Røyst nynorsk! (NT 3/2001)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 3, 2001.]

”Tenk nynorsk på valdagen òg!” Denne oppmodinga går frå landsmøtet i Noregs Mållag til veljarane framfor stortingsvalet 10. september. Fylkeslag, lokallag, medlemer og målfolk elles vert samstundes oppmoda om å kasta seg inn i valkampen for at det viktigaste av alle kulturspørsmål, målspørsmålet, òg vert noko som politikarar og veljarar tek stilling til fram mot valdagen.

Det trengst! For valkampen så langt har vist det same som tidlegare: Språk er ei ikkje-sak, og det er eit stort paradoks når me veit kor stort eldhugen kan vera i konkrete og lokale målsaker. Frå vår synsstad ser det ut som om den språklege likesæla er jamt fordelt mellom partia. Når lokale partirepresentantar brått må ta stilling til ei språkpolitisk sak, anten det er strid om parallellklassar, skulemålsrøystingar, administrasjonsmålet i kommunen eller dataprogram i skulen, er det bortimot bingolotto kven som meiner kva.

På riksplan er heller ikkje det språklege og språkpolitiske medvitet imponerande, men biletet er likevel noko skarpare. Alle parti har meir eller mindre klåre språkpolitiske vedtak, og dei har sentrale representantar som har interesse for og innsikt i slike saker. Til ein viss grad vert såleis valet eit spørsmål om personar: Uavhengig av parti ynskjer me å få inn flest mogleg nynorskbrukarar og nynorsksympatisørar på Stortinget som vil tala målsaka internt i partia – i stortingsgruppene og i partiorgana. Det er dei som gjer jobben for nynorsken.

Samstundes er det ikkje til å koma forbi at det òg er eit val mellom ulike parti. Ingen stortingsrepresentantar har brote med partia sine dei målpolitiske sakene som har vore oppe i Stortinget i den siste perioden, og gjennomgangen vår av programma for den neste perioden og praksisen i dei fire åra som har gått, vitnar om eit skarpare skilje mellom partia enn tidlegare.

Sterkast kløyving i det partipolitiske landskapet dei siste fire åra har sidemålssaka skapt. På den rikspolitiske arenaen er det dei tre sentrumspartia som jamt over har peika seg ut som dei mest sidemåls- og nynorskvenlege. Det same har Sosialistisk Venstreparti, og RV som ikkje er representert på Stortinget. Ein gjennomgåande tendens i Stortinget har vore at sentrum eller SV har teke initiativ som Arbeidarpartiet oftast har vorte med på og sikra fleirtalet for.

Som eg tidlegare har vore inne på i denne spalta, har arbeidarpartiet vist betre takter i det siste. For 3-4 år sidan stod me overfor heilt reelle trugsmål, m.a. frå Ap i regjering, om at skulemålsrøystingane ville bli heilt borte, at parallellklasseretten ville bli svekka og at retten til parallellutgåver av læremiddel ville bli avgrensa til å gjelda tradisjonelle lærebøker. I dag står alt dette tryggare enn på lenge, og temaet vårt er no ei utviding av læremiddelrettane til å gjelda vanlege dataprogram, ei utviding av mållova og ein auka innsats for nynorske dataprogram. Landsmøtet i Ap vedtok dessutan ein sterkare målpost enn på mange år der partiet klårt og tydeleg seier ja til sidemål.

Eg skulle ynskt at me kunne seia det same om Høgre, men der stadfeste diverre landsmøtet i mai at partiet vil avskaffa den obligatoriske skriftlege sidemålsopplæringa, og nynorskopposisjonen med utspring i Sogn og Fjordane nådde ikkje fram. Også i fleire andre saker har Høgre saman Framstegspartiet teke mindre nynorskvenlege standpunkt enn dei andre partia. Høgre var det einaste partiet på Stortinget som i 1998 ville snevra inn parallellutåveordninga til tradisjonelle lærebøker, og saman med Frp gjekk partiet imot løyvingar til nynorsk barnebokklubb i statsbudsjettet sist haust.

Det er ikkje triveleg å måtta dra fram dette. Det finst ei rad gode målfolk i Høgre, òg mellom stortingskandidatane, som gjer ein god jobb for nynorsken og som kjem i ei vanskeleg klemme. Men Noregs Mållag hadde svikta rolla si som interesseorganisasjon for nynorskbrukarane om me ikkje hadde peika på dette framfor eit stortingsval.

For det er uheldig at det språkpolitiske skiljet i aukande grad går mellom sentrum-/venstre-partia på den eine sida og høgrepartia på hi. Nynorsken og målreisinga er og skal vera for alle, slik me i aukande grad ser i nynorskområda der solide høgrefolk syter for at bedriftene sine brukar meir og meir nynorsk.

Høgre har så langt ikkje nytta høvet til å fortelja kva partiet vil gjera for nynorsken dei neste fire åra ut over å gjera han valfri for bokmålselevar i den vidaregåande skulen. Partiet har nokre dagar og veker att på å overtyda oss og bør bruka tida godt.

Den same utfordringa går til dei andre partia. Landsmøtet i juli har sagt kva som er dei fem viktigaste sakene for nynorsken å få gjennomført i neste stortingsperiode:

1. Ta eit krafttak for nynorsk som IT-språk og nynorske læremiddel!
2. Styrk norskopplæringa (medrekna sidemålsopplæringa)!
3. Styrk måljamstellinga i staten!
4. Prioriter Norsk Ordbok og eit nynorsk leksikon!
5. Lag ei språkleg maktutgreiing! 

Eg vonar alle fylkeslag, lokallag, medlemer og alle andre vert med på å setja eit nynorsk preg på det som er att av valkampen. Ynsket vårt er at flest mogleg tek med seg omsynet til nynorsken inn i valkampen og gjev røysta si til det partiet og dei kandidatane som dei meiner kan gjera mest for språket vårt dei neste fire åra. Røyst nynorsk!

Oddmund Løkensgard Hoel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *