Offentlege krisetiltak i Jostedalen 1742-43 (Heimen 2013)

Hoel, Oddmund L. (2013). Offentlege krisetiltak i Jostedalen 1742–43. Heimen (nr. 1), 65–83.

Fulltekst (idunn.no, krev abonnement)

Samandrag

Breane nådde i 1740-åra maksimum under klimaforverringa gjennom den vesle istida. I brebygda Jostedalen i Indre Sogn vart ein gard heilt øydelagd av breen medan fleire andre fekk delar av beite- og slåtteområda øydelagde. Dette fall saman med avlingssvikten og matforsyningskrisaa som råka heile Noreg og kulminerte i 1742. Under ei synsforretning på fem skadde gardar i august 1742 fekk futen i Ytre og Indre Sogn ved sjølvsyn eit inntrykk av tilstanden i bygda. Framståande allmugerepresentantar sette seg samstundes i sving for å leia embetsverket si merksemd mot den stusslege tilstanden i bygda. Dette resulterte våren 1743 i ein naudhjelpsaksjon sett i verk av stiftsamtmannen i Bergen der 200 tønner korn og ein del kontantar vart sende til utdeling mellom allmugen, presten og klokkaren i Jostedalen. Denne aksjonen sette Jostedalen i ei særstilling i Bergen stift når det galdt krisetiltak. Det finst ein fyldig dokumentasjon av hendingane, og artikkelen analyserer bakgrunnen for og gjennomføringa av krisetiltaka i Jostedalen. Attåt ein dokumentasjon av hendingsgangen vert særleg røyndomsoppfatninga til embetsmennene og samspelet mellom embetsmenn og allmuge analysert. Det vert òg vurdert om nauda var så stor som embetsmannsrapportane gav uttrykk for, eller om det vart skapt eit bilete av at nauda var større enn ho kanskje var jamført med andre naudlidande vestlandsbygder.

Kjeldeavskrifter

Eg har tidlegare publisert avskrifter av det meste av kjeldetilfanget:

  1. Dokument om avtaksforretningane i Jostedalen 1742 (Jostedal historielag)
  2. Dokument om skattefritak for ni gardbrukarar 1742–43 (Jostedal historielag)
  3. Dokument om naudhjelp til Jostedalen 1743 (Jostedal historielag)
  4. Ca 50 dokument om krisa i Jostedalen 1742–43 (pdf) – har med ein del av dokumenta i 1–3 attåt ei rekkje tidlegare ukjende.

Mykje av stoffet vart presentert i eit føredrag i 2012.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *