Det humanistiske fakultetet ved NTNU har no eit lite opplag av avhandlinga til (gratis) utsending etter «fyrst til mølla»-prinsippet. Ring sentralbordet ved NTNU (73 59 50 00) og sei kva det gjeld.
Oppdatering 16/11: NTNU har no gått tom. Det vert lagt ut nokre få eksemplar til utdeling i auditoriet under disputasen (gratis), og eg har eit lite opplag til sals, til kostpris. Det er berre å ta kontakt.
Sit du på bui og signerer ein dag før jul slik at årets julegåve får eit meir personleg preg?
Eg veit ikkje heilt kva plan forleggjaren min (HF, NTNU) har for lanseringa bortsett frå eit større bokslepp med innleigde kommentatorar i Trondheim 20/11 kl 12.30 som dei visstnok har lagt ein del ressursar i. Men eg kjenner meg temmeleg sikker på at signering utanfor bui i jolehandelen står på lanseringsplanen saman med språkhistorisk joleverkstad og dumpingsal med bøker til halv pris på nyåret.
Oppgåva blir ikkje lagt ut elektronisk hjå Bibsys?
Skal bli bok, så eg gjer det iallfall ikkje enno.