Regjeringsskifte og kulturstrid (NT 2/2000)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 2, 2000.]

Kommentarane kring regjeringsskiftet i midten av mars gav oss eit slåande innblikk dei kulturelle frontlinene i Noreg. Dagbladet :på nettet gjekk til trendsynsarane for å få det dei ville ha: ”- Bondevik-regjeringen traff du på Bondeheimen. Denne Regjeringen kan du risikere å møte på café. Café latte-faktoren er nok høy, nærmest jubler Tone Skårdal Tobiasson, sjefredaktør i motebladet Tique.”

Bergens Tidende slo òg fast at det hadde vore kulturskifte i regjeringskontora, men hadde sympatien på hi sida: ”For somme har desse to og eit halvt åra knapt vore til å halda ut, for Bondeviks mannskap representerte då vitterleg ein kultur som Oslo-folk trudde dei hadde gjort seg ferdig med. Salmesong og dialekt og bønder og nynorsk og kontantstøtte, kven kan seia kva som er verst?”

Dagens Næringsliv kunne minna oss om at dette like mykje er ein kulturkonflikt internt i partia som mellom dei. Avisa slo fast at ”Det kunne vært verre. Vi kunne fått Tove Karoline Knutsen som kulturminister – festspilldirektøren som vil sende all norsk byungdom til et pliktår i grisgrendte strøk.”

Det interessante med dette er ikkje dei konkrete fylgjene regjeringsskiftet vil få for nynorsken. Eg trur ikkje vi vil sjå dei store skilnadene. Rett nok hadde Noregs Mållag eit godt tilhøve til sentrumsregjeringa, ikkje minst etter at kulturminister Åslaug Haga viste lovande nynorsk-takter på nyåret. Likevel har vi ingen grunnar til å tvila på at Ellen Horn og Trond Giske kan bli gode ministrar for nynorsken. Vi hugsar Åse Kleveland, og vi skal gje Stoltenberg-regjeringa alle sjansar til å ta tak i dei mange felta den førre regjeringa fekk gjort for lite med, som nynorsk programvare.

Viktigare er det at regjeringsskiftet har gjort kulturstriden i det norske samfunnet synleg. Og der står det ikkje mellom Bondevik og Stoltenberg, men om kva syn på språk, kultur og identitet som skal få rå. For hovudstadseliten som har mediemakt til å definera seg sjølv som landets høgvyrde kulturelle midtpunkt og alt anna som ’harry’, finst det knapt noko verre enn potensielle kulturministrar som meiner byungdom burde sjå meir av landet sitt. Alt i alt har lite endra seg bak skodda av mangfalds- og toleranseretorikk, og sjeldan vert det meir vulgært enn når Oslo Unge Høgre lagar flygeblad. ”La dem raute nynorsk, bare vi slipper” var teksten på det siste, som var illustrert med ei ku.

Vi har endå ein gong vorte minna på at kampen for den folkelege kulturskapinga må halda fram. Ikkje ved å forsvara alt som vert kalla folkeleg når platt er rette ordet, men ved å få fram at det som vert prestert på kulturfronten av vanlege folk med røter i lokale tradisjonar ofte både har ein kvalitet og eit internasjonalt utsyn som overgår det som til vanleg vert rekna som ”høg” kultur.

Dette er ikkje ein strid for eller mot det ”urbane”. I byane er det tvert om snakk om å skapa ein avslappa norsk urbanitet med normale europeiske drag som ikkje tvingar ein til å klamra seg til café latte og bokmål, men som byggjer på eit ope syn på heile landet og såleis inkluderer både Bondeheimen, Armani-dressar og nynorsk – språket som tek heile landet i bruk.

Oddmund Løkensgard Hoel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *