Krundalen

krundalen.jpg

«Krundalen», lokalhistoriewiki.no

Krundalen er eit vakkert snøhol som strekkjer seg vestover frå bygdesentrumet Gjerde i Jostedalen, 32 kilometer frå Gaupne som er kommunesentrum i Luster kommune.

Etter at ein har kravla seg opp Haugabakkane frå byggjefeltet på Gjerde, kjem ein til Haugen og Haugamyrane. Herifrå og fram til Bergset bur dei kring 50 fastbuande krundølene pent og pynteleg på rad og rekkje langs den fem km lange fylkesvegen.

Her skifter dalen namn til Bergsetdalen og held fram tre km til han bråstoggar i den mektige Bergsetbreen, ein av armane til Jostedalsbreen. Klimaendringane eller kva det no kan vera, har fare stygt åt med Bergsetbreen dei siste åra. Men det er framleis nokre kubikk is att frammi der.

På Bretun, som ligg på Snøtun 2,5 km frå Gjerde, finn ein Jostedalen Breførarlag. Dei er til hjelp for dei som vil gå vidare til Nordfjord når dei har gått Krundalen og Bergsetdalen til endes.

Johannes Flintoe var på Haugen i august 1822, og då såg det slik ut:

flintoe-krondal.jpg

One Response to Krundalen

  1. Birgit Hatlehol seier:

    Folkemusikkdronninga Susanne Rosenberg fra Sverige held konsert på Munthehuset søndag 10. juli klokken 1900. 150 kronar inkludert vin.
    Det går båt frå Tørvis og Solvorn. 250 kroner tur/retur. Påmelding post@torvis.no

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *