Takk til Diffen

No er det slett ikkje slik at eg unnar Høgre eit godt val, korkje i hovudstaden eller andre stader, og såleis kan ein kanskje fryda seg over at ein 15 år gamal sveitskonto øydelegg valkampen for dei.

Men det var synd at dette skulle gå utover Per Ditlev-Simonsen. For målrørsla har han vore det einaste lyspunktet på høgresida i Oslo-politikken dei siste 10-15 åra. Han sat i styret for Garborg-året 2001 og var gjennom mange år ein av tungvektarane i partiet som tok til motmæle mot framlegg om «valgfritt» sidemål på landsmøta. Me var heller aldri tvil om kvar han stod i ordførartida sjølv om det i realiteten ikkje var han som styrte politikken. Som Bergens Tidende råkande skreiv på leiarplass i november 2003 etter eit av dei tallause nei til sidemål-framlegga frå Oslo Høgre: «Vi forstår ordfører Per Ditlev-Simonsen, som ser beskjemmet bort hver gang dette forslaget fremmes.»

Dette innlegget vart lagt inn i Politikk. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *