Heimfallera!

Enoksen såg lenge ut til å vera på sitt verste i heimfallsaka til han brått stod fram med supermanntrøya på fredag. Det er så lenge mellom kvar gong ein får oppleva politiske vedtak med så kraftig historisk sus over seg at det er verdt ei lita bloggfeiring.

Ei sak er eit titals private kraftverk som no vil gå over til staten dei neste 50 åra i staden for at staten, som til no, sel dei attende. Det siste er Fortun-anlegget til Hydro. Det fekk ny konsesjon i statsråd fredag, som siste sak før den provisoriske anordninga der slike konsesjonar vart ulovleg! Den 10. august 2057 går dermed Fortun over til staten. Då blir det dram å få på eldresenteret.

Langt viktigare er det likevel at norske kraftverk no ikkje lenger er kurant handelsvare. Mange internasjonale kraftkonsern har lenge sikla etter kommunalt eigde kraftverk, og politikarar i fattigkomunar har sikla etter pengane. Med andre løysingar i heimfallsaka ville det vorte kjøpefest. Det vart det brått ein slutt på.

Det same gjeld i dag som då konsesjonslovene vart vedtekne 1906-17: politisk styring er mogleg om ein vil, og det finst alternativ til liberaliseringa.

Dette innlegget vart lagt inn i Politikk. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *