Målarbeidsregjeringa? (NT 4/2001)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 4, 2001.]

Stortingsvalet er over, og Samarbeidsregjeringa er på plass. Endå ein gong har me fått stadfesta at det ikkje er målspørsmålet, eller kultur i det heile, som skapar store overskrifter, er tema på fjernsynsdebattar eller deler veljarane i politiske leirar. Heiderleg innsats frå målrørsla gjorde målsak til tema i ein del samanhengar, og særleg viktig var mobiliseringa i Ålesund 29. august då Norsk Målungdom samla 800 elevar til demonstrasjon for nynorske dataprogram framfor NRKs ”folkemøte” om utdanningspolitikk. Aksjonen gav utdanningsminister Trond Giske eit eineståande høve til å lova å stilla krav til nynorskversjonar av dei vanlegaste dataprogramma, rett nok utan at det heldt til å berga valet for Ap.

Sidemålsmotstandarane høyrde me derimot mindre til enn på lenge. Rapportar frå skulevalkampen tyder på at nei til sidemål ikkje var ei like god sak som tidlegare, og Oslo Høyre let for fyrste gong på mange valkampar vera å koma med det rituelle sidemålsutspelet sitt. Sidemålsmotstand ser ut til å ha vorte ei dårleg valkampsak, og det var i det heile ikkje mykje drahjelp å få frå sidemålsmotstandarane i å gjera språk til valkamptema. Det skal me vera glade for!

Mange har oppsummert stortingsvalet som eit politisk jordskjelv, men for nynorsken er det ingen grunn til å venta seg store endringar. Det er framleis eit massivt fleirtal for obligatorisk opplæring i båe språk på tinget, og partia som har gått lengst i nynorskvenleg retning (sentrum/SV) gjekk samla fram. Profilerte nynorskfolk og mållagsmedlemer som Rita Tveiten, Lars Gunnar Lie, Astrid Marie Nistad, John Dale og Anne Enger Lahnstein gjekk ut, men dei fleste har gått på ein ny periode, og nye har kome til, som tidlegare utdanningsminister Reidar Sandal, Magne Aarøen og Heidi Grande Røys. Ny leiar i Løvebakken Mållag etter Rita Tveiten vert gledeleg nok Sigvald Oppebøen Hansen (Ap, Telemark) som var hovudpersonen bak stortingsvedtaket om ålmenn røysterett i skulemålsrøystingar våren 2000.

Regjeringa Stoltenberg gjekk på med høg café latte-faktor og ein einsleg nynorskbrukar (Akselsen) i mars 2000, og ho vart møtt med ikkje så reint lite skepsis i målrørsla. I dag kan me slå fast at det vart ei god regjering for nynorsken. Ellen Horn viste seg som ein velviljug statsråd, kanskje ikkje med nokon stor målpolitisk sprut, men ho vil bli hugsa for at ho fekk på plass ei storsatsing på ”Norsk Ordbok 2014” i det siste statsbudsjettet ho la fram. Mest skryt går likevel til Trond Giske og medarbeidarane hans. Det siste året har dei fått nynorsken med i satsinga på digitale læremiddel og programvare, både i dei digitale læremidla som er utvikla, i planverket i departementet, vanlege dataprogram og sist ved å støtta økonomisk dei viktige prosjekta Skulelinux og ”Nynorsk inn i IKT-opplæringa” (Høle skule m.fl.). Giske sa òg eit kontant nei til bakhaldsåtaka på sidemålsopplæringa frå Oslo og Vestfold.

Det me framleis ventar på, er den kultur- eller utdanningsministeren som har nynorsken som personleg hjartesak og vil gjera ein kraftinnsats for å få målpolitikken fram frå det rikspolitiske bakrommet. Det er talande for den målpolitiske situasjonen meir enn den sitjande statsråden at mediemeldinga til regjeringa som kom i september, ikkje inneheld eit ord om at det finst to språk her i landet. Sannsynlegvis er det sameleis vantande målpolitisk fokus, ikkje målpolitisk illvilje, som gjer at Dag og Tid vart kutta med 150 000 kr i framlegget til statsbudsjett, samstundes som pressestøtta totalt sett vart auka.

Valgerd Svarstad Haugland er den kulturministeren som kan gje målpolitikken den naudsynte oppgraderinga. Ho er målkvinne, ho er ein politisk tungvektar og ho overtek Kulturdepartementet på ei tid der fleire og fleire, både i Noreg og andre land, ser at det må førast ein langt meir offensiv språk- og kulturpolitikk for å stå imot den etniske reinsinga som fylgjer med den økonomiske globaliseringa. Me ventar oss mykje, Valgerd!

Kristin Clemet skal me òg ta godt imot. Ho har ingen utprega nynorskbakgrunn, men dersom ho kan få gjort noko for å heva kvaliteten i lærarutdanninga og styrkja lese- og skriveopplæringa, slik regjeringsplattforma legg stor vekt på, er det grunnlag for eit godt samarbeid med målrørsla.

Midt oppi stortings- og regjeringskabalar vert me stadig minna om at det viktigaste målarbeidet skjer på bakken: elevaksjonen i Ålesund fekk arbeidet for nynorske dataprogram eit hakk vidare, og verving til Blåmann Barnebokklubb, kulturbarnehagekurs, dataprosjekta til Høle skule og Skulelinux og alle andre små og store måltiltak rundt omkring er på sikt viktigare for nynorsken enn kven som sit i regjering. Den største utfordringa vår etter valkampen er ikkje samansetjinga av det nye Stortinget og regjeringsskiftet, men at berre om lag 20 lokallag dreiv aktivt pressearbeid i valkampen. Det er berre gjennom å halda vedlike og byggja ut det store grunnfjellet vårt og gjera det meir synleg at me òg kan få politikarane til å strekkja seg eit hovud lenger.

Oddmund Løkensgard Hoel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *