Leiartale 2002

Landsmøtet i Noregs Mållag, Oslo 26.–28. april 2002

Av Oddmund Løkensgard Hoel

Kjære landsmøte!

Me er i nynorskhovudstaden, og godt er det. Noregs Mållag har ein lang og god tradisjon med å leggja landsmøtet rundt i landet, og dette er berre fjerde gongen me samlast i Oslo etter krigen. No er det 11 år sidan sist. Då er det på tide – det er òg viktig for oss å markera at Oslo er nynorskbrukarane og målfolket sin hovudstad. Me sit i ein tradisjonsrik sal med mykje språkhistorie i veggene. Meir skal det bli i løpet av denne helga, sjølv om det neppe vil gå like varmt føre seg som då Det Norske Teatret opna her i 1913 med Kong Haakon og regjeringa til stades, piping i salen og slagsmål i gatene.

Slagsmål er det mindre av for tida, men det interesserer oss framleis kva regjeringa steller med. Dei som var på landsmøtet i fjor hugsar uroa for kva dei målpolitiske fylgjene av stortingsvalet og eit eventuelt regjeringsskifte ville bli. Det er for tidleg å fella ein endeleg dom, men etter eit drygt halvår er iallfall fredingstida forlengst over. Ei viktig prøve kom med mållovsmeldinga i desember og førehavinga i Stortinget som vart avslutta for to og ei halv veke sidan. Regjeringa skal som kjent leggja fram ei stortingsmelding kvart fjerde år der det vert gjort opp status for målbruken i staten, og meldingane har utvikla seg til å bli dei viktigaste generelle språkpolitiske dokumenta frå regjeringa.

Det var all grunn til å gje regjeringa mykje ros for meldinga, både for den måten grunnlaget for norsk språkpolitikk var formulert på, og særleg for eit tungt satsingsprosjekt med mål om å oppfylla mållova i alle departement og statsorgan i løpet av tre år. Det er særleg verdt å merka seg at Høgre i stortingsordskiftet, heilhjarta og utan atterhald, streka under at ”det ønskelig med en styrking av bruken av nynorsk” i staten og på det grunnlaget gav full støtte til dei mange gode framlegga. Det er dermed eit breiare politisk grunnlag bak mållovsarbeidet i dag enn for fire år sidan – det er viktig, og det har me grunn til å gle oss over.

Den store prøva kjem likevel når regjeringa og Stortinget i vår skal ta stilling til om Posten og NSB skal fylgja mållova også etter at dei blir aksjeselskap. Saka er like rundt hjørna, og utfallet er viktig i seg sjølv: det er snakk om den framtidige nynorskbruken i to vitale samfunnsinstitusjonar med ei vidgreint verksemd og svært mykje publikumskontakt. Men like viktig er det at avgjerda i denne konkrete saka legg sterke føringa for om det seinare vil bli slege prinsipielt fast at mållova også skal gjelda for utskilde og fristilte statsføretak. Det sentrale motargumentet er at det er urimeleg om statsføretak skal ha andre vilkår og plikter enn dei private selskapa dei skal tevla med på ein fri marknad i ei liberalisert framtid. No er det rett nok ikkje me som har bede om at breva og toga våre skal bli utsette for fri tevling, men skal det fyrst skje, er det ingen problem med å bruka konsesjonar og statlege kontraktar om tenestekjøp til å stilla nøyaktig dei same målkrava til private som til statlege bedrifter. Det einaste som krevst er kulturpolitisk vilje.

Det ein verkeleg kan undra seg over er at det så langt har teke ti år å finna ut om mållova framleis skal gjelda for statsføretak som ho tidlegare galdt for, medan det er gjort på eit halvår å omdanna Posten og NSB til aksjeselskap!

