Høgre – eit riksmålsparti? (NT 1/2001)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 1, 2001.]

Etter sidemålsstriden i fjor haust er det meir interessant enn på lenge for målfolk kva program partia går til val på i september. – Ein halv million nynorskveljarar har krav på ei språkpolitisk avklaring frå alle parti fram til stortingsvalet, skreiv eg i denne spalta i fjor haust med særleg adresse til Arbeidarpartiet og SV etter at partia gjekk saman med Høgre mot obligatorisk sidemålsopplæring i Oslo.

Arbeidarpartiet gjorde unna landsmøtet sitt i november, og den språkpolitiske avklaringa kom etter godt arbeid frå nynorskfolk i partiet. Landsmøtet tok inn ein målpost i programmet for neste stortingsperiode som var sterkare enn på lenge, og som slår klart fast at partiet vil forsvara den obligatoriske opplæringa i båe språk.

Størst spaning knyter det seg no til Høgre, som den siste stortingsperioden ikkje berre har hatt eit program som seier nei til sidemål, men òg har gjort sidemålsmotstanden til ei viktig skulepolitisk kampsak. Saman med Framstegspartiet gjorde Høgre i oktober 1999 framlegg i Stortinget om å fjerna den obligatoriske skriftlege sidemålsundervisninga i den vidaregåande skulen, og etter at dette framlegget fall mot røystene til sentrum, Ap og SV, freista Høgre-byrådet i Oslo i august 2000 å få gjennomført programposten lokalt i Oslo. Det sentrale argumentet frå dei som ikkje står fram som opne nynorskfiendar, har vore at sidemålet stel mykje tid frå hovudmålsundervisninga, altså ein blåkopi av den argumentasjonen Høgre nytta mot sidemålsordninga i 1907. Og attpåtil skuldar dei målrørsla for ikkje å tenkja nytt i sidemålsspørsmålet.

Unge Høgre har i lang tid freista å skaffa seg røyster og medlemer mellom bokmålsungdom gjennom sidemålsmotstand og nynorskhets, sist med kampanjen ”La dem raute nynorsk bare vi slipper”. Det er heller ikkje nytt at lokale Høgre-folk går ut mot sidemålsundervisninga. Det nye i 90-åra var at sidemålsmotstandarane fekk eit knapt landsmøtefleirtal i mai 1997 med på å programfesta eit nei til skriftleg sidemålsundervisning og dermed gjera dette til offisiell Høgre-politikk. Programkomiteen med leiar Jan Petersen og nestleiar Oddvar Nilsen i spissen går no inn for å føra denne lina vidare. I programframlegget som kom fyrste veka i februar, står det at ”Høyre vil gjøre den skriftlige sidemålsundervisningen valgfri” (i den vidaregåande skulen).

Det språkpolitiske hamskiftet i Høgre er likevel langt frå fullført. Etter fire års programfesta sidemålsmotstand er det ei gryande sannkjenning i nynorskområda av at sidemålsaktivismen til Høgre er eit problem, noko som nyleg kom tydeleg til uttrykk i ein større krangel på årsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre. Fleire kulturmedvitne bokmålsfolk i partiet har òg gjeve uttrykk for at dei likar det nye (eller rettare: utgamle) sidemålsstandpunktet dårleg, mellom anna ordføraren i Oslo som offentleg kritiserte sitt eige byråd i sidemålssaka i haust.

Når Høgre samlar seg til landsmøte 4.-6. mai må partiet ta det endelege valet mellom å vera eit kulturmedvite tospråksparti, slik me har lært å kjenna det i etterkrigstida, eller eit populistisk riksmålsparti, slik Unge Høgre og Inge Lønning vil. Dette er ikkje eit lineval partiet tek gjennom allmenne formuleringar om å ta vare på båe språk, men ut frå eit ja eller nei til om det skal vera obligatorisk skriftleg opplæring i båe språk både i grunnskulen og den vidaregåande skulen.

Dette er eit val målfolk, mållag, fylkesmållag og andre nynorskvener må hjelpa Høgre med å ta i vekene som kjem. Og av alle argument mot sidemål er det eitt me skal vera særleg på vakt mot: Det er den førestellinga at ein bør slutta med den obligatoriske sidemålsopplæringa av omsyn til nynorsken fordi ho i dag gjer lite motiverte bokmålselevar meir negative til målet. Det er ein merkeleg påstand på mange måtar. Aldri har det vore meir sidemålsundervisning enn i dag, og aldri har haldningane til nynorsk vore mindre negative. Dette er berre ei stadfesting av ei av hovudtesane til Europarådet og EU i ”Det europeiske språkåret” som me er inne i: Språkopplæring og utvikling av positive språkhaldningar går hand i hand.

Fram mot valkampen vil Noregs Mållag gå partia nøye etter i saumane og gje veljarane klare vurderingar av språkpolitikken til partia. Eg har sagt at ein konklusjon kan bli å be veljarane halda seg borte frå parti som seier nei til sidemål. I det lengste vel eg å tru at dette ikkje gjeld Høgre. Det er eit sterkt kulturkonservativt element i målreisinga og nynorsktradisjonen som tidlegare har hatt god atterklang i Høgre, og målrørsla treng Høgre bak det breie kompromisset som har lege bak norsk språkpolitikk dei siste tiåra. Men etter den siste stortingsperioden er det fyrst og fremst opp til Høgre å visa at det er eit parti som nynorskvener kan finna seg til rette i og røysta på.

Oddmund Løkensgard Hoel

leiar i Noregs Mållag

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *