jump to navigation

7 Doktoravhandling

Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940

Ph.d.-avhandling, levert ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet, Det humanistiske fakultetet, Institutt for historie og klassiske fag.

Avhandlinga er skriven innanfor prosjektet Det opne språket, som gjekk 2003-07 ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda.

Avhandlinga vart levert 27. mars, og disputasen var 20. november 2009. I vurderingskomiteen (oppnemnd 24. april) sat professorane Torbjörn Nilsson (Södertörns högskola, Sverige), May-Brith Ohman Nielsen (Universitetet i Agder) og Ingar Kaldal (NTNU). Innstillinga frå komiteen kom 16. september.

Både NTNU og eg sjølv har gått tom for avhandlinga, men ho kan lånast på ein del høgskule- og universitetsbibliotek. Ein revidert versjon vil kome som bok på Samlaget hausten 2010.

     Samandrag 
     Innhaldsliste og føreord (pdf)
     Mål og maskulinitet – prøveførelesing til ph.d-graden, 20.11.09 
     Presentasjon av avhandlinga på disputasen 20.11.09

ISBN 978-82-471-1816-0 (trykt utg.)
ISBN 978-82-471-1817-7 (elektr. utg.)
ISSN 1503-8181
Doktoravhandlingar ved NTNU, 2009:208

omslag-avhandling

Publisert 23.07.2008 | Sist endra 10.06.2010 | Skriv ut sida | Send som e-post |

Kommentarar»

1. Arnhild Skre - 8. oktober 2009 kl 22:31

Denne avhandlinga må eg ha! Kvar og korleis er ho å få tak i?


Blogroll Link Update