Innlegg om sidemål i BT

Dette innlegget stod på prent i BT i dag. Dei har piffa opp mi noko keisame overskrift til «Halvorsens åtak på nynorsk».

Slutt på eigen karakter og eksamen i sidemål?

Utdanningsdirektoratet (Udir) prøver i eit større innlegg i BT 28/1 å forklara kva det vil gjera med norskfaget og særleg med sidemålet. Bakgrunnen er at læreplanane i grunnskule og vidaregåande opplæring skal reviderast. Udir ynskjer å gje hovudmålet høgare prioritet på kostnad av sidemålet i norskfaget.

Det er to grunnar til at debatten den siste veka har nådd slike høgder. Den fyrste er at Udir har gjort framlegg om å avskaffa den separate vurderinga i sidemål. Det andre er at kunnskapsminister Kristin Halvorsen har gått svært langt i å støtta framlegget til Udir.

Udir seier at det framleis skal vera undervisning i sidemål. Men det mest vesentlege i innlegget kjem i eit lite avsnitt i siste spalte: «Vi foreslår også å redusere talet på karakterar i faget, slik at det blir éin felles karakter for norsk skriftleg. Den samla skrivekompetansen til eleven vil då liggje til grunn for karakteren. Det opnar for at læraren kan organisere skriveopplæringa på ulike måtar og ikkje må arbeide parallelt med sidemål og hovudmål heile tida. vil det føre til ei nedprioritering av nynorsk som skriftleg sidemål? Ja, det kan hende.»

Ja, det kan nok henda. Udir byggjer mellom anna på ein delrapport frå sitt eige Forum for norskfaget, som har skissert opplegget Udir har gått til departementet med. Men Forumet står hardt på at det både på ungdomssteget og i vidaregåande skule må vera eigen standpunktkarakter i sidemål på vitnemålet og/eller separat eksamen i sidemål. Åtvaringane mot den løysinga Udir går inn for, haglar i rapporten til norskfagsforumet: ”Utfordringane med ein felleskarakter er at delar av faget (munnleg? sidemålet?) kan bli skubba til sides, gøymt og gløymt.” – ”Dersom norskfaget skal gå frå den gamle ordninga med tre karakterar til ein felleskarakter, må sidemålseksamen etter studieførebuande Vg2 bli obligatorisk. Forumet vurderer det slik at dersom sidemålet blir borte frå den formelle dokumentasjonen på gjennomgått opplæring, vil det lett kunna forsvinna frå opplæringa.”

Dette samsvarar med dei eintydige meldingane frå lærarhald. Skulle Udir få gjennomslag for framlegget, er det eit alvorleg åtak på opplæringa i sidemål, som for eit stort fleirtal av norske elevar er nynorsk.

Det er no opp til kunnskapsministeren. På grunnlag av brevet frå Udir, som er tinga av departementet, skal ho leggja dei politiske føringane for det vidare arbeidet med læreplanrevisjonen. Her må ho setja klare grenser for kor langt Udir kan gå når det gjeld endring av karakter- og eksamensordninga. Gjer ho det, kan me få ein konstruktiv debatt om faginnhald og vurderingsordningar. Men let ho Udir tura fram utan å setja ned foten, er det Halvorsen som startar skyttargravskrigen ho åtvarar så sterkt mot.

Oddmund L. Hoel
Jostedalen

Sjå her for ein lengre versjon med peikarar til dei nemnde dokumenta.

Dette innlegget vart lagt inn i Målsak. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *