Sidemålssaka – bakgrunn og oppsummering

Den siste veka har mange av oss hissa oss temmeleg mykje opp over ymse utspel frå Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet/Kristin Halvorsen om sidemål. Det herskar ikkje så reint lite forvirring om kva som har skjedd og skjer. Her er ein freistnad på ei opprydding.

1. Dette kom ikkje som lyn frå klår himmel – lineskiftet vart erklært våren 2011

Soria Moria-erklæringane og programma til regjeringspartia seier at undervisninga i nynorsk både som hovud- og sidemål skal styrkjast og har ingen signal om det motsette. I mai/juni 2008 kom dei viktige stortingsmeldingane Mål og meining (språkmeldinga) frå Kulturdepartementet og Språk bygger broer frå Kunnskapsdepartementet. Dei var samkøyrde og slo fast at ”sidemålsundervisninga må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast” (språkmeldinga). Men det er lenge sidan no.

Ei markant kursomlegging kom med Kunnskapsdepartementet si stortingsmelding om ungdomssteget (Motivasjon – Mestring – Muligheter) i april 2011. Stortingsmeldinga byggjer på eit oppsiktsvekkjande grunnlag:

I forarbeidet til denne stortingsmeldingen har det kommet mange innspill om opplæringen i sidemål fra elever som deltok i Kristins time. Kritikken kommer i hovedsak fra elever som har nynorsk som sidemål, men den gjelder ikke nynorskopplæringen generelt. Mange setter pris på nynorsk skjønnlitteratur, og de anerkjenner andres rett til å velge et annet hovedmål enn det de har. Det er først og fremst opplæringen i skriftlig nynorsk mange elever synes er utfordrende. (s. 53).

Dette ligg til grunn for følgjande konklusjon:

I mange deler av landet synes det å være utbredte negative holdninger til nynorsk som sidemål, og det kan synes som om opplæringen ikke har lykkes med å redusere de negative holdningene til nynorsk. Mange elever har problemer med å forstå nytteverdien av å mestre nynorsk skriftlig. En del av forklaringen kan være at formålet med opplæringen i sidemål ikke er klart definert, og at det i hovedsak synes å være det språkpolitiske perspektivet som har definert formålet med sidemålopplæringen. (sst)

Det er om lag ordrett det same som Kristin Halvorsen har framført offentleg dei siste dagane.

Skilnaden mellom ”Språkbygger broer”/”Mål og meining” på eine sida og ungdomsskulemeldinga på hi er svært stor. ”Språk bygger broer” gjekk etter måten grundig gjennom utviklingsarbeidet som har vore og vert gjort på undervisning i nynorsk sidemål, inkludert arbeidet til Nynorsksenteret. Meldinga peikar på kva som har vist seg å fungera og gje god skriveopplæring i nynorsk for bokmålselevar. I ungdomsskulemeldinga er dette heilt fråværande. Det einaste som står her er problematisering av den skriftlege sidemålsopplæringa, mykje basert på det nemnde elevpanelet.

Dei som følgde med (det gjorde ikkje eg), reagerte. Noregs Mållag engasjerte seg i saka, og Ottar Grepstad brukte i september 2011 den faste årstalen sin på å kritisera stortingsmeldinga. I ordskiftet som følgde, avviste Kristin Halvorsen at ho ville svekkja sidemålet. I eit svar til Grepstad i Dag og Tid (30.9.2011) skreiv ho: ”Jeg håper også at Grepstad, som jeg, er opptatt av hva vi kan gjøre for å gjøre opplæringen i sidemål bedre og mer motiverende for alle elever.” Men ho kommenterte ikkje kjernespørsmålet i kritikken frå målrørsla: at ein måtte halda på eigen karakter og eigen eksamen i sidemål. Derimot forsvarte ho at ho la vekt på synspunkta frå ”en tilnærmet representativ gruppe av elever fra ungdomstrinnet. Av respekt for elevene jeg har møtt, har jeg valgt ikke å overse en av de tydeligste tilbakemeldingene jeg fikk fra dem.” Som ein ropar i sidemålsskogen, får ein svar.

2. Læreplanarbeidet

Då ungdomsskulemeldinga kom, var arbeidet med å revidera læreplanane for Kunnskapsløftet alt godt i gang. Kunnskapsdepartementet sende 6. desember 2010 Oppdragsbrev nr. 42-10. Utarbeiding av rammeverk for grunnleggende ferdigheter og revidering av læreplaner i norsk, samfunnsfag, naturfag, matematikk og engelsk til Utdanningsdirektoratet. Dette gjeld læreplanane både for grunnskule og vidaregåande skule.

Her står det eit interessant kapittel ”Særlig om norskfaget” der det mellom anna heiter: ”Departementet har mottatt signaler om at læreplanen oppfattes som ambisiøs. Dette gjelder særlig Vg3/påbygging til generell studiekompetanse.” Lenger ned kjem det sentrale avsnittet om sidemål:

Direktoratet bes vurdere læreplanen i norsk inkl, vurdering i faget (standpunktvurdering og eksamen) knyttet til hovedmål og sidemål. Forslag til endringer på dette området må varsles og drøftes med departementet på et så tidlig tidspunkt som mulig.

Udir har altså fått eit klårt formulert oppdrag om å vurdera karakter og eksamen i sidemål.

Ungdomsskulemeldinga, som altså kom eit knapt halvår etter oppdragsbrevet, kommenterer læreplanrevisjonen slik i kapitlet ”Opplæring i sidemål”:

Læreplanen i norsk skal revideres og ny læreplan fastsettes for bruk skoleåret 2013 – 2014. Departementet vil legge vekt på at den nye læreplanen tydelig må beskrive hvilke krav som stilles til hovedmål og sidemål. Vurdering i faget er en del av læreplanen som forskrift, og bestemmelser om elevvurdering må på en god måte reflektere innholdet i kompetansemålene. Læreplanen i fellesfaget norsk er gjennomgående, og det skal være godt samsvar mellom kompetansemål og vurderingsordninger etter avsluttet grunnskole og videregående opplæring. I formålsteksten for norskfaget må formålet med opplæringen i sidemål framgå tydelig. (s. 54)

Så tydeleg kan det altså seiast: Kompetansemåla heng nært saman med vurderingsordningane.

Våren 2010 sette Udir ned ”Forum for norskfaget”, samansett av 19 personar (lærarar og lærarutdannarar). Forumet skal bidra til å vidareutvikla norskfaget og ”peika på utfordringar, gje råd og foreslå tiltak, og det skal identifisera behov for kompetanseutvikling”. Dette står i delrapporten frå forumet som kom i oktober 2011, som er ei drøfting både av vurderingsordningar og læreplaninnhald. Her vert det skissert fleire alternativ til vurderingsordningar (karakterar og eksamen) i hovudmål og sidemål både på ungdomssteget og i vidaregåande, og tilrådinga er tydeleg på at karaktertalet bør reduserast. Forumet vil ha éin karakter i norsk på kvart av årsstega Vg1, Vg2 og Vg3 (felles for hovudmål, sidemål og munnleg). I Vg1 og 2 vil forumet undervegsvurderingar, i Vg3 ein standpunktkarakter som kjem på vitnemålet. Men då skal det òg innførast ein obligatorisk avsluttande eksamen i skriftleg sidemål etter Vg2. Forumet tek òg til orde for å (gjen)innføra ein standpunktkarakter i norsk etter Vg2 som kjem på vitnemålet fordi innhaldet i faget i Vg2 vil skilja seg mykje frå innhaldet i Vg3 (på grunn av avsluttande sidemål).

Forumet er òg svært tydeleg på at bokmålselevar får for dårleg opplæring i nynorsk sidemål på grunn av at lærarane ikkje har nødvendig kompetanse og fordi det er mange dårlege haldningar til nynorsk ute og går. Og viktigast: Forumet er gjentekne gonger inne på at ”dersom sidemålet blir borte frå den formelle dokumentasjonen på gjennomgått opplæring, vil det lett kunna forsvinna frå opplæringa”. Sluttrapporten frå Forum for norskfaget skal etter planen koma i februar 2012, og forumet har nok fått eitt og anna å tenkja på etter den siste veka.

3. Hendingane den siste veka

Og då er me framme ved det illgjetne brevet frå Udir til Kunnskapsdepartementet 19. januar som var opphavet til vekas rabalder. Brevet er omfattande (16 sider), og tittelen etterlet ingen tvil om kva poenget er: Styrking av skriftleg hovudmål, avgrensing av skriftleg sidemål og endring av vurderingsordningane i norskfaget i samband med revisjonen av læreplanen i norsk.  Og berre for å minna om det: I oppdragsbrevet frå KD til Udir 6.12.2010 vart altså Udir beden om å varsla endringar som galdt vurderingsodningane i norsk så tidleg som råd. Det er dette dei gjer med brevet.

Udir tek utgangspunkt i føringane i stortingsdokumenta, særleg ungdomsskulemeldinga, og i delrapporten frå Forum for norskfaget. Udir-brevet er godt og grundig analysert av Endre Brunstad, Så eg oppsummerer det her i nokre få punkt. For det fyrste er brevet, i etterpåklokskapens ljos, ein logisk konsekvens av føringane som er lagde i oppdragsbrevet og ungdomsskulemeldinga. For det andre har deltilrådinga frå Forum for norskfaget vore ein viktig premissleverandør når det gjeld kutt i standpunktkarakterar og eksamen i sidemål, men MINUS dei atterhalda som forumet dreg opp, altså at ein må ha avsluttande obligatorisk eksamen i sidemål etter Vg2 for å unngå at sidemålsundervisninga vert prioritert kraftig ned. Og for det tredje fokuserer brevet mykje på problema med sidemålsundervisninga og knapt noko på det utviklingsarbeidet som er gjort – Nynorsksenteret er til dømes ikkje nemnt anna enn i ein uviktig fotnote.

I kva grad tilrådingane i brevet var avklart politisk med den politiske leiinga i KD på førehand, er ikkje offentleg kjend. Brevet er dagsett torsdag 19. januar, og den politiske leiinga i KD har truleg byrja forsøka på å få avklart dette politisk i regjeringsapparatet og regjeringspartia same dagen, om ikkje før. Av det som er kome fram offentleg denne veka, er det tydeleg at Halvorsen fekk Ap med på laget (ingen protestar frå det haldet), delar av SV fekk ho IKKJE med seg (protestane har hagla), og heller ikkje Sp der Liv Signe Navarsete som einaste statsråd har teke offentleg avstand frå framlegga og gjort det klart at dette ikkje har vore oppe i regjeringa.

Men kva var det eigenleg som hende? Saka eksploderte tysdag, på Nyhendemorgon på NRK P2 og i Dagsavisen, som ser ut til å ha fått saka eksklusivt og har eit stort intervju med Halvorsen. Saka vart seld inn av informasjonsavdelinga i Kunnskapsdepartementet. Eit notat tok til å sirkulera måndag, men det ser faktisk ikkje ut til å vera lagd ut på nettet, så eg legg det ut her (sjå Norskfaget – budskap). Notatet vart send til media (truleg berre utvalde), og word-dokumentet er oppretta av Egil Knudsen (informasjonssjefen i KD) og vart ifølgje dokumenteigenskapane oppretta måndag 23/1 i 10-tida.

Her kjem den politiske avklaringa på noko av det Udir ville ha svar på. I notatet heiter det:

U-dir har i brev til departementet bedt om å kunne arbeide videre med følgende:

  1. Skriftlig sidemål beholdes på ungdomstrinnet og studieforbr vgo, men med tydelig prioritering av hovedmålet også i formålsteksten.
  2. Ulike kompetansemål for skriftlig hovedmål og sidemål som synliggjør at det stilles ulike krav til måloppnåelse for de to målformene.
  3. Opplæringen i lesing generelt, og særlig av nynorske tekster styrkes gjennom hele opplæringsløpet og særlig på barnetrinnet
  4. Antall standpunktkarakterer på ungdomstrinnet reduseres fra tre til to: en karakter i muntlig og en i skriftlig.
  5. Eksamen: elevene kan trekkes ut til en sentralgitt skriftlig eksamen i sitt hovedmål etter 10.
  6. Antall standpunktkarakterer i vgo – studieforberedende reduseres fra tre til to: en karakter i muntlig og en i skriftlig.
  7. Eksamen: obligatorisk eksamen på studieforberedende i hovedmål Vg3 som i dag, trekkfageksamen i skriftlig sidemål som i dag, men med en annen innretning enn eksamen i hovedmål.

KD vil gi u-dir i oppgave å arbeide videre med et forslag til hvordan pkt 1 – 3 kan gjennomføres. Det tas ikke endelig stilling til disse spørsmålene før etter høringsrunden om ca et år.  Da kan departementet følge U-dirs forslag, legge fram et eget forslag eller beholde dagens kompetansemål.

Halvorsen hadde fleire alternativ her. Ho kunne sagt til Udir at:

a) det er uaktuelt å svekka vurderinga (separat karakter, eksamen) i sidemål, så dei planane kan dei berre leggja bort.
b) det er ikkje aktuelt å ta stilling til noko av dette no, Udir får koma attende neste år med ei tilråding om alt
c) alt er greitt, altså at KD gjev ei politisk klarering på samanslåing av karakterar og avskaffing av eigen sidemålseksamen
d) ei mellomløysing med klarering av reduserte kompetansemål (1-3) og utsetjing av vurderingsordningane

Halvorsen valde løysing (d), og ho nytta ikkje det opplagde høvet ho hadde, korkje til å seia at det er uaktuelt å redusera vurderinga i sidemål eller å seia tydeleg kvar grensa går for henne i reduksjon av vurderingsordningane. Ho kunne ha sagt at ho slutta seg til løysinga til Forum for norskfaget, men gjorde ikkje det heller.

Det kan leggjast til at den offisielle pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet om saka tysdag 24. januar ikkje seier noko om dei politiske avklaringane Halvorsen har gjort. «- Forslagene må vurderes nøye, og jeg vil være opptatt av god dialog med aktører og interesseorganisasjoner underveis i prosessen, sier kunnskapsministeren.» Den som les pressemeldinga kan såleis bli villeia til å tru at Halvorsen ikkje har teke stilling til noko av det som Udir har kome med.

Det gjenstår å sjå kva KD svarar til Udir – det formelle svarbrevet er etter det eg veit framleis ikkje sendt. Det me har å halda oss til er såleis pressenotatet, som òg samsvarar svært godt med det Halvorsen fortalde ålmenta tysdag-onsdag.

Det har vorte hevda at det er Udir som har kome med eit framlegg, og at KD/Halvorsen ikkje har teke stilling til det. Det er formelt rett – det skjer neste haust etter at saka har vore på høyring, men alle med eit minimum av kjennskap til politiske prosessar veit at ei politisk avklaring som Halvorsen gjorde i media denne veka, langt på veg er den røynlege avgjerda. Det gjeld altså berre kompetansemåla (oppgradering av hovudmål, nedgradering av sidemål), ikkje vurderingsordningane, som ho altså har nekta å svara på kva ho vil gjera med. Men alle dokumenta føreåt som legg føringane her, peikar mot ein reduksjon i karakterar og eksamen i høve til dagens ordning. For å minna om kva KD si ungdomsskulemelding seier om læreplanarbeidet (sjå ovanfor): «…det skal være godt samsvar mellom kompetansemål og vurderingsordninger etter avsluttet grunnskole og videregående opplæring.» Om den politiske leiinga i KD i røynda også har teke ei avgjerd på pkt 4-7 og vil signalisera noko ’underhånden’ til Udir om dette, har eg ikkje grunnlag for å spekulera i. Men ein slik arbeidsmåte er heilt vanleg. Heilt vanleg er det òg at det er løpande kontakt mellom departement og underliggjande organ om slike prosessar, så KD hadde nok god kunnskap om kva som kom til å stå i brevet frå Udir.

Det er òg hevda at dette er eit høyringsframlegg. Det er det ikkje. Udir har spurt KD om ei avklaring på nokre punkt som KD har bede om å få avklara – det er saka. Dette skal ikkje på høyring før heile læreplanpakka er klar neste haust. Og ein skal vera noko naiv for å tru at ikkje dei fleste avgjerdene i røynda er tekne i god tid før saka kjem på høyring.

Ein ting er heilt nytt i pressenotatet i høve til brevet frå Udir 19. januar og dokumenta føreåt: Det er tiltakspakka for å hjelpa dei med nynorsk som hovudmål til å halda på målet sitt. Rett nok er det meste av dette rein repetisjon av det som stod i stortingsmeldingane ”Mål og meining” og ”Språk bygger broer” (2008), men det er ’artig å hør det læll’, som var tittelen på ein gamal trønderskrøneklassikar. Nytt var iallfall ideen om eit ekstra poeng for dei som har nynorsk hovudmål. Her har nok Halvorsen hatt hjelp av kreative sjeler i målrørsla (nokon som rekk opp handa?).

Ekstrapoenget får kloke hovud vurdera om er klokt, men alt i alt må ein berre ta alt slikt vel imot og arbeida hardt for at tiltaka for nynorskeelevane denne gongen vert sette ut i livet. Men nokon samanheng med nynorsk som sidemål har det ikkje. Og likskapen i strategi er slåande til Kristin Clemet sitt opplegg då ho var utdanningsminister og selde inn ei svekking av sidemålsordninga med ein innsats for nynorsk hovudmål i 2005. Det resulterte i minsto i Nynorsksenteret, som Udir og KD no ikkje finn grunn til å nemna i dokumenta dei sender frå seg.

For dei spesielt byråkratisk interesserte kan det leggjast til at brevet frå Udir kjem frå Avdeling for vurdering (I) i Divisjon for analyse og vurdering. Det kjem ikkje frå Læreplanavdelinga som ligg under Divisjon for innhald og utvikling. Så kan ein gissa: Vert dei viktigaste føringane som gjeld sidemålsordninga lagde i Avdeling for vurdering eller i Læreplanavdelinga? Dei vert iallfall neppe lagde av læreplangruppa i norsk.

4. Konklusjon

Somme meiner hjarta til Kristin Halvorsen bankar for nynorsk, andre meiner ho er del av ein konspirasjon som vil ta knekken på nynorsk så raskt som råd. Ikkje veit eg, og i alle høve er det uinteressant.

I denne saka er to andre ting langt viktigare. For det fyrste: korleis det er laga ein læreplanprosess av det utdanningsbyråkratiske maskineriet, politisk avklart og støtta av departementet, der sidemålsordniga er eit hår i suppa. Det er i og for seg gamalt nytt. Vona for målrørsla har sidan 1885 lege i politisk overstyring av (utdannings)byråkratiet.

For det andre: Eg held ein knapp på konsekvensetikken framfor sinnelagsetikken. Vegen til valfritt sidemål er brulagd med gode nynorskforsett.

This entry was posted in Målsak. Bookmark the permalink.

One Response to Sidemålssaka – bakgrunn og oppsummering

  1. Oddvar Skre says:

    Det målrørsla kan og bør gjera no, er:
    (1) Gjera KD merksam på resultatet av Nynorsksenteret sine forsøk med alternativ sidemålsundervisning, som eintydig har ført til både betre kunnskap om nynorsk og meir positive haldningar. Når motivasjonen hos elevane er dårleg, så er ikkje svaret å avskaffa faget, men å gjera undervisninga betre.

    (2) Få fram at ingen blir betre i norsk av å læra mindre norsk. Det å kunna skriva nynorsk aukar kunnskapen i hovudmålet hos bokmålsbrukarar, og i språk generelt.
    Det er dette me må få fram som motivasjon, ikkje at dei skal stå sterkare i tevlinga
    om offentlege stillingar i stat og kommune.

    (3) Få dette «Forum for norskfaget» på banen med sine framlegg til styrking av norskfaget. Kanskje KD burde tilby alle norsklærarar etterutdanningskurs i nynorsk,
    i staden for ekstrapoeng til elevar som har nynorsk hovudmål. Når lærarane har dårlege haldningar til nynorsk, så er det ikkje rart at elevane har dårlege haldningar.
    Framlegget til å ha ein obligatorisk avsluttande eksamen i skriftleg sidemål etter Vg2, har absolutt noko for seg og må opp av skuffene igjen. Forumet skal jo uttala seg alt i februar, då bør dei seia kraftig ifrå.

    (4) Det er uhøyrt at ein kunnskapsminister frå SV som er valt inn på eit program
    om å gjera alle nordmenn tospråklege, skal høyra meir på Unge Høgre og AUF sin vulgærpropaganda om kor vanskeleg det er å læra nynorsk, enn på sine eigne fagfolk,
    som blant anna har utarbeidd den omfattande meldinga om språkpolitikken, «Mål og
    meining» (2008). Dette smakar av opportunisme, og eg må gje VG rett i at «Kunnskapsministerens ansvar er større enn hensynet til SV’s katastrofemålinger»

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *