Eller som det meir presist og formelt heiter i e-posten frå NTNU i dag tidleg: «Komiteen sin konklusjon er at Oddmund Løkensgard Hoel si avhandling fortener å bli forsvart for graden PhD.» Disputasen vert 20. november i Trondheim.
Oppdatering 24/9:
Prøveførelesing kl 10.15, disputas kl 12.30. Stad: Auditorium D3 på Dragvol. Fyrsteopponent vert docent dr. Torbjörn Nilsson (Södertörns högskola), andreopponent professor May-Brith Ohman Nielsen (Universitetet i Agder). Den tredje komitemedlemen er professor Ingar Kaldal, NTNU.
Hjarteleg til lukke! Sjølv skal eg i elden i hovudstaden 20.-21. oktober.
typisk at slikt kjem fram rett etter valet.
Til lukke! Ikkje at eg nokon gong var i tvil, altså.
Typisk at slikt i det heile kjem fram.
Til lukke! Men stod det verkeleg «fotener»?
Det stod «fortener» i innstillinga, ja – det gjorde nok det.
Gratulerer, bror! Eg bestilte faktisk flybillett før eg visste om godkjenninga. Botnlaus tillit til dr. in spe 🙂
Til lukke! Dette skal eg sanneleg prøve å få med meg.
Lukke til med disputasen! Eitt eks er tinga til biblioteket i tunet.