Husking på Haugamyrane

Andre stader tek ein visst snart til å plagast med plener som må klyppast o.l. Her er har det iallfall gått såpass hardt på snøen at det berre trongst litt making for å få opp huskene (trønderar: det er det same som «dissan»). Øyvind debuterte i dag.

[mygal=2007-04_husking-haugamyrane]

Dette innlegget vart lagt inn i Heimeliv. Bokmerk fastlenkja.

6 Responses to Husking på Haugamyrane

  1. rypa seier:

    Fy fabian så fine ungar du har!

  2. Tarjei seier:

    Ja, det må ein seia.

    Til det tekniske – teksten «prøve på samandrag» kom i RSS-straumen frå sida di. Det du ønskjer, er kanskje å plassera dette samandraget på framsida?

    Då finst det to måtar å gjera det på i WordPress:

    1. Dersom du bruker funksjonen the_excerpt() i staden for the_content(«Les meir») i «Hovudmal», vil WordPress berre visa samandraga på framsida. Problemet er at WordPress då vil prøva å laga samandrag for dei artiklane som ikkje har det ved å ta dei 55 fyrste orda frå innlegget ditt og droppa evt. HTML-kode. http://codex.wordpress.org/Template_Tags/the_excerpt

    2. Dersom du berre vil ha ein kort ingress på framsida, og visa resten av innlegget på ei eiga side, kan du rett og slett berre setja inn etter ingressen. Det føreset at du bruker the_content(«Les meir»)-funksjonen.

    Som sagt, ungane dine er veldig fine, men det heiter då «disse» andre stader enn Trøndelag òg? Faktisk er eg overraska over at det heiter «huske» på Haugemyrane, sjølv om bokstavrimet gjorde seg bra.

  3. Oddmund seier:

    Mange takk.
    Teknisk: du lukta lunta. Eg heiv inn prøve-setninga for å sjå kva som skjedde, og så skjedde inkje (trudde eg), og så gløymde eg det heile. Men tusen takk for tipsa – dette skal eg ordna ein vakker dag.
    Disse/huske: høyrer du Eli, det heiter ikkje «disse» berre i Trondheim. (Etter gamal NMU-sjargong skulle det vel heitt anten «desse» eller «hugse» for å få det norsk.)
    Ungane: dei var ikkje like fine då dei vakna alle tre i natt, dels på skift og dels på same tid. Men dei kjem seg i dagslys, dvs. kl 06.04 i dag etter verstasjonen til Skimannen, men eg kan lova at dagslyset var på full fart inn alt ein halvtime før det.

  4. rypa seier:

    Det er sjølvsagt mykje betre å svare deg på bloggen enn å snakke bort til deg, der du sit i vestenden av loftet, 7 meter frå meg: NEINEI, eg har då aldri hevda at disse var noko trøndsk, tvert om har eg sjølv sagt disse i heile oppveksten, ettersom det er det ein seier i Dale. Hompedisse, til dømes. Typisk altså, du høyrer jo aldri etter det eg seier!!!

  5. tante Kaaji seier:

    Den urbane tanta bruker stort sett ordet «disse» som «snakke nedsettande om» el.l. (kjem visst frå «disrespect», som dei som heng kring Oslo city og andre flotte hovudstadsinstitusjonar har forkorta). Eit moment i debatten eller ein digresjon? Truleg det siste…

  6. Oddmund seier:

    Dette var svært relevant – ordkløyving kan me lika. «Disse» i den tydinga var ny for meg, men dissing i rappen stod det om på
    http://www.localmotives.com/2003/poesi/norskrapp2004.html. Og der er det ikkje meir urbant enn at det er Ørsta-/Aasen-rapparane Side Brok som blir dregne fram som døme.
    Til rypa: skulle eg høyrt etter alt du seier, hadde eg ikkje rukke anna.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *