Skribentarkiv: Oddmund
Lustramarknad og målpris
Og i dag heile familien på ekspedisjon til Lustramarknaden i Gaupne i steikjande sol. No har det vel vore varmt så lenge at det er lov til å klaga? Jentene fekk prøva seg på verdas minste tivoli, og elles surra … Les meir
No òg i modellbransjen
Bygdelivet byr på så mangt. I går baud det på ein gjeng med hyggjelege reklamefotografar for eit tysk firma som sel friluftsutstyr og -klede. Kajakk-Andy hadde rigga det heile, og dei trong berre eit par små jenter og koppelamma til Harald … Les meir
Sumaren er nok her
[mygal=2007-05-pinse] Trass i kaldtrekken kunne gårdagen (pinsedagen) by på to typiske sumaraktivitetar: Tur på hi sida av elvi frå Heljegardsbrui til Gjerde, og grilling ute.
Kongeleg målreising
Denne gongen kan eg presentera eit grenseseprengjande historisk funn. Kong Haakon uttalte ein gong at den norske målreisinga var «berettiget», at danske embetsmenn sjølv burde ha lært seg norsk og det har svekt nasjonalkjensla at dei ikkje gjorde det. Sitatet er … Les meir
Noregs Mållag 1906-1918
Her er litt å bita i for språkhistorienerdar. Frå skipinga i 1906 og fram til 1918 vart årsmeldingar, årsmøterefererat, rekneskap og andre sentrale organisasjonsdokument for Noregs Mållag samla i fire prenta hefte. Dette er dei viktigaste kjeldene til historia til samskipnaden … Les meir
Motkultur-saus om Frp
I eit større oppslag 11. mai prøvde Klassekampen seg på å sjå Frp-framgangen på Sør- og Vestlandet i samanheng med «motkulturane». Oppslaget ligg diverre ikkje på nettet. Innlegget nedanfor stod 18. mai. [mygal=frp]
Til lukke, Bård!!
.. som i dag stupte over målstreken og fekk levert ei av verdas siste hovudoppgåver – dette semesteret er overgangsordninga slutt og alt blir «master». Kommisjonen kan no gle seg til oppunder 300 strålande sider om ordtradering på Stord.
Endeleg
Til glede for vanvittig mange, og etter tallause etterlysingar, har eg no teke til å leggja ut språkhistorieartiklane mine (under «tekstar» i toppmenyen). Mange låg rett nok på dei gamle nettsidene, men no blir dei flytte hit slik at de … Les meir
1. mai i Krundalen
Og som i Nord-Korea er det dei aller yngste som må stå for flaggparaden. Tidleg opp må dei òg.
Skitur – Bjønnstegane
[mygal=bjonnstegane] Glitrande skiføre på laurdag, iallfall opp til fyrste brua som var så langt me kom oss. Når far i huset legg att pulkdraget er det fint at mor hugsar beremeisen. Ho har elles sagt det som treng seiast om … Les meir