Den internasjonale målrørsla (bokartikkel 2002)

Hoel, Oddmund L. (2002.) Den internasjonale målrørsla. I Trond Sæbø Skarpeteig (red.): Globalisering og språkpolitikk. Eit debatthefte (s. 5-7). Oslo: Noregs Mållag.

Bibsys-oppføring

Det er snart 40 år sidan Sigmund Skard gav ut Målstrid og massekultur (1963) og sette målsaka inn i ein aktuell allmennkulturell samanheng. Ein kan i dag slå fast at både norsk kultur i det heile og nynorsken har stått seg langt betre mot presset frå kommersiell angloamerikansk massekultur og engelsk språk enn mange var redde for i dei harde 60-åra.

Det vil ikkje seia at faren er over. IT-revolusjonen, betre samferdsel, liberaliseringa av verdshandelen, globaliseringa av økonomien og det aukane hegemoniet til angloamerikansk kommersiell massekultur har gjort verda mindre og fører til ein stadig større språkleg og kulturell påverknad over landegrensene. Det kan mest dramatisk lesast av i stadig verre prognosar for språkdaude, og engelsk har gjennom fleire år vore på full fart inn i Noreg særleg i forskings-, IT- og forretningsmål – jamvel i (del)statlege selskap som Statoil, Hydro og Telenor.

Til sjuande og sist er framtida både til bokmål og nynorsk er avhengig av kor interessert brukarane av dei to måla er i å verna om dei, og i kor sterk grad dette engasjementet fører til aktiv språkpolitisk handling frå styresmaktene. Sannsynleg er det òg at bokmålet gjennom presset frå engelsk vil koma i ei stilling som liknar meir på den forsvars- og mindretalsposisjonen nynorsken alltid har hatt. Riksmålsrørsla kan derimot bli nøydd til å ta gamle slagord som «fri sprogutvikling» og «sprogsaken ut av politikken» opp til kraftig revisjon dersom deira språk skal ha ei framtid under statleg vern.

Det største lyspunktet frå ståstaden til nynorsken og alle andre små og mellomstore språk er likevel at ein no ser omrisset av ein global oppreist mot dei negative utslaga av globaliseringa. Det gjeld særleg reaksjonen på frihandel, valutaspekulasjonar og globaliseringa av økonomien. Organisasjonen Attac har på kort tid vorte ein viktig organisert samlingsstad og plattform for tverrpolitisk globaliseringsmotstand i Vest-Europa. Men òg på det språklege og kulturelle feltet er interessa og arbeidet for å ta vare på mangfaldet og motarbeida språkdauden aukande. Det aukande folkelege engasjementet gjennom kultur- og språkorganisasjonar ligg under, og i internasjonale organisasjonar som Europarådet, UNESCO og EU har ein sett ei aukande interesse for desse spørsmåla særleg det siste tiåret.

Utfordringa for målrørsla vert å sjå ut over dei norske grensene og leggja opp ein praksis som tek utgangspunkt i at me er ein del av ei global rørsle for språkleg mangfald. Bøker som Farvel til språkmangfaldet? (Olav Randen 1997) og Minoritetsspråk i Europa (Sigve Gramstad 1996) og det internasjonale seminaret til Noregs Mållag i januar 2001 fortel at det internasjonale engasjementet i målrørsla er høgst levande og aukande, og som deltakarar i Gøteborgaksjonen i juni 2001 var Noregs Mållag med på sin fyrste demonstrasjon utanlands. Men det er nok eit godt stykke att før ein kan seia at eit internasjonalt perspektiv på norsk målstrid står sterkt mellom målfolk og nynorskbrukarar.

I ein situasjonen der både nynorsk- og bokmålsfolk må rusta opp forsvaret mot engelskpresset, vil nynorsktradisjonen kunna skåra høgt både på å ha ein levande tradisjon for å driva organisert språkkamp, og på å ha røter og ei historie som bokmålet manglar. Nynorsken står for ei lang norsk språkhistorisk line som vekkjer positive assosiasjonar og vert sett som noko verdfullt langt utover den flokken som skriv nynorsk i dag, og nynorsken endar ikkje, som bokmålet, i blinda i to unionar ingen i dag vil vedkjenna seg. Målreisinga har alltid vore knytt til eit demokratisk, nasjonalt og sosialt frigjeringsstrev nettopp slik den komande målreisinga mot engelsk vil vera. Dette er ein stor ressurs for heile Noreg, og det er ikkje tilfeldig at ein jamt har funne målfolk i fremste line i arbeidet mot engelskpresset her i landet. Bokmålet har langt på veg vore ein gratispassasjer.

Det målrørsla likevel må stå hardt imot, er det synspunktet sume bokmålsfolk kjem med om at arbeidet mot engelsk er så viktig at dei nynorske jamstellingskrava bør tonast ned. Det har med fullt alvor vorte hevda, m.a. i Stortinget, at kravet om nynorskversjonar av dataprogram kan føra til at engelske versjonar i staden tek over den norske marknaden. Det er absurd å skulla tru at nynorskbrukarar vil leggja frå seg språket sitt for å kasta seg med liv og lyst inn i kampen for bokmålet, og situasjonen er heller tvert om: di større det språklege medvitet og kamplysta er i den nynorskspråklege delen av Noreg, di sterkare står Noreg i det samla arbeidet mot engelsk.

Den norske målrørsla har aldri isolert seg, korkje i Noreg eller i nynorskland – me har aldri hatt råd til det. Me har alltid – heilt frå Aasen – vore tvinga til å ha eit grunnleggjande internasjonalt perspektiv på det me driv med. Det er sagt og skrive mykje om det store verket til Ivar Aasen, men den raudaste tråden i arbeidet hans er ganske enkelt striden for at ”norsk” skal bli rekna som eit eige språk jamsides dansk og svensk og andre språk. For som Aasen skriv i Norsk Grammatik (1864):

Denne Opfatning [at ’norsk’ er eit eige språk] er her aldeles nødvendig, for at Sproget kan blive rigtigt bedømt og nyde samme Ret som andre Tungemaal. Det kommer her ikke an paa, om Sproget er dyrket ved Skrivning eller ikke; Hovedsagen er, at man her har for sig et levende Sprog, som tilhører Landets Folk og staar paa sin egen Grund, saa at det ikke lader sig forklare som en Underafdeling af noget andet Lands Sprog. (Aasen 1864: 335, frå Hoel 1996: 245)

Aasen demonstrerer her for oss kvifor alle ekte og demokratiske nasjonalistar i motsetnad til nasjonalsjåvinistane er røynlege internasjonalistar: Dei (me) ynskjer at alle grupper skal ha den same retten til sjølvhevding, i dette tilfellet på det språklege området.

Med Aasen byrjar ein rak og rakrygga internasjonalistisk tradisjon – med Vinje, med Arne Garborg – ”europearen”, med Hulda Garborg sitt arbeid for indianarane i Amerika, med vestmennene som i 20-åra agiterte for at samane òg måtte få høve til å reisa sitt eige mål, med Olav Rytter sitt arbeid med slavisk målreising, med Kjartan Fløgstad som skriv bøker frå Latin-Amerika og Kina, med Jon Fosse som er den mest spelte nolevande forfattaren i Europa, med Berge Furre som på sine game dagar har slege seg i lag med dei jordlause i Brasil og vorte åndeleg overhovud for Attac Noreg, inspirert av latinamerikansk frigjeringsteologi, og med Sigve Gramstad som skreiv mållova og den samiske språklova før han vart kalla til Europarådet for å leia arbeidet med det europeiske charteret om regions- eller minoritetsspråk (1992). – Det er nynorsktradisjonen som har vore den mest internasjonalt orienterte, skriv bokmålsmannen Per Thomas Andersen i den nye litteraturhistoria si.

Me fekk tidleg den godtakinga me trong nasjonalt, difor vart aldri den internasjonale godtakinga av nynorsken avgjerande for målreisinga. Men kampen om statusen vår er på ingen måte over over:

”Mange mennesker tror at vi har to likestilte skriftspråk i Norge. Det har vi også – det ene heter norsk, og det andre heter samisk. Men det norske skriftspråk foreligger i to historiske forgreninger, og der er et problem som vi har slitt med gjennom ganske mange tiår uten å finne den gode løsningen på.”

Det sa Inge Lønning i Stortinget 11. juni 1999, og ein raud tråd – ein av dei få – i lesarinnlegg og artiklar frå Riksmålsrørsla, går ut på kor bak mål det er å samanlikna den norske målstriden med nokon som helst annan målstrid. Dei freistar såleis å gjera den norske målstriden til eit internt norsk ”anliggende”, nett som Tyrkia på same vis og med langt meir blodige konsekvensar insisterer på at det ikkje finst ein konflikt med kurdarane, berre ein strid mellom tyrkarar og terroristiske ”fjelltyrkarar”. Når eg les Lønning, kjenner eg meg som ein fjell- og fjordtyrkarar.

Dersom me, som den fyrste generasjonen i målrørsla, gløymer det internasjonale perspektivet som alle tidlegare målreisingsgenerasjonar har hatt, skyt me òg oss sjølve i foten, og me bryt med den internasjonale solidariteten som alle språk- og kulturrørsler må ha om ein skal gå framtida optimistisk i møte. At den norske målrørsla no drøftar globalisering og identifiserer seg med den gryande antiglobaliseringsrørsla, er eit naturleg framhald av det internasjonale perspektivet som alltid har lege til grunn for norsk målreising. Det oppsiktsvekkjande ville vore om me brått drog oss attende.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *