Det er meldt frå Skjåk at den kjære bamsen vår frå i fjor sommar er ute av hiet, men har han fått nye diet, for å bruka det verste rimet påskerevyen kunne by på i år? Neppe. Eit oppslag i Kristiansund-avisa Tidens Krav 12. april går nærare inn på bjørnen vår etter at Direktoratet frå naturforvaltning to dagar før presenterte resultata frå den store bjørnegranskinga si.
Eg som har halve slekta mi frå Oppdal, kan konstatera at den fyrste DNA-prøva av bjørnen stamma derifrå (2005). I 2004 herja han i saueflokkene i Sunndal og Oppdal. I 2005 heldt han seg i Lesja og Lom og har no to overvintringar i Skjåk bak seg. I fjor var han som kjent i Sogn og Fjordane, ikkje minst Jostedalen, og som turist må han seiast å vera eit førebilete: Han nøydde seg ikkje med ein dagstur, men heldt seg her over lengre tid, og han sette stor pris på lokal mat.
Tidens krav har summert og funne ut at denne bamsen har 519 dokumenterte søyer og lam på samvitet gjennom desse tre åra. Kjenner me Direktoratet for naturforvaltning rett, vankar det neppe fellingsløyve før ein er heilt sikker på at all sporsnø er vekke. Så me satsar på ein ny actionfylt sommar og tingar fyrst som sist det splitter nye informasjonstilfanget frå Norsk institutt for naturforsking, «Leve med bjørn».