Strykkarakteren må diverre takast i bruk når me kjem til den totale mangelen på tiltak for styrkja nynorsk som IT-språk. Ikkje berre har regjeringa så langt late vera å gjera noko som helst – ho har òg sett ein stoppar for framdrifta i fleire viktige prosjekt som Stoltenberg-regjeringa fekk i stand dei siste månadene ho sat. Det gjeld spørsmålet om staten skal krevja både nynorsk- og bokmålsversjonar når dei kjøper inn dataprogram, det gjeld spørsmålet om å la parallellutgåvekravet gjelda for vanlege dataprogram slik at nynorskelevar får dei på nynorsk, og det gjeld arbeidet for å sikra nynorsk ein plass i dei nasjonale kunnskapsbasane på nettet. Etter ti månader har Læringssenteret framleis ikkje fått svar på tilrådinga si frå i juni i fjor om stilla krav om nynorskversjonar av program i skulen, og Utdanningsdepartementet fjerna formuleringar om dette då dei nyleg laga den nye årsplanen for IKT i norsk utdanning. Dette grensar mot sabotasje!

Ute å køyra er òg parallellutgåveordninga for lærebøker som i 30 år har vore heilt avgjerande for å gje ungdom frå nynorskområda ein røynleg sjanse til å ta med seg språket sitt seinare i livet. Omkampane om ordninga tek visst aldri slutt, og me er midt inne i ein ny. I samband med Reform 94 delte staten ut meir pengar i læreboktilskot enn han hadde, hovudsakleg til bøker for små fag og ikkje til nynorske parallellutgåver, og alle pengane dei siste åra har gått til å betala gamal gjeld utan at regjeringa og Stortinget har lyfta ein finger for å gjera noko med problemet. Resultatet er at det ikkje er lyst ut midlar til nye parallellutgåver sidan hausten 1999, og det er lett å skjøna at forlaga er oppgjevne over at staten på denne måten har skrive frå seg alt ansvar for at det kjem parallellutgåver. Stoda er no at me fryktar totalhavari i heile ordninga dersom ikkje det økonomiske problemet vert løyst i år. Det må gjerast når regjeringa legg fram revidert budsjett i mai. Torsdag aksjonerer me i von om at nokre pip når fram til kontoret til Clemet, mellom anna med eit opprop frå rektorar i den vidaregåande skulen.

Det meste av arbeidet Noregs Mållag driv med er reine språkpolitiske saker, oftast knytte til språklege rettar. Samstundes ser me at nokre av dei aller viktigaste sakene me arbeider med, ikkje kan kallast direkte språkpolitiske saker. Av alle enkeltvedtak i Stortinget det siste året, har truleg det viktigaste for framtida til nynorsk skriftkultur vore at pressestøtta til dei små lokalavisene skal aukast. Pressestøtta er ei ordning som aldri har vore språkpolitisk motivert, sjølv om fleirtalet i Stortinget no i april la vekt på at ”De små lokalavisene har i tillegg en viktig funksjon i forhold til ivaretagelse av nynorsk og nyansene i norsk språk generelt.” Sameleis har me stilt oss i fremste rekkje i kampen for den desentraliserte strukturen i NRK, fyrst og fremst fordi distriktskontora er avgjerande for nynorsk som radio- og fjernsynsspråk.

Det generelle biletet av rolla vår i norsk målstrid i dag er at me vinn dei aller fleste målpolitiske sakene me brukar kreftene på. Me får kanskje ikkje fullt gjennomslag, og det tek gjerne mykje lengre tid enn tolmodet vårt rekk, men me når fram. Derimot tapar me jamt og trutt dei store sakene, dei som skapar rammevilkåra for språkbruk og språkpolitikk og på sikt er langt meir avgjerande enn enkeltsakene me vinn. Det er ingen grunn til å tru at det vil endra seg. Framover vil me nok heller sjå meir, ikkje mindre kommersialisering, nyliberalisme, individualisme, sentralisering og redusert offentleg styring. Marknadsretorikken har fått eit kraftig nakketak på det politiske språket og dermed også på den politiske tenkinga, langt inn i venstresida og kulturlivet. Dette tener ikkje eit mindretalsfenomen som nynorsken, som nettopp har kunna vakse seg sterkt fordi offentlege reguleringar og vern har gjeve målet eit rom for språkskaping og private initiativ som dei frie marknadskreftene aldri hadde kome til å gjeve det. Det er berre å samanlikna dei private bokmålsmonopola i Akersgata med den jobben NRK som statseigd fyrtårn har gjort for å brøyta veg for nynorsken i etermedia.

