Då Matthias Foss måtte gå til Dale på bispevisitas (JSA 2010)

Hoel, Oddmund L. (2010). Då Matthias Foss måtte gå til Dale på bispevisitas. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 54), 87-88. – Òg halde som tale under «bispegrauten» i Jostedal samfunnshus 6.11.2010.

Det gjekk ikkje lang tid frå Matthias Foss kom til Jostedalen som prest i 1742 til han rauk dugleg uklar med bygdefolket. Her følgjer ei tidlegare ukjent soge frå sommaren 1745 om kor dårleg stemninga var.

Måndag morgon 28. juli 1745 oppsøkte klokkar Ole Knutson Grov og ein flokk jostedøler  biskop Oluf Bornemann i Dale. Biskopen hadde halde visitas for Luster og Jostedalen i Dale kyrkje dagen før. Jostedølene kom i eit alvorsamt ærend: Dei ville framføre ei rekkje klagemål mot soknepresten i Jostedalen Matthias Foss.

Biskopen konstaterte at det var mykje ”misforstaaelse, uroelighed og ueenighed mellem præsten og menigheden”, så den 11. august gav han ordre til prost Anders Daae i Vik om ”nøye at examinere og forhøre aarsagen og omstændighederne.” Det skulle med andre ord setjast ned ein prosterett, som var ein del av kyrkja sitt eige rettssystem fram til 1800-talet. Vitneforklaringane og alle brev i saka vart sirleg førte inn i justisprotokollen til Indre Sogn prosti som i dag ligg i Statsarkivet i Bergen. Difor har me i dag eit unikt innsyn i konfliktar i det vesle jostedalssamfunnet midt på 1700-talet.

Det fører for langt å gå inn på klagemåla mot Foss som var opphavet til saka. Det var ei rekkje mindre saker, men summen av dei vart viktige nok fordi dei var dei konkrete uttrykka for ein djup mistillit mellom Foss og bygdefolket. Foss var på dette tidspunktet berre 31 år, og han hadde vore prest i Jostedalen i drygt tre år. Her skal me nøye oss med ei lita forteljing om kor hard fronten kunne vere også på det reint personlege planet. Det galdt dramaet som utspelte seg kring Foss si reise til og frå visitasen i Dale der klokkar Grov og allmugen framførte klagemåla sine.

Ein del av skatteplikta til bøndene var å gje presten eit visst tal frie skyssar årleg. Det gjekk på rundgang mellom gardane, og det var ein skyss Foss trong til embetsreisene sine. Foss fekk melding 19. juni 1745 om at han var innkalla til bispevisitasen 25. juli, og i 1745 var det gardane i Krundalen og Mjølverdalen som skulle stille med skyss. Under gudstenesta 18. juli bad Foss difor Paul Hellegård og Anders Haugen om å stille med hestar i Prestegarden om kvelden torsdag 22. juli for å skysse presten og kløva hans til Dale på fredag. Men Foss fekk raskt nyss i at dei to krundalsbøndene ikkje kom til å stille, så han sende lensmann Tøger Snøtun og Klaus Øvregard fram til dei for å undersøkje saka. Onsdagen kunne Snøtun og Øvregard stadfeste at Haugen og Hellegård ikkje kom til å stille med skyss og heller ikkje ville betale for seg.

Foss hadde altså lukta lunta, og alt måndag 19. hadde han prøvd seg med reserveløysinga, som var å be lensmann Snøtun stille med hestar om Haugen og Hellegård ikkje stilte. Men også frå lensmannen vart det nei – han hadde lova bort hesten til sonen Anders Snøtun, som òg skulle til Luster på overhøyring med biskopen.

Endskapen vart difor at Matthias Foss måtte gå. Av ein eller annan grunn hadde han ikkje hest sjølv slik at han kunne ta seg til Dale utan hjelp. Foss la i veg og gjekk fyrst opp på Garen, ”hvor manden forbarmede sig over mig og skydsede mig til sin nabo” i Sperla. Der fekk han lånt seg ein ny hest så han kom seg til Ormberg, ”hvorfra jeg maatte gaa de bedrøvelige lange fjeldveje, og da jeg kom til gaarden Nedre-Vigdalen paa Storhaugen, var jeg saa træt at jeg kunde knap komme af stædet, hvorfor jeg maatte hvile mig noget.”
Etter ein pust i bakken på Nedre Vigdalen ”gik jeg til Øvre Vigdalen, hvor jeg maatte lægge mig nedpaa marken, og krympede mig snart som en orm, det baade manden paa stædet Søren Øvre-Vigdahlen med sin hustrue, samt den mand der var i følge med mig navnlig Ole Birk selv saae.” Presten gjekk så laus på Ole Bjørk med ”mange begiæringer og betalingstilbud”, og han gjekk til slutt med på å skysse ”min kløv ned til søen”, som Foss så langt hadde baska og bore på. Hadde ikkje Ole Bjørk gjort det, ”maatte jeg have ladet den blive tilbagestaaende med kirkens papirer samt mine præste-klæder”. Me kan her leggje til at det ikkje er så rart at den eldste kyrkjeboka for Jostedalen (1733–51) er noko medteken!

Men presten sjølv måtte gå, og ”hvad jeg ellers maatte udstaae siden den lange og besværlige vej fra Øvre Vigdahlen intil jeg kom til Kilen er Gud allene bekiendt. Mange gange maatte jeg lægge mig paa vejen og tænke til sist ikke at have kommet der ned, siden jeg blev saa magtesløs at jeg snart ikke vidste hvor jeg skulle vænde mig.” Då Foss til slutt kom til Kilen øvst i Dalsdalen, var han ”saa opgiven og udmattet at jeg intet mere kunde gaae, og havde hand [bonden på Kilen] ikke vildet skiødse mig den resterende vej til Lyster, var det mig ganske umuelig at have kommet længer, men havde maattet nødsages at blive der jeg var”.

No var både Foss, kyrkjepapira og prestekleda komne til Dale, men problema stogga ikkje der. Heime hadde Foss si gravide kone Marie. Då folket gjekk frå kyrkja sundag 18. juli, sa Foss til Kari Elvekrok at ho skulle be mannen Sjur stille med den frie hesten han skulle yte for dette året slik at Marie òg kom seg Dale fredag 23. juli i lag med mannen. Men meldinga attende frå Kroken var at ”hand ikke vilde komme”. Same fredag sende Foss husmannen Endre Johansen til Sjur Elvekrok for å be på nytt, men svaret var framleis nei. I staden brukte Sjur Elvekrok hesten sin til å frakte ei kløv never til fjorden laurdag 24. juli, kunne Foss fortelje. Det enda med at Ole Mjølver ”forbarmet sig” over Marie Foss og skyssa ho til Dale slik at ho fekk høve til ”at foreene sig med Gud” (og ektemannen).
Prestfolket kom seg altså til Dale med mykje styr, men det skulle ikkje bli lettare å kome seg heim att. I Dale hadde Marie og Matthias Foss fått kjøpt noko rug av handelsmannen Dominicus Lemvig på Dalsøyri. Då jostedølene skulle heim etter visitasen, bad Marie Foss lensmannssonen Anders Snøtun (ca 20 år) og klokkarsonen Otto Grov (23) ”med tiggendes bøn og begjæring” om ”de da vilde tage nogen rug frem med sig for os i hvor lidet det end blev, siden vi ikke havde brød i vores huus til vores smaae børn.” Dei to gutane førte ”liden og saa godt som ingen kløv tilbage”, så Marie Foss meinte dei hadde plass.

Men nei – dei ”rejste hjem og lod rugen ligge”. Foss slo bittert fast at ”disse stoerhjertede mennesker [var] saa haarnakkede og fuld af ondskab, at de vilde ikke følge hende, som en barselkone udi sin begjæring.” Med kornet liggjande att i Dale måtte difor prestefamilien dels låne mjøl av ”fattige Huusfolk, som saa godt, som selv tigger sit brød”, og dels ete brød ”der var blandet med almebark”. Så ille var det at gjennom heile sommaren hadde Foss med ”min frugtsommelige kone og 3de umyndige børn vært færdig at crepere” fordi dei ikkje fekk frakta fram kornet. Foss kunne fortelje at utover sommaren og hausten hadde både Anders Lien, Peder Fåberg, Lars Fåberg og Rasmus Kronen nekta han skyss. Derimot, sa Foss, fekk Rasmus Kronen på same tida lett låne hestar av dei andre bøndene for å frakte kløver med smør til Røneid der det skulle seljast. Rugen prestfolket hadde kjøpt på Dalsøyri, greidde ikkje Foss å få til Jostedalen før 6. september då Kristen Sperla henta han for ”saa godt som dobbelt betaling”.

Det var rugen, men korleis gjekk det med heimreisa til herr og fru Foss? Den 6. august kom sjølvaste futen til Dale for å vere med på sommartinget, og Foss klaga si naud til han og bad om at syndarane måtte straffast. Futen gav då lensmann Tøger Snøtun ”ordres at forskaffe mig skiøds hjem”. Men lensmannen fekk ikkje skaffa Foss hestar før seint om ettermiddagen laurdag 7. august, så for Foss var det ”plæt umuelig at jeg kunde komme hjem før søndags aften”. Om sundagen hadde Foss som vanleg tillyst gudsteneste, og i kyrkjeboka kan me lese at ”dend ganske Justedahls almue comparerede og var kommen til kierketiid ved kierken”, men Foss glimra altså med fråværet. Ein treng ikkje mykje fantasi for å tenkje seg kva samtaletemaet var mellom jostedølene som møttest i kyrkja den dagen.

Det burde såleis vere klart, meinte foss i prosteretten, ”hvilket et ondskabs og halstarrigt folk her gives paa stædet imod mig”. Jostedalen var ein ”langt fraliggende afdal” og ”jeg maae boe her oppe blant nogen ondskabs mennesker, der snart kunde øve sin ondskab endnu viidere og verre efterdags”.

Då er det på tide å leggje til at det einaste me har å byggje på, er Foss sin versjon av saka, og han smurde nok tjukt på. Dei som nekta Foss skyss, fekk aldri høve til å svare på desse klagemåla. Allment veit me at skyssplikta var mykje mislikt av norske bønder, og jostedalsbøndene hadde sikkert bruk for hestane sine til anna arbeid og transport. Samstundes har me òg sett at bøndene ved å nekte å stille med skyss sat på eit kraftfullt verkemiddel som kunne gjere livet temmeleg surt for presten.

Korleis enda så det heile? Etter tre rettsmøte og 40 tettskrivne protokollsider kom det til forlik. Retten bad mellom anna soknepresten handsame kyrkjelyden med ”kjerlighed og sagtmodighed” – det siste var nok ikkje den sterkaste sida til Foss. Allmugen måtte på si side handsame soknepresten sin ”i ald ærbødighed og kjerlighed”, og kanskje viktigast: ”yde til ham det øfrigheden har tillagt ham” (som fri hesteskyss).

Men nokon ’happy ending’ var dette ikkje. I 1753 braka Foss og allmugen saman att i ei ny prosterettssak, og på grunn av striden med allmugen – og med kona si – måtte Foss finne seg å bli verande i Jostedalen livet ut (til 1792). Og i 1762 måtte han jamvel finne seg i at ein av syndarane, klokkarsonen Otto Olson Grov, vart eigar av Jostedal kyrkje.

Kjelder

Statsarkivet i Bergen, Indre Sogn prosti, justisprotokoll nr. 1, fol. 99a og 113a-114a.
Statsarkivet i Bergen, Jostedal sokneprestembete, ministerialbok A1, fol. 25b-26a. (Digitalarkivet.)
Gjerde, Anders. (2001). Handelsstaden Døsen. Kulturhistorisk leksikon. Henta 31.8.2010, frå http://www.sffarkiv.no/.
Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.  (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (Personopplysningar.)
Rettskrivinga i sitata er lett modernisert.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *