Maalkassa (bokartikkel 2017)

Hoel, Oddmund L. (2017). Maalkassa – landslaget for målsaka før Noregs Mållag. I Knut E. Karlsen, m.fl. (red.), I teneste for nynorsken. Heidersskrift til Olaf Almenningen 70 år (s. 97–119). Oslo: Novus.

Frå 1895 til ca 1910 fanst nynorskorganisasjonen «Maalkassa», som vart skipa av miljøet kring nynorskavisa «Den 17de Mai» i Kristiania. Laget skulle primært samla inn pengar til målarbeidet og arbeida praktisk for målsaka. Den største suksessen til laget var Målmarknaden i Kristiania i 1898, som skapte eit stort overskot. Laget var elles involvert i agitasjonsverksemd, forsøka på å etablera eit landsmålsteater, skipinga av Norsk målkontor (1900) og utgjeving av Norsk barneblad og annan barnelesnad. Maalkassa og Det Norske Samlaget skipa i 1906 til målmannsstemna der Noregs Mållag vart skipa, og laget fungerte langt på veg som landsorgansiasjon for målsaka før Noregs Mållag. Maalkassa er lite omtala i litteraturen om målrørsla, og arkivet er tapt. Denne artikkelen fortel historia til Maalkassa på grunnlag av kjeldetilfanget det har vore mogleg å leita fram.

Ei kortare omtale av Maalkassa finst i Mål og modernisering 1868–1940 (2011), s. 40–44 og 88–90. Sjå elles referansar i artikkelen til annan litteratur der Maalkassa er nemnd.