Noregs Mållag har dei siste åra utvida perspektivet på målarbeidet og brydd seg meir rammevilkåra for nynorsken. Eit godt døme er satsinga på Pirion og kulturbarnehagen. Eg trur det er svært mykje å henta for samskipnaden i å gå vidare i den retninga. Den typen samfunnsendringar som mest direkte råkar oss, er dei sentraliserande prosessane – det ser me heilt direkte på skulemålsprosenten. Me let oss slett ikkje vippa av pinnen av nokre promille, men det kan ikkje vera mykje tvil om at ein ny stor runde med kommunesamanslåingar snart vil koma opp, framtvinga av økonomisk sveltefôring av småkommunane. ”Regionalisering” er eit samlande, og misvisande, stikkord for mykje av det som skjer, misvisande fordi det i dei fleste tilfella ikkje er snakk om styrking av regionar ved at dei får overført makt frå hovudstaden, men at makt og ressursar vert sentraliserte.

Noregs Mållag bør ikkje ta til å meina mindre om språk og meir om heilt andre ting, tvert om: Det er snakk om å ha tru på at saka vår er så viktig at ho i større grad enn i dag kan vera med på å prega utfallet av større saker. Omsynet til nynorsken er eit viktig argument for å halda oppe ein desentralisert struktur i NRK, det er eit viktig og sjølvstendig argument for heile pressestøtteordninga, og det er eit argument for å flytta statlege arbeidsplassar frå Oslo til nynorskkommunar. Omsynet til å kunna føra ein aktiv måljamstellingspolitikk talar òg imot å privatisera offentlege verksemder, og ein nynorskkommune bør ikkje slå seg ilag med ein bokmålskommune dersom det set nynorsken i fare.

Me lir nok framleis under å ha vore på vår eigen filologiske banehalvdel for lenge der språk er viktig nok i seg sjølv og me ikkje har lagt oss veldig i selen for å grunngje verdien av nynorsken og språk i det heile i ein vidare samfunnssamanheng. Det er difor svært interessant at Dag Jørund Lønning kunne fortelja oss i Norsk Tidend at dei regionane som har den sterkaste kulturelle identiteten, også greier seg best økonomisk. Det var ikkje nokon han hadde dikta opp, men ein fellesnemnar i mange europeiske forskingsrapportar. Nettopp det same var Håvard Teigen innom i artikkelen sin i ”Kampen for språket” som han skreiv som regionalforskar, ikkje som styremedlem. Der har han funne ut at folketalsutviklinga over lang tid har vore betre i nynorskkommunar enn i bokmålskommunar dei kan samanliknast med. Attpåtil kjenner folk i nynorskkommunane seg meir knytte til heimstaden enn folk i bokmålskommunar. Her blir det snakka eit språk får fram kor viktig språk er, også for politikarar, næringssjefar og andre som primært har interessert seg for dei ”harde” realitetane som me ofte tapar for.

Den store utfordringa for målrørsla framover vil ikkje vera å møta neste mållovsmelding, neste sidemålsstrid eller neste skulemålsrøysting. Den store utfordringa er å ta meir del i forminga av dei lange linene, i rammevilkåra for nynorsken. Noregs Mållag er i dag ein mektig organisasjon på vårt felt. Carl I. Hagen har i dag oppmuntra landsmøtet i Framstegspartiet med at dei har 15.000 medlemer, og med det er dei for tida det største partiet i norsk politikk. Me har 13.000 medlemer og er den sterkaste krafta i norsk språkpolitikk, særleg når me slår oss i lag med dei andre organisasjonane og institusjonane i målrørsla som me har eit utmerka og effektivt samarbeid med. Men det som gjer oss til ein mektig organisasjon, er ikkje nokre handgrep i Oslo, men at me har ei lang historie som brei medlemsorganisasjon og mange og aktive medlemer og lag utover landet. Dette er ei kraft me betre kunne brukt få gjennomslag i meir overordna saker dersom me oftare allierte oss med organisasjonar utanfor målrørsla.

Noregs Mållag har framleis mykje å henta på å bli skarpare og tydelegare i det generelle kulturpolitiske ordskiftet. Det finst knapt ein meir sentralistisk sektor i Noreg enn kultursektoren – iallfall den tyngste og mest synlege delane av han. Ideologi blir skapt og haldningar forma av ein kulturelite i hovudstaden der sume er meir frittalande enn andre, td. Hans Fredrik Dahl, som skreiv i Dagbladet i desember under overskrifta ”Farvel til distriktene”: ”Det er trivelig med lokalnytt og plateprat på egen dialekt, selvfølgelig. Men i dag, når det gjelder å styrke det offentlig finansierte kanaltilbudet i en beinhard, kommersiell konkurranse, kan ikke 70-tallets spesielle drøm om sendinger til alle på eget tungemål, stå i sentrum. I dag er offentlig kringkasting et livsviktig kulturgode, ikke en trivselsfaktor for utkantene. Dialekter appellerer dessuten mest til eldre folk, for våre nye landsmenn er de til forvirring.”

Det er sjeldan ein ser slikt på prent, bortsett frå i Morgenbladet, særleg etter at det vart på moten å vera for kulturelt mangfald. Men Dahl uttrykker nok her noko som mange kan nikka smilande til rundt raudvinsglasa, og truleg fleire og fleire di sterkare det kulturideologiske grepet til hovudstaden blir. Me skal ta godt vare på den tolerante velviljen som kjem meir banalt til uttrykk i at nynorsk er fint i dikt så lenge me held oss på den nøye tilmålte plassen vår – det har skapt viktige opningar for oss og må framleis gjera det. Men me må òg i større grad ta opp kampen mot det grunnfjellet av motvilje som alltid har stått og framleis står som ein ideologisk mur mot nynorsk, dialektbruk og andre kulturelle ovringar som går motstraums i dagens kulturelle og politiske klima der den viktigaste termen er ”harry”.

Det trengst ei kulturell motstandsrørsle mot dette, ei breiare ei. Lyttartala til distriktskontora, lisensaksjonane frå dei mange som ikkje får inn NRK2, publikumstala på ”Heftig og begeistret”, oppslutnaden om kulturaktivitetar landet rundt og eit utal med lokale spel og festivalar viser oss at det ikkje er folkemeininga det står på. Problemet er at dei organiserte kreftene som arbeider mot den kulturelle sentraliseringa – både den ideologiske, fysiske og økonomiske, er for veike og for dårleg samordna. Noregs Mållag stiller sterkt dersom me kunne tenkja oss ein breiare kulturfront for distriktskultur og norsk kulturelt mangfald. På den måten kan me òg kanskje i større grad påverka nokre generelle utviklingsdrag som i dag utarmar det materielle og kulturelle grunnlaget for nynorsken.

Noregs Mållag er ikkje berre ein interesseorganisasjon som skal sikra dei 6-700.000 nynorskbrukarane i dag eit godt liv, men er også ein målreisingsorganisasjon som skal skaffa nynorsken fleire brukarar. Det krev at me heile tida formulerer posisjonen vår på nytt og skriv oss inn i tida me lever i, behovet er i dag større enn nokon gong. Eit steg i denne prosessen var boka ”Kampen for språket” som kom i november og var utgangspunkt for haustseminaret. Dette er ein prosess eg verkeleg vonar vil halda fram, for det var ikkje slik at grunnlaget for målreisinga og langt mindre strategien framover vart lagt ein gong for alle, anten ein no ser attover til Ivar Aasen eller Målreising 1967.

Tungsinn og pessimisme er det mykje av i målflokken og det er gode eigenskapar: då er ein sikker på ikkje å bli vonbroten. Men det er ikkje sikkert at det er grunnlag for tungsinnet. Eg ser iallfall tre felt der den nynorske målreisinga har mykje å yta og mykje å henta den komande tida.

1. Den fyrste har eg alt tala nok om; det er å ta på seg eit utvida ansvar for at norsk distriktspolitikk har eit tungt kulturelt innslag og at kulturpolitikken får eit sterkare distriktsperspektiv.

2. Den andre er kampen for ein norsk urbanitet. ”Nynorsk er bynorsk” er slagordet for dette landsmøtet. ”Gjer nynorsk til bynorsk!”, var slagordet Noregs Mållag fekk frå Studentmållaget i Oslo i 60-åra. Det er framleis snakk om å få skipa klassar med nynorsk opplæringsmål i byane, og neste år er det ti år sidan den fyrste klassen i Oslo. Men det er òg snakk om meir enn det: det gjeld kampen for ein bykultur og ein urbanitet som ikkje vender ryggen til omlandet sitt og resten av Noreg, men tvert om byggjer kulturelle og språklege bruer mellom by og bygd. Byane er ikkje eit naudsynt vonde, men ein sjølvsagt del av det norske landskapet og norsk kultur. Det er heldigvis eit aukande medvit om det verdfulle med å ha eit kulturelt og språkleg mangfald i byane, men det er eit stort paradoks at toleransen andsynes innvandrarar er aukande og framandfrykta minkande på same tid som motviljen mot bygdefolk, bygdeliv og til ein viss grad nynorsk og dialektar heller ser ut til å auka i dei same miljøa. Høgre-ordførar Per Ditlev-Simonsen har skjøna dette – han har i ei årrekkje lagt stor og engasjert vekt på Oslo som innflyttarby og ein stad der også dialekt og nynorsk skal ha ein plass. Me treng fleire som han. Men framleis blir nynorskklassane i Oslo møtt med brunskvetting og insinuasjonar om at hovudmotivet er å sleppa innvandrarar i klassane, sjølv om det er innvandrarar i klassane. Dette er også byen der aviser som kallar seg riksaviser framleis driv ein hardhendt språksensur og nektar nynorsk å sleppa til nynorsk i redaksjonelt stoff.

3. Det er likevel på det tredje feltet mest vil endra seg: den språklege globaliseringa. – Noreg vert utsett for ei rask og omfemnande språkleg og kulturell kolonisering, og eit sterkt norsk kompradorborgarskap verkar med, sa maktutgreiar Øyvind Østerud på haustseminaret vårt i november. Me er i ferd med å koma i ein situasjon der både bokmål og nynorsk kjem i forsvarsposisjon mot ei global språkleg supermakt. Språk døyr i rekordfart, og sjølv i store språksamfunn med ein lang og sterk skriftkultur spreier uroa seg raskt. Frankrike har lenge vore eit godt døme på dette, og tidleg i april kom også den parlamentariske svenske språkkommisjonen med rapporten sin – ein murstein på 700 sider med eit omfattande handlingsprogram for å styrkja svensk språk, mellom anna som akademisk språk. På same tid kjem Bondevik-regjeringa med eit framlegg om å styrka paragrafen i universitets- og høgskulelova som seier at ”undervisningsspråket er til vanlig norsk”. Det utrulege har skjedd: Noreg er slegen av Sverige på språkpolitikk!

Den nye situasjonen er at bokmålet kjem i forsvarsposisjon. ”Fri sprogutvikling” vert no eit program for å la engelsk ta over motstandslaust meir enn eit program mot nynorsk. Då vil det nok gå både eitt og to lys opp for ein del bokmålsfolk om kva språkkamp er for noko. Dette er ein interessant posisjon for nynorsken og målrørsla. Dei som vil forsvara bokmålet vil no få bruk for det me har over 100 års øving i, nemleg målreising, målorganisering og språkkamp. Så er det då òg nynorskfolk som jamt over har stått i fremste rekkje for å forsvara både bokmål og nynorsk mot anglifiseringa i mange år. Men like viktig er den ideologiske og kulturelle sida ved nynorsktradisjonen. Nynorsk står utan ein hemjande tradisjon som kolonimål. Målet vårt har ei historie knytt til nasjonsbygging, folkestyre og sosial og geografisk utjamning som vekkjer positive assosiasjonar hjå svært mange nordmenn, og som vil stå heilt sentralt i den komande målreisinga mot anglifiseringa. Bokmålstradisjonen har heile tida streta imot – det er spanande å sjå om han framleis vil gjera det. Det kjem jamleg utsegner om at det no er på tide å gravleggja den gamle norske målstriden og heller stå saman mot engelsk. Ja, gjerne det, men det er ikkje opp til oss. Målstriden går i all hovudsak ut på at nynorskfolk må kjempa for dei grunnleggjande språklege rettane sine og forsvara seg mot åtak frå bokmålsfleirtalet, og det vil me halda fram med.

Språksituasjonen kallar på eit grunnleggjande internasjonalt perspektiv på norsk språkstrid, og igjen er det ikkje oss det står på. Det er bokmålssida som i 150 år har terpa på at den norske målstriden er eit ”indre anliggende” og eit særnorsk fenomen, utan ei einaste relevant internasjonal jamføring. Det er nynorskfolk som sidan Aasen har sett norsk målstrid i ein vid internasjonal samanheng for forsvar av språklege rettar, særdrag og identitet, og Arne og Hulda Garborg, Olav Rytter, Kjartan Fløgstad og Berge Furre er berre eit lite utval målfolk i denne tradisjonen. Den internasjonalistiske tradisjonen er noko av det mest verdfulle me har med oss inn i framtida. Internasjonalt samarbeid er avgjerande for alle nasjonar og kulturar som skal greia seg godt framover.

Det siste tilskotet vårt på dette feltet er studieheftet om globalisering og språkpolitikk som vart ferdig rett før landsmøtet, redigert av Trond Sæbø Skarpeteig. Her kjem den nære samanhengen fram mellom dei økonomiske og politiske drivkreftene bak globaliseringa og dei kulturpolitiske sidene. Det blir no tinga om liberalisering av handelen med tenester i Verdshandelsorganisasjonen (WTO). Me får jamleg forsikringar om at dette ikkje rører ved moglegheitene til å føra ein nasjonal kultur- og utdanningspolitikk. Men i studieheftet kan de no lesa korleis Kanada alt har tapt ei sak i WTO om å få gje økonomisk støtte til sine eigne tidsskrift i tevlinga med dei langt mektigare USA-nske. Denne veka kom det òg fram at norske styresmakter alt i 1993 (Ap) forplikta seg til å sleppa til utanlandske kommersielle aktørar som vil driva privatskular i Noreg på lik line med norske, no når det skal bli lettare å driva privatskular. Lovar dette godt for norsk språk- og kulturpolitikk i framtida?

Neppe. Heldigvis er det ein global oppreist på gang mot dei negative sidene av globaliseringa. 60.000 kom det på konferansen i Porto Alegre i Brasil i vinter. Dette er ei rørsle Noregs Mållag høyrer naturleg heime i, både ut får tradisjonen vår og ut frå den situasjonen nynorsken no står i. For om ikkje me syter for å få omsynet til språk og kultur inn i denne rørsla, er det knapt å venta at andre vil gjera det. Antiglobaliseringsrørsla treng oss for å få ei full forståing av globaliseringa.

Eg er optimistisk både på vegne av Noregs Mållag, nynorsken og målreisinga, og dei tre åra som har gått har styrkt optimismen min. Me har mange vener, og me går inn i ei tid der det er mykje å vinna. Ein av grunnane til at eg ser lyst på framtida er det generasjonsskiftet som samskipnaden er midt inne i. Eg var i 1999 den fyrste leiaren som hadde bakgrunn frå 80-åra og ikkje kom frå dei store aktivistkulla i 70-åra som har bore målreisinga på skuldrene sine og lagt ned eit ufatteleg stort og viktig arbeid den siste generasjonen. Det gler meg mykje at det er stadig fleire unge folk å sjå både lokalt, på fylkesplan og sentralt slik arbeidsprogrammet har som målsetjing, samstundes som både mange av heltane frå 70-åra og dei eldre generasjonane også heng med. Gjennomsnittsalderen er framleis på 52,4 år når ein ikkje tek med målungdomen, så det er meir å henta. Samskipnaden vår skal ha ros for den måten yngre krefter har fått sleppa til, trass i meiningsskilnader på tvers av både generasjonar og miljø. Det er ikkje vanskeleg å finna organisasjonar der denne prosessen har vore langt meir smertefull. Eg vonar Noregs Mållag vil halda fram med å vera ein inspirerande møteplass for alle frå ungdomsskuleelevar til pensjonistar – målreisinga er heilt avhengig av det.

Landsmøtet er alt godt i gang. Eg vonar de har det bra og får ei landsmøtehelg i nynorskhovudstaden full av inspirerande målpolitikk og kulturelle opplevingar.

Godt landsmøte!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *