opp eller kompensera for ein enno sterkare folketalsnedgang i bygdene. Sogn og Fjordane er ein lagnadsfellesskap mellom sentrum og periferi, og i regional og nasjonal samanheng er heile fylket, også Førde, Sogndal og Måløy, periferi. Vil ein ha folketalsauke, finst det ingen veg utanom ei balansert satsing både på dei tettbygde og spreiddbygde stroka i fylket.

Ein god start kan då vera å slutta å syta over at fylket har den busetnadsstrukturen det har. Ta heller ta utgangspunkt i det fylket faktisk er og alltid kjem til å vera: grisgrendtfylke nummer ein.

Notar
(1) Firda (papirutgåva), 20.1.2010.
(2) Særleg i «Næringsliv og sysselsetjing i vår tid» av Oddbjørn Bukve, Arild Aurvåg Farsund og Jørgen Amdam (bd. 1, kap. 6), og «Vestlandssamfunnet i dag» av Erik Fossåskaret (bd. 2, kap. 8), Vestlandets historie, Bergen 2006.

To ferske og interessante rapportar
Gundersen, Frants, og Kjetil Sørlie. (2009). Demografi og næringsutvikling i Sogn og Fjordane. NIBR-rapport nr. 13. Oslo: NIBR. [nettutgåve]
Vareide, Knut. (2009). Næringsanalyse for Sogn og Fjordane. Benchmarking av næringsutvikling og attraktivitet. TF-notat nr. 47. Bø: Telemarksforsking. [nettutgåve]

Dette innlegget vart lagt inn i Historie, Politikk. Bokmerk fastlenkja.

4 Responses to Grisgrendtfylke nummer ein

  1. Reiel Haugland seier:

    Du nemner ingenting om det eg opplever som det mest skremmande i denne rapporten. Antal eldre i dag, og auken i antal eldre fram i tid samstundes som fråflyttinga held fram. Det er difor eg meiner at ting må røskast litt opp i og ein må prøve å tenkje nytt. For dei eventuelle tiltaka ein har drive med har tydleg ikkje fungert.

    Domedagsprofeti? Eit voldsomt ord – men eit fylke som blir marginalisert til ein aldersheim i vakker natur er kanskje akkurat det?

  2. Oddmund seier:

    Eit sentralt poeng hjå meg er kven ein samanliknar seg med. Jamført med Rogaland og Hordaland går det elendig i Sogn og Fjordane. Men om ein samanliknar seg med regionar som har dei same FØRESETNADENE (=kor spreiddbygd det er) som Sogn og Fjordane, står det slett ikkje så dårleg til. Som Knut Variede presiserte i BT for eit par dagar sidan, er ikkje utviklinga i SFj særleg ulik utviklinga i delar av Hordaland utanfor bergensområdet.
    I det lyset kan det godt henda at ein god del av det ein har drive med i SFj faktisk har fungert. Ikkje for å få til same vekst som i Hordaland/Rogaland inkl Bergen/Haugesund/Stavanger/Sandnes, men for å greia seg (minst) like godt som mindre urbaniserte område i andre fylke.
    Kva trengst? Fyrst og fremst at alle gode krefter i alle delar av fylket driv eit best mogleg arbeid for næringsutvikling, tettstadutvikling, bygdeutvikling og ikkje minst tilflytting av unge vaksne og barnefamiliar. Her bør ein fyrst og fremst byggja vidare på alt det gode arbeidet som vert gjort og ikkje lulla seg inn i ei tru at det finst mirakel som brått kan snu alt.
    Og ikkje minst: føra ein kamp mot sentrale styresmakter for ein aktiv distriktspolitikk som kjem heile SFj til gode.

  3. Tilbakeping: Jostedalsrypa · Hjernen er alene

  4. Hege seier:

    Eg las kronikken i BT, men gløymde heilt å senda den meldinga eg hadde tenkt: Bra, Oddmund!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *