Målstriden framover: meir global og meir nasjonal (NT 5/2001)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 5, 2001.]

– Noreg vert utsett for ei rask og omfemnande språkleg og kulturell kolonisering, og eit sterkt norsk kompradorborgarskap verkar med. Øyvind Østerud henta fram den antiimperialistiske ordbruken då han karakteriserte amerikaniseringa av Noreg på Haustseminaret til Noregs Mållag. Arne Vinje gjorde det same på landsmøtet i Noregs Mållag i sumar.

Den språklege engelsksjuka grip om seg gjennom ord, uttrykk og omgrep, og gjennom at engelsk tek meir og meir over i sentrale delar av næringslivet, forsking, underhaldningsindustri, IT og reklame. Etter den språklege underordninga følgjer den kulturelle og mentale. Gjennom amerikansk underhaldningsindustri har nordmenn flest eit nærare forhold til det dei trur er dagleglivet i New York enn til ein vanleg norsk distriktskommune (bortsett frå Berlevåg).

Internasjonalt er motstandskampen i gang. Frankrike har lenge hatt ei språklovgjeving som hadde fått Noregs Mållag til å framstå som rabiate tullingar om me gjorde framlegg om noko liknande her i landet. Sverige og Danmark drøftar tiltak for å verna om sine språk. UNESCO driv eit aktivt arbeid for å styrkja det språklege og kulturelle mangfaldet og er uroa over at liberaliseringa av verdshandelen gjer det vanskelegare for statane å verna om nasjonal kulturproduksjon.

Her i landet er siste tilskot på feltet at Utdanningsdepartmentet har gjort framlegg om å stryka paragrafen i universitets- og høgskulelova som seier at ”Undervisningsspråket er til vanlig norsk.” Norsk språkpolitikk er meir ynkeleg enn dei fleste førestiller seg, for me har vant oss til å høyra at det språkleg medvitet i Noreg er høgt fordi det lenge har vore målstrid her. Det er vrøvl.

Den største feilslutninga kjem likevel frå dei som trur at Noreg vil stå sterkare mot engelskimperialismen dersom nynorskfolk sluttar å stri mot bokmål og heller ”blir med” i kampen for bokmålet. I røynda har det vore motsett. Ein har alltid funne nynorskfolk i fremste line i kampen mot engelsk, anten det har vore i Norsk språkråd, i universitetsverda, i arbeidet med å finna norske avløysarord og terminologi eller i samfunnet elles. Målfolket har gjort ein heil del gratisarbeid for bokmålet samstundes som takken har vore at nokre bokmålsfolk har gjort kva dei har kunna for å ta rotta på nynorsken.

Gladmeldinga oppi dette er som fleire har vore inne på i det siste, at det er bokmålet og ikkje nynorsken som fyrst tapar terreng til engelsk. I næringslivet tapar bokmålet på to frontar: til nynorsk på Vestlandet og til engelsk i miljøa kring Oslo Børs. Gledeleg for oss er det òg at bokmålet i stadig større grad vil koma i den same pressa mindretalsposisjonen som nynorsken alltid har vore. I den situasjonen vil nok mange bokmålsfolk få augo opp for den striden nynorskbrukarar i over 100 år har ført for sitt språk, og dei har òg mykje å læra av oss.

Bokmålsfolk står handlingslamma fordi dei vantar røynsle med språkkamp, og fordi dei ber på ein språktradisjon som alltid har stått i den nasjonale skammekroken. For der bokmålet peikar attover i blinda mot eit par unionar ingen i dag vil vedkjenna seg, står nynorsk skriftkultur som eit nasjonalt forsvarsverk med lange kulturelle og demokratiske tradisjonar som fleire og fleire nordmenn vil sjå at me treng i møtet med den nye koloniseringa. Her vil nok òg ein del målfolk få augo opp for at den nasjonale lina i norsk målreising likevel ikkje var gått ut på dato.

Frå målrørsla krev dette at den grunnleggjande internasjonale orienteringa me har hatt heilt sidan Aasen og Vinje vert styrkt. Alliansar med andre utsette språk er like naudsynt som å få Noreg til å styrkja arbeidet sitt i internasjonale organisasjonar som vil ta vare på språkmangfaldet. Det siste Noreg har gjort på dét feltet var å slutta seg til den liberalistiske fløya på WTO-toppmøtet i Qatar i november fordi ”omfattende kartleggingsarbeid har vist at norske interesser [les: næringslivsinteresser] totalt sett er best tjent med at det gjennomføres en ny runde der mange tema inngår” (nettsidene til Utanriksdepartementet). GATS-avtala (generalavtala om frihandel med tenester) kan koma til å bli eit alvorleg trugsmål både mot nasjonale utdanningssystem og nasjonale støtteordningar til språk og kultur fordi USA og amerikansk kulturindustri ynskjer meir liberalisering for å auka sin eigen profitt og styrkja den kulturelle og symbolske makta si.

Det er inga enkel oppgåve å få norske styresmakter til å skjøna at det trengst ein språkpolitikk att. Men eit greitt utgangspunkt for målrørsla er å fylgja Berge Furre og Arne Vinje når dei gjer slagorda til Via Campesina og Attac til sine: Globaliser kampen – globaliser vona!

Oddmund Løkensgard Hoel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *