Skribentarkiv: Oddmund
NM i komma
Oppgåve: finn ein feil. (Om potetdagen: sjå historielaget)
Potet
Dei sameinte nasjonane seier at 2008 er det internasjonale potetåret. Sidan Jostedalen er med i SN, vert det stor potedag laurdag 27. september. Her kan ein prøve å slå Marit i Kroken (gløym det!) i kvalifiseringa til NM i poteskrelling på Hamar. … Les meir
Analog slutt
Snart stengjer det analoge bakkenettet, og montøren har no fått ned den gamle gode antenna.
Ferdig snart?
Somme spør av og til når eg er ferdig med avhandlinga. Til dei har eg lagt ut litt informasjon her. Frå det eg trudde var venlegsinna hald, har eg dessutan motteke denne:
Meir om Tshering-aksjonen
Toppoppslaget på Vestlandsrevyen fredag var om aksjonen – Tshering og Steinar B intervjua. Det finst mengder med informasjon på nettet om K2-ulukka, særleg etter at dei overlevande vestlege klatrarane kom heim. Her er eit par med relevans for denne aksjonen: > … Les meir
Tsherings støttefond
Jostedalen breførarlag har teke eit prisverdig intiativ til eit støttefond for ein av sine tilsette, Tshering Pande Bhote. Fjellføraren frå Nepal har no gledd oss med det blide oppsynet sitt gjennom fleire somrar. Den mykje omtalte K2-ulukka i Pakistan 1. august … Les meir
Ortopedi
Lærdal kl 12.45: Harry Mowatt gjentok på radioen i føremiddag at det er for mykje ortopedi i fylket. Knalltora som datt ned troppi, og ikkje minst sjåføren, er veldig glade for at me ikkje er på veg til Førde for … Les meir
Spelegalskap
Nettspel har aldri vore mi greie, men denne fall eg for. Tek sjansen på denne reklamen sjølv om kommunen som òg er kjent som Noregs beste kasta ut automatane for eit par år sidan.
Pontoppidan på visitas
Endå ein hardtslåande bisp har kome til orde hjå Jostedal historielag. Denne gongen var det ikkje jostedølene allment, men presten Matthias Foss, kona og embetet hans som fekk gjennomgå. Det Pontoppidan skriv om Jostedalen i visitasberetninga frå 1749, har ikkje … Les meir
Vrange jostedøler i 1625
I eit brev frå 1625 gav biskopen kyrkjelyden i Jostedalen inn etter notar for å stelle dårleg med den stakkars soknepresten. Om ikkje jostedølene gav presten det han hadde krav på etter kallsbrevet, «foruden Knur, Vrangvillighed, skalkagtig Underfundighed og Bitterhed,» … Les meir