100 års målstrev og bakstrev (NT 3/1999)

[Leiar i Norsk Tidend, nr. 3, 1999.]

Det er ikkje ofte målfolk finn grunn til å interessera seg for riksmålsrørsla lenger. Men eit jubileum er eit godt høve til å kasta eit blikk over aksla.

Den 23. oktober 1899 tala den aldrande Bjørnstjerne Bjørnson i Gamle Logen i Oslo til inntekt for familiane til 142 fiskarar som hadde mist livet i det fryktelege uveret utanfor Titran på Trøndelagskysten. Av alle emne valde han ”Maalsagens Stilling i vort Kulturliv”. Felttoget mot ”Maaltvangen” var i gang.

Det er ikkje det Bjørnson sa som interesserer oss mest i dag – at han konstaterte ”hvor meget tusset almueagtigt der … var hos Ivar Aasen”, at det var utenkjeleg ”at Folk skal blive dannede Mennesker uden at træde op i det Sprog, som er Dannelsen”, eller at ”Bondemaalet” er ubrukande til kristen forkynning. Me har høyrt det før og høyrer det heldigvis sjeldnare og sjeldnare. Det ein heller kan undra seg over, er at ei 100-årsfeirande riksmålsrørsle utan blygsle gjer fordomane til Bjørnson til midtpunktet i jubileet og jamvel hevdar at dei er målstridens ”sigerherrar”.

Riksmålsrørsla har i 100 år hatt den lagnaden å vera ein reaksjon mot det andre har funne på. Riksmålsfolket organiserte seg i 1899 fordi målreisinga hadde hatt ein sterk framgang og målrørsla eit organisatorisk gjennombrot, difor alle våre eigne 100-årsjubileum i år. Skipinga av Rigsmaalsforbundet i 1907 var ein reaksjon på sidemålsstilen og Norigs Maallag (1906). Mobiliseringa etter krigen var ein reaksjon på nynorskframgangen og samnorskpolitikken, og i 1970-åra prøvde dei forgjeves å stå mot dialektbylgja. Sett med 1899-augo til Bjørnson har den eine språklege katastrofen avløyst den andre. ”Bondemaalet” har vunne fram på alle felt, både på jorda og i himmelen, og har aldri vore meir integrert i det norske samfunnet enn i dag.

Riksmålsrørsla har grunn til å seia seg nøgd på to punkt: Oppnorskinga av bokmålet er slegen attende, t.d. vil språkrådet no jamstilla ”skjet” med ”skeit”. Det stadfester berre at nynorsken er det einaste alternativet for dei som tidlegare trudde på det radikale bokmålet. Utfordringa vår ligg i det andre punktet, nemleg at bokmålet framleis sit med makta og æra i det norske samfunnet – at riksmedia, næringsliv og delar av det offentlege framleis held nynorsken effektivt utanfor. Dette har fylgje av ei falsk førestilling i bjørnsonsk ånd om at nynorsk er ikkje eit språk for det moderne samfunnet, at vegen opp og fram er skilta på bokmål.

Dette er det målrørsla si oppgåve å gjera noko med. Me må leggja vekt på å få fram at nynorsken faktisk er i bruk på alle område, og me må dyrka kreativiteten, den stadige fornyinga, innfalla og påfunna. Me må visa fram at nynorsken både er brukande og vakker, i dikt så vel som på dataskjermen. Då treng me ei levande folkerørsle, me treng sterke målorganisasjonar, me treng alliansar, og me treng bruer til dei stadig fleire nynorskvenlege bokmålsbrukarane. Men Bjørnson må no få kvila.

Oddmund Løkensgard Hoel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>