Dølen 150 år

Jubeldag i dag: 150 år sidan Aasmund Olavsson Vinje gav ut fyrste nummeret av den fyrste nynorskavisa, Dølen. Det må feirast, så her kjem ei eksklusiv utgåve av kapittel 10 i hovudoppgåva mi (side 265-294) om Dølen og den store målstriden hausten 1858.  

Kapittel 10. Nye minningar frå målstriden om hausten 1858

Opptakt

Etter hausten 1852 gjekk Aasen i målpolitisk eksil, men i 1857 kom han fram att med det kritiske essayet «Om Dannelsen og Norskheden», prenta i Folkevennen.[1]

       Stykket var eit prinsipielt oppgjer med det rådande synet på tilhøvet mellom språk, kultur, daning og nasjonalitet, og Aasen gav ei brei framstilling av sitt eige syn på dette spørsmålet. Det som er sagt om idegrunnlaget til Aasen i kapittel 8, er i stor mon representativt for innhaldet. Han slo fast at røynleg «Dannelse» var «en Forfremmelse og Forbedring i Sjælens Evner; den er altsaa en indvortes Fuldkommenhed» (Aasen 1857:64). Dette hadde ikkje noko å gjera med skikkar, nasjonalitet eller sosial bakgrunn. Han polemiserte mot alt som smakte av falsk og påteken ytre daning, som han kalla både «Fornemhed», «Skindannelse», «en ydre Forfinelse», eller oppførsel etter «Storviis eller Stormandsviis» (t d s.64).

       Han freista definera kva som låg i omgrep som «Nation», «Nationalitet» og «Norskhed», og han kritiserte dei utanlandske skikkane som hadde slege rot i byane og haldningar som sa at det norske stod attende for det framande. Problemet var ikkje innflyttarane, men dei mange nordmennene som har «gaaet over til de fremmede» (s.71). Men på den andre sida hadde nordmennene mykje å vera glade for. Landet var rikt på ressursar, og det låg heldigvis i «en Udkant af Verden» og hadde grannar som «ikke ere stort mere anseede end vi selv». Han meinte dessutan at nordmennene utgjorde «… saa godt som en eneste Æt eller Stamme, og at dette er den samme Æt, som først har ryddet og bygget dette Land» (s.73). Posisjonen som liten nasjon i utkanten var sjølvsagt eit problem for dei som «… have ærgjerrige Tanker og tragte efter megen Magt og Anseelse i Værden», men so lenge ein var nøgd med luten sin og ynskte fred og ro, «saa er dog ikke vor Stilling saa slem endda» (s.75).

       Aasen var glad for dei nye innsiktene ein hadde vunne om språktilhøva i Noreg, for «… da vil rimeligviis den Tanke at reise dette Maal til en større Værdighed, end det hidtil har havt, ikke længere synes saa underlig som før» (s.95). Han tok til orde for ei atterreising av eit norsk skriftmål og ynskte at kunnige menn «… vilde begynde at skrive Bøger, F. Ex. Fortællinger og slige lettere Sager, i en saadan fuldkommen norsk Form, som de da alle maatte være enige om at følge» (s.98). Dette grunngav han både med at det ville gjera tilgangen til skriftkulturen lettare for folket, og at det ville styrkja sjølvkjensla til ålmugen og heile nasjonen.

       Stykket må lesast på bakgrunn av serleg tre tilhøve. For det fyrste meinte Aasen at han no hadde eit brukande skriftmål å tilby, og han var klår for å gå meir offensivt ut. Som han skreiv i eit brev til Ludvig L. Daae i november 1857: «Desuden anseer jeg nu mit Sprogsystem for at være saa vidt gjennemtænkt og ordnet, at det kan gaae an at bruge det, ialfald til en Begyndelse.»[2] Dinest hadde Aasen no fleire års røynsle frå det filantropiske opplysningsarbeidet gjennom Selskabet til Folkeoplysningens Fremme der han hadde vore meir eller mindre aktivt med sidan skipinga hausten 1851.[3] Her hadde han møtt mange av dei haldningane han kritiserte i essayet. Me kan soleis rekna med at Aasen har gått og gruvla ei god stund på dette, og dagboka hans fortel at han skreiv fyrste utkastet til stykket i dagane etter generalforsamlinga og representantskapsmøtet til Folkeopplysningsselskapet i februar 1857 (Aasen 1960 III:210). Me veit ikkje om Aasen vart oppmoda om å skriva artikkelen eller om det var ein beinveges reaksjon på noko han opplevde på møtet, men samanhengen er klår nok. For det tredje hadde striden mellom Paul Botten-Hansen og Ole Vig i 1857 loga opp att då Aasen sette seg ned med artikkelen (jf s.158). I essayet er Aasen innom mange av dei emna som hadde vore framme i denne striden.

       Folkevenn-heftet med «Om Dannelsen og Norskheden» låg føre like før generalfor­samlinga i Folkeopplysningsselskapet i februar 1857 (Aasen 1960 III:216), og det ser ut som om selskapet tok Aasen på ordet når han etterlyste skrifter i det nye målet. Keyser kom no inn i direksjonen, og han fekk styret med på å be Aasen omsetja Fridtjofs Saga til landsmål.[4]

       Omsetjinga kom ut som tredje tilleggsheftet til Folkevennen og låg føre i månadsskiftet september/oktober 1858. I denne samanhengen er både innhaldet og målforma mindre interessant.[5] Ut frå det som tidlegare hadde vorte akseptert av landsmål, skulle ein tru at ei omsetjing frå gamalnorsk låg trygt innanfor det dei tonegjevande i ålmenta kunne godta. Likevel hadde landsmålstanken no fengt i fleire miljø, og utgjevinga av Fridtjofs Saga kom til å falla saman med fleire andre framstøytar frå landsmålsvenleg hald. Det vart opphavet til ein stor og skilsetjande strid om landsmålet.

 

Framstøytane frå landsmålshald

Attåt Aasens Fridtjofs Saga byrja Vinje å gje ut vekebladet Dølen 10. oktober. I november kom det eit langt innlegg med eit prinsipielt og filologisk tungt forsvar for landsmålet frå Bergen (prenta i Christiania-Posten), og i desember kom Ny Hungrvekja av Jan Prahl, ein målpolitisk pamflett skriven på eit mål som låg nærare gamalnorsk enn nynorsk. Dessutan kom Norske Folkeviser av Sophus Bugge ut.

       Dette førde til ei rad åtak på landsmålet i hovudstadspressa og nye innlegg frå målfolket. Det meste hende i dei tre siste månadene i 1858, men det kom nokre etterdønningar utetter vinteren 1859, serleg frå landsmålshald. Utspela ser ikkje ut til å ha vore samordna, og ein kan vanskeleg tala om ein landsmålsframstøyt i eintal. Serleg ser målmennene i Bergen ut til å ha operert på eiga hand. Samstundes var striden eit klårt vitnemål om at det no fanst sterke landsmålsmiljø i dei to største byane.

       Miljøa og opphavet deira vert skildra og drøfta nærare i kapittel 12. Emnet her er innhaldet i dei mange utspela. Det er naturleg å ta det som kom frå Bergens-miljøet og Kristiania-miljøet kvar for seg, både av di dei var mykje godt ubundne av kvarandre, og av di ein kan sjå ideologiske skilnader.

 

Bergens-modellen

Dei to tunge innlegga frå Bergen må i det store og heile ha vore utforma før målstriden braka laus i hovudstaden, men dei nådde ikkje ålmenta før striden hadde rasa ei stund. Artikkelen «Lidt om norsk Sprog» av Marius Nygaard stod i Christiania?Posten i midten av november, men det er klårt at han var skriven tidlegare.[6] Han inneheldt heller ikkje «litt», men i alt over 10 spalter med prinsipiell argumentasjon for landsmålet. I desember kom Ny Hungrvekja av Jan Prahl ut. Prahl nemnde Aasens omsetjing av Fridtjofs Saga, men ein må rekna med at han alt hadde arbeidd med boka ei god stund før Fridtjofs Saga kom ut.

       Christiania-Posten hadde eit poeng når avisa meinte «… hin Opsats [artikkelen av Nygaard] i det Hele taget syntes at være forfattet af en Mand, der, skjønt vistnok ret dygtig, dog først temmelig nylig er traadt ind paa Filologiens Enemærker, saaledes viser ogsaa det nævnte Spørgsmaal Umodenhed.»[7] Nygaard var 20 år då han skreiv artikkelen og hadde då studert målvitskap i hovudstaden i tre år (sjå s.285f).

       Det teoretiske og metodiske grunnlaget for artikkelen var skulerett henta frå tysk romantikk og samanliknande målvitskap. For Nygaard var «… det nationale Element i Sproget af overordentlig Vigtighed, thi norsk Sprog er mig det vigtigste Udtryk for norsk Nationali­tet», og «… et Folk, som savner dette Nationalitetens vigtigste Kjendemærke, kan kun have svagt Haab om en selvstændig Fremtid». Han registrerte at det for tida var «… to Sprog, som kaldes «norsk», men det synes jo dog at være klart, at, er et Sprog norsk, kan et andet ikke være det, medmindre disse Sprog igrunden ere et, men det maa da først undersøges». Og det var nettopp det han gjorde i framhaldet, då sjølvsagt med det føremålet å skilja skarpt mellom norsk og dansk og ekskludera skriftmålet og det høgare talemålet frå nemninga «norsk». Han avviste at målet kunne vera «dansk-norsk», for den nemninga «… forudsatte, at dansk Nationalitet var det samme som norsk Nationalitet, eller at begge, blandede sammen i lige Forhold, vare gaaede over til en ny». Det var ein «historisk Umulighed» at eit språk kunne gå ut or to nasjonalitetar. Nygaard avviser blandingsmål på same vis som P. A. Munch og dei andre framståande talsmennene for den samanliknande målvitskapen. Han henta òg kriteriet for å avgjera nasjonaliteten til eit mål frå den samanliknande målvitskapen: «I Sprogets formelle Del eller den egentlige Grammatik fremtræder Folkeeiendommeligheden stærkere.» («Grammatikken» femna her både om morfologi og syntaks.)

       Men kva skal ein stilla opp mot skriftmålet når folkemålet berre fanst i ei rad ulike dialektar? Her hadde Aasen alt gjort arbeidet og synt at dialektane berre i «uvæsentlige Stykker afvige fra hinanden». «Naar Sammenligning med et andet Sprog skal finde Sted, kan man ikke tage Hensyn til et enkelt Bygdemaals særlige Egenheder, men kun til dem, som findes i alle Dialekter eller udgjøre Folkesprogets Mærker som Enhed betragtet.» Dette utdjupa han med å syna til Aasens seks punkt over kva som djupast sett var karakteristisk for «norsk» mål (sjå Aasen 1848:214-215, §341).

       Den skuleflinke språksamanliknaren Nygaard hadde soleis prova vitskapleg at ein hadde med to ulike mål å gjera: «Folkesproget og Skriftsproget ere ikke blotte Modifikationer af det samme Sprog, men to væsentligt forskjellige Sprog; alene hint er norsk, det andet er dansk.» Det «dannede Talesprog» plasserte han deretter like konsekvent i kategorien «dansk», for «Det eneste Punkt, hvori Talesproget har nogen iøinefaldende Forskjel fra Skriftsproget, nemlig om haarde Consonanter for bløde, bliver tilsidst ogsaa til en ubetydelig Udtaleforskjel.»

       Den andre delen av dobbeltartikkelen nytta han stort sett til å argumentera mot det dansk-norske målstrevet. Ein fekk ikkje eit norsk mål ved å ta opp norske ord i dansken sidan det var grammatikken og ikkje ordtilfanget som avgjorde nasjonaliteten til eit mål. «De danske Former maa bort og de norske optages, hvis dansk Sprog skal give Plads for norsk.» Men då måtte ein bruka tvang, for «naturlig kan en saadan Forening aldrig blive». Her hekk metaforar frå biologien laust – «Sproget er en fuldt udviklet Organisme», og det danske målet vart jamført med ein «Podekvist». «Den kunde kanske leve, men aldrig blive andet end en blot ydre Tilsætning, som uden Skade vilde kunne afskjæres; …». Å tala om «blandede Sprog» var meiningslaust, for slike fanst ikkje . «Et Sprog maa det være, et andet kan kun have havt uvæsentlig Indvirkning paa det.» Og om det no var mogleg, so ville me «… jo dog kun faa frem et Blandingssprog, et dansk-norsk Sprog, og det er jo ikke det, vi vilde have, men vi stræbe efter et norsk nationalt». «Fra et sproglig Standpunkt maa man saaledes protestere mod disse fornorskende Bestræbelser, idet disse baade misforstaa Sprogenes Væsen, og heller ikke lede til noget Resultat».

       Dei siste to spaltene var sette av til ein patosfylt argumentasjon for kvifor det var viktig å bli heilt norsk i målvegen. Det eine poenget var at ein hadde ein moralsk skylnad til å oppretthalda nasjonaliteten, ut frå ein ålmenn tanke om at kvar nasjon tilfører verda noko unikt. Det ein gjorde med nasjonalmålet måtte «… hvile paa en sand Grundvold. Til syvende og sidst er Nationaliteten kun en Form, men ikke en, som man kan beholde og bortkaste efter Behag, men som derimod er af væsentlig Betydning ikke alene for det enkelte Folk, men for hele Verden, da den repræsenterer en egen bestemt Side af Menneskeaanden.» Skal eit folk oppfylla denne skyldnaden, er det viktig at det uttrykkjer «en sand Folkepersonlighed» og ikkje «Affektation». Det andre og viktigaste poenget er sjølvforsvarstanken: Dersom ein nasjon skal kunna stå imot undertrykking og hevda det politiske sjølvstendet, må han vera språkleg og kulturelt sjølvstendig. Ved å kalla det danske målet «norsk», heldt ein nordmenne­ne i «planmæssig Uvidenhed om sit eget Værd». Dei mistydde og forakta sitt eige, og til slutt risikerte ein å koma so langt at undergraving av norskdomen ville kasta «Nordmændene i Armene paa et andet Folk».

       Den einaste farande vegen var difor å ta i bruk «Folkesproget» som skriftmål. Innvendingane om at det norske målet ikkje kunne brukast i «Civilisationens Tjeneste», møtte han med at det burde få ein sjanse. Det var ikkje snakk om å tvinga folk til å skriva det nye målet. Tvert om skulle det vera «Fuldkommen Frihed» til å nytta det eine eller det andre. Men når norsken fyrst var teken i bruk som middel for «Folkets Civilisation og Oplysning, vil den snart ogsa blive de «Dannedes» Sprog, og da først kunne vi sige, at vi ret have brudt med den gamle unationale Udvikling og begyndt en ny som Nordmænd

       Ny Hungrvekja kom ut anonymt i «Bergin» og var «Prentud hjá J. D. Beyer». Det har likevel aldri vore tvil om at forfattaren var den 25 år gamle Jan Henrik Fasmer Prahl.[8] Som Krokvik (1993:165) har sagt det, sette Prahl med Ny Hungrvekja merket sitt på ytterflanken i målsoga; «… hungrvekjamålet i dag som då er det nynorske endepunktet i gråsona mot det gamle norrøne millomalderskriftmålet som vart burte i Noreg.»

       Karakteristikken er òg dekkjande for innhaldet, som her skal få stå i sentrum. Ny Hungrvekja er eit offensivt kampskrift for ei nasjonal mål- og kulturreising. Til liks med Nygaard står Prahl trygt planta i kulturfilosofien til dei tyske romantikarane. Prahl vil atterreisa norsk mål, som han kallar «norrönt». Noko brått og definitivt målbyte ville han likevel ikkje ha. «Sagan», det vil seia Prahl, «… krevr inki, at hverr mann her i landit frá visindamanninn [vitskapsmannen] til bondinn i morgun bert skal skriva og tala norrönt» (s.92). Det lyt difor «… verda gert hvat moguligt er, til at spreida kunnskapinn om norröna málit snöggar og betr bland norröna folkit enn einn higgat til hevir gert» (sst). Det vart fyrst og fremst opp til «folkaupplysingar-sambandins» (Folkeopplysningsselskapet) og Stortinget, som året før hadde motteke eit krav frå Vinje om å ta inn norrønt som valfritt fag til examen philosophicum (s.100).

       Folkeopplysningsselskapet får det glatte lag for å senda ut skrifter i «vanliga dansk-norröna vesallmáll» (s.94), og serleg for noregssoga til Keyser (s.96). Prahl vil heller at dei skal senda ut bøker på Aasen-mål, og «Me segja i Ásins norröna; di at einn tarv inki dá rædast fyri, at folkit inki skal skyna» (s.93). Han nøyer seg i fyrste omgang med å krevja at ein tredel av skriftene skal koma på norsk (s.95). Det var eit rimeleg krav, meinte han, at «… hvar einn, som vil gerast student elr lieutenant, almugakennari [ålmugeskulelærar] elr undirofficier, lytr syna av sig fullnögjandi kunnskap i dann mannandi [humanistiske] grein, som einn likt med «latin» og «griksk» kann kalla «norröna».» (s.100). Målet måtte vera at dei vart like dugande i «norröna» som i dansk.

       Det ser ut som om han tenkjer seg Aasen-målet som ein overgang til «norröna» (s.94), og slik har iallfall Longva (1984:37) meint det. Men serleg klår er han ikkje på dette punktet, noko som serleg kjem av at «norröna»-nemninga hans både femnar om gamalnorsk og nyare norsk. Det er iallfall for enkelt å omsetja «norröna» med «norrønt» utan drøfting slik Longva (sst) gjer. På andre sida er det å dra Prahl anno 1858 for langt i Aasen-lei når Krokvik (1993:81ff) hevdar at Prahl eigenleg ville ha Aasen-normalen og berre såg på sitt eige mål som høgstil og eit eksperiment. Det er ikkje grunnlag for å tolka Ny Hungrvekja so konkret, og ein kan heller ikkje grunngje kva Prahl meinte i 1858 med at han sa seg samd med tankane til Aasen i 1871 og skreiv eit stykke på Aasen-mål i 1907 (Krokvik 1993:89).

       No er det frå min ståstad mindre interessant kva Prahl eigenleg meinte i 1858. Både målfolk og andre oppfatta han meir enn nokon annan som talsmann for eit mål meir merkt av norrønt. Skal ein peika på likskapar med andre, ligg han både ideologisk og språkleg nærast P. A. Munch og måltanken hans frå 1832 og 1845, og han gjekk jamvel lenger enn Munch.[9] Det gjeld ikkje minst i argumentasjonen som Prahl nytta for å koma fram til det nemnde og noko uklåre framlegget. Nygaard let den samanliknande målvitskapen vera berande i argumentasjonen, og dette førde logisk fram til eit val mellom å la seg undertrykkja og leggja landet kulturelt og difor politisk ope, eller å bli seg sjølv gjennom å reisa eit norsk mål. Det som skulle føra fram til rett standpunkt, var fyrst og fremst vitskapen og fornufta. Prahl la derimot hovudvekta på det historisk-moralistiske og appellerte til kjenslene gjennom ei innlevande skildring av den norske gullalder-, syndefalls- og atterreisingssoga. Målreisinga var eit oppgjer med historisk urett og danske overgrep. Prahl skildrar korleis danskane la Noreg under seg med hjelp frå ei lita gruppe danifiserte nordmenn. Slik gjekk den storfelte norrøne kulturen og det rike norrøne målet under. Men nordmennene ville ikkje vera «Undirdanir» (s.10). Problemet var ikkje lenger at Noreg var undertrykt av Danmark, men at ibuarar i Noreg stod i vegen for at den nasjonale reisinga kunne halda fram. Desse ibuarane var ikkje retteleg norske:

 

       Som me ovanfyri hava sagt, möta me bland Noregsbuarni tvæ tjodarkvislir [«nasjonsgreiner»]. Me möta ein stor yvirmengd, som kallar sig dann norröni bondinn, og som er ættud frá dei gamli Nordmenn; – og me möta ein litil undirmengd, som fyri störsti partinn er ættud frá utlendingar og som kallar sig sidhevdandi [kulturberande] Nordmenn. (s.32)

 

Striden i Noreg stod difor mellom to nasjonar, eller iallfall to etniske grupper, og dette synet ligg i botnen for den vidare argumentasjonen. Vona låg i bøndene og bondekulturen. Prahl var optimistisk, for Folkeopplysningsselskapet hadde prenta «Om Dannelsen og Norskheden» (1857) av Aasen i bladet sitt «utan at mæla mot» (s.39). Mykje av det som deretter fylgjer, liknar mykje på Aasen 1857. Prahl argumenterer mot at bondemålet er ueigna som kulturmål, og syner som Aasen at det berre er fordomar og vane og ikkje visse språklege eigenskapar som er grunnen til at bondemålet vert rekna som stygt og udana.

       Hjå Aasen var det demokratiske momentet heile tida sterkt framme (t d Aasen 1857) – eit norsk mål ville gjera tilgangen til kunnskap lettare for ålmugen. Noko slikt finst ikkje i argumentasjonen til Nygaard og Prahl. Prahl kjem inn på folkeopplysninga mot slutten, men då er det for å slå fast at ein førebels bør senda ut skrifter i Aasen si målform og ikkje i hans eiga, for at folket skal skjøna kva som står. Omsynet til bonden ser soleis ikkje ut til å ha vore serleg mykje framme i den aller fyrste målmannsflokken i Bergen. Dette snudde fyrst i 1860-åra då Henrik Krohn kom attende til Bergen og tok over førarskapen (Haugland 1971).

 

Vinje og Dølen

Heilt frå byrjinga av 1850-åra hadde landsmålsfolket tenkt på å få i stand eit eige blad. Ivar Aasen emna i 1852 på eit blad han ville kalla «Lendingen», som skulle vera eit månadsskrift om «nationale Sager»: «Skikke, Sæder; Fordomme og Sværmerie, Oplysning og Opdragelse.» Det skulle vera på landsmål og høyrde til dei langsiktige planane til Aasen (Djupedal 1970).

       I 1856/57 tenkte Ole Vig og Aasmund Vinje på å få i stand eit blad saman, men det rann ut i sanden. «Aarsagen var at Vig ikke drev synderlig paa Sagen, og Vinje blev ikke enig med sig selv, om hvad Sprogform han skulde bruge», skreiv Aasen, som er kjelde til opplysnin­ga.[10] Usemje om målforma er òg det fyrste den godt informerte Paul Botten-Hansen nemner i førehandsmeldinga si ei veke før prøvenummeret av Dølen kom ut.[11] Men no skulle «Overretssagfører A. O. Vinje, Thelemarking af Fødsel og indviet i vort Oldsprog», prøva seg, og Botten-Hansen kunngjorde òg hovuddraga av målforma Vinje skulle nytta. Utan Aasen som språkkonsulent hadde bladføretaket knapt vore mogleg. Tidlegare i 1850-åra hadde Vinje vore oppnorskingsmann, men han vart meir og meir språkleg radikal med åra, og etter å ha fylgt norrøntførelesingane til Keyser i 1857 tok han steget over i landsmålet med Dølen.[12]

       Dølen vart ein skilsetjande institusjon både i historia åt landsmålet serskilt og i norsk kulturhistorie ålment. Bladet gav landsmålet eit andlet og vart kjøt på beingrinda som Aasen hadde sett opp. Flokken Vinje samla kring seg, «Døleringen», vart seinare ein politisk maktfaktor i Noreg. Det var fyrst og fremst Dølen og Vinje som gjorde landsmålet til eit «motspråk» i tida fram mot 1870 og omsette den kulturkritiske tenkinga i landsmålsflokken fyrst i 50-åra til politisk praksis.

       Fyrste nummeret av Dølen kom sundag 10. oktober, og attåt ein lang innleiande programartikkel, inneheldt nummeret ei skildring av Ole Bull si ferd til Hedmark i 1858, eit stykke om «Skjoteselskapet «Prins Christian Augusts Venner’» og fire spalter med innan- og utanlandsnyhende slik det var vanleg for alle aviser og vekeblad på den tida. So gjekk det tre veker før andre nummeret kom (31.10.), men deretter kom Dølen ut kvar veke til 03.06.1860. Då vart det opphald til 30.03.1862, med unntak av eit einstaka nummer i desember 1860.

       Dølen inneheldt ei rad artiklar om mål og målspørsmål desse åra. I denne omgangen skal eg stogga ved programartikkelen i fyrste nummeret, sidan emnet er ordskiftet hausten 1858.[13] Her gjorde Vinje greie for målforma i bladet, han gav eit prinsipielt forsvar for målreisinga, han greidde ut om den redaksjonelle lina, og han kunngjorde nokre få ålmennpolitiske standpunkt som Dølen kom til å stå for. Om målet i Dølen skreiv han at «Fullnorsk torer (tør) han dog ikki vera», for då er det mange som ikkje skjønar han – «Det norske Folk er af det danske skakkjøyrt i Munnen, maa vita, – Byfolket meir en Landsfolket og Bygdarfolket meir en Fjøllfolket.» (Vinje 1993 I:227) Han ville difor prøva seg på eit mål som låg «midt imillom det norske og danske» (s.228). Han ville ikkje presentera eit fikst og ferdig mål, men «… lempa meg efter Folk, alt det, eg kan; tykkes Folk, eg gaar forvidt, skal eg slaa af, men ikki altfor mykit, og toler Folk betri Norsk, skal det faaes. … Eit Skuggsjaa (Speil) af det til Norskhet kjæmpande Liv vilde og derved faaes.» (sst) Her må det vel skytast inn at «Folk», iallfall dei som skreiv i andre aviser, meinte Vinje gjekk over alle strekar, utan at det likevel fekk han til å «slaa af». Derimot greidde Aasen å tukta han inn under Aasen-normalen, som han i all hovudsak fylgde frå 1860 (Bergsgård 1940:160).

       Både målet i bladet og målreisinga meir ålment grunngav han i fire punkt. For det fyrste var «det eit gamalt Ord, at man skal bruka sit Eiget og ikki laana seg fram» (s.229). Det var ikkje berre av di det var eins eige, men av di det hadde kvalitetar: «Den Greidhet og Fynd i Tanki og Tale, som merker ut vore gamle Skrifter, og som enno høyres af mangein Aalmugamann, den vil koma atter.» (sst) Norsk mål var ein betre reiskap for norske tankar enn dansk mål, som innbad til «Ordbladerassel». For det andre appellerte Vinje til den nasjonale byrgskapen: «Vi Alle elska Frihet og vilja intet heller, en at Norig skal staa paa eigne Føter og ikki lyda hverken Sverig eller Danmark, men vera javngod i detta Syskynlag.» (sst) Då måtte ein utvikla eit norsk mål. Noreg skulle ikkje berre bli lik grannane, men og hakket likare enn Sverige og Danmark slik at dei «… kunde læra af os som i gamle Dagar. Det var vi, som havde dei beste Skrifter, og vort Maal var det reinaste; …» Slik skulle målreisinga bli «Slutsteinen paa vort Stræv i folkeleg Retning». Ho var «Hovud-Hyrnesteinen» i fridomsverket, og utan målet ville «vort Frihetstempel vera bygt paa Sand» (s.230). For det tredje trongst eit norsk mål for å få fram «den rette Folkeaand». Det norske målet skulle gje folket den «… rette Mergjen til aa verja seg imot at forsvenskas eller fordanskas», for «Fraa det sereigne Maal og den dermed sambundne sereigne Tænkning og Huglynni kjem det Sereigne ved eit Folk, som vi kalla Thjodskap (Nationalitet), og som er det, der liksom later hvert Folk bera sit Offer fram paa Folkeferdis Alter til Ære for Gud. Vi maa derfor faa vort Maal atter.» (s.230) Slik uttrykte Vinje grunntanken i språkfilosofien til dei tyske romantikarane og nytta han til å stø oppunder ei norsk målreising. Det fjerde poenget knytte Vinje til det føregåande – målreisinga var ei fullbyrding av fridomen landet fekk i 1814. «Og liksom det var dei upplyste Menner, som gav os vor Frihet, soleides maa det og vera dei, som skulle gjeva os atter vort Maal. Aalmugamannen gaar som Barnet i den Vaxnes Fotfar (-spor).» (sst)

       Det elitistiske kultursynet som kom til uttrykk i den siste setninga, hadde Vinje sams med motstandarane. I ein artikkel seinare på hausten gjorde han grenseoppgangen klårare når han svarte på kritikken som hadde kome. Han ville at folket skal danast og innlemmast i «kulturen», men løysinga var ei heilt anna en den landsmålsmotstandarane ynskte. I staden for at folket vart hevja ved at det bytte mål, skulle folket hevjast ved at målet deira vart lyft opp på eit høgare daningssteg. Motsett motstandarane meiner Vinje at han har bonden på si side – han vil «halda med meg, naar han har tænkt seg om» (Vinje 1993 I:239). Han tok strategien til motstandarane på kornet når han hevda at

 

       Al denne velsignade Tale om «Culturen», «Agterudseiling» og «Tidens Dannelse» som Motsætning til vor Norskhet, er eit Vaapen imot os; for den store Mængdi er svært rædd for at kallas raa, og til raaare Ein er, dess ræddare er han, for han kjenner Ormen stinga han. Den aandelege Pøbel er so «dannet» og so «dannet»; han vil vera ein «Gentleman» paa harde Livet. … Det var denne Kniven, som «Dannelsen» stakk i Wergeland like til Skaftet. (s.240)

 

       Det Vinje skreiv om den redaksjonelle profilen i fyrste nummeret tydde ikkje på eit klårt opposisjonsblad. Han ville streva for at det kom «… støri Kunnskap, Folkeleghet og Sjelfstændighet inn baade i Regjering, Storthing og framfor Alt i det heile Folk» (s.230), og det skulle han få til gjennom å driva det me ville kalla kritisk journalistikk, serleg retta mot regjering og Storting. Han ville peika på det som ikkje var bra, «… so kan Folket med si Kjæmpehaand, om det vil, gjeva Nevaslaget». Han flagga òg med eigne politiske meiningar i nokre få saker. Innanrikspolitisk var det einaste attåt målreisinga at «Staten lyt vexa langsamt den» (s.231), og at skulestellet måtte betrast (s.233). Om skandinavismen og unionen meinte han mykje meir. Det kunne ikkje vera tale om noko nærare samband med Sverige – «dertil er Norig og Sverig altfor ulike» (sst). Men når Sverige fekk ei grunnlov so god som vår, avskaffa adelen, fekk ein opplyst rettstilstand, formannsskap og eit betre toll- og skattestell, og når «… vi paa vor Kant faa eit Maal, der liknar vort Oldnorske so mykit som det svenske gjerer det paa sit Vis», og når Noreg var kome like langt i «Aakerbruk, Budraatt og Fabrikdrift» som Sverige, då kunne det bli tale om eit nærare samband (sst). Eit hopehav med Danmark var endå mindre aktuelt, men når danskane «… bliver sine tyske Landsdelar kvit, og naar det byrjar at stæla (staalsetja) sit veike Maal med vort, daa skulle vi tala om at koma ihop atter» (s.232). Danmark kunne ikkje venta at Noreg sende soldatar til ein krig mot Tyskland, for Tyskland «… er os likso nerskylt som Danmark, det kan ein sjaa af Maalet i gamle Dagar» (sst). Når Sverige og Danmark nådde opp til Noreg i politisk fridom, «… kunna vi slaa Samlag og venta ein rik Haust» (s.233).

       Her er det naudsynt med nokre ord om den politiske tenkinga til Vinje for å skjøna korleis han og Dølen plasserte seg i den norske ålmenta. Som opningsartikkelen i Dølen syner, var ikkje bladet eit regjeringsorgan, men det var heller ikkje eit klårt opposisjonsorgan. Vinje var på denne tida heller ingen radikalar med sterkt tru på folket. «Aalmugamannen gaar som Barnet i den Vaxnes Fotfar» skreiv han, og Arne Bergsgård (1940:41) meiner at «Å tala om ein medviten politisk tanke hjå almugen var for Vinje nærmast humbug.» Likevel hadde han store tankar at dette folket kunne bli til noko stort. «Eg skulde upplysa den halve jord med det, berre det var rikt nok, og eg fekk læra det upp som eg vilde» siterer Bergsgård (1940:42) frå Ferdaminni (1861), og det var knytt til ein tanke om at alt liv vart edlare di lenger mot nord og høgare til fjells ein kom. Det hadde Vinje, etter Bergsgård (sst) funne grunnlag for hjå Jacob Grimm, og han fekk det seinare stadfest hjå Buckle og andre forfattarar i 1860-åra.[14] Men problemet, som Vinje sjølv hadde kjent på kroppen som småbondeson i Vest-Telemark, var at «stakkars arme mann, du er til magjen hyret» (sit. etter Bergsgård 1940:43). Vinje hadde difor ei usvikeleg tru på det materielle Framsteget – «Det er livsens ånd i hjulom» (sst:44). Som Bergsgård seier det (s.47): «Vinje er den fyrste norske diktaren som har sett kva kulturverd den [teknikken] har, kor teknikken intellektualiserer og dermed lettar arbeidet.» Likevel var han ein klår antimaterialist i den kvardagslege tydinga av «materialisme» (åndlaus egoisme og pengejakt). Berre ein fekk skipa det slik at folk ikkje trong slita livet av seg for føda, var det grunnlag for ei høgare opplysning som kunne skapa vilkår for politikk. Slik var han heller materialist i den filosofiske og marxistiske tydinga. Han såg korleis produksjonstilhøva skapte vilkåra for og verka inn på det åndelege. Han likte ikkje livet i dei avstengde bygdene der det vanta rørsle og framgang, og han reagerte kraftig mot den romantiske sverminga for det «naturlege» bygdelivet i rosseausk ånd, anten det «no fører til demokratisk forguding av almugen i politikken, eller til «hyttepoesi» i diktinga» (s.47). Opplysninga var noko som kom utanfrå, slik han sa det i «Nationalitet», fyrst prenta i Dølen i januar 1860 (Vinje 1993 V:137):

 

       Vi meina og tru, det gjævaste er     Dei største Tankar vi altid faa

       at vera ein Noregs Mann.                af Verdsens det store Vit;

       Ja, denne Heimen os fyrst er kjær; men desse Tankar dei brjotast maa,

       men vita vi maa, at den store Verd lik Straalar af Soli, som altid faa

       er berre vaart store Federland.       i kver si Bylgje ein annan Lit.

 

Dette er det hegelianske kulturprogrammet til Vinje i konsentrert form.

       Vinje var negativ til sosialismen, sjølv om han hadde hatt nær kontakt med thranerørsla i 1850.[15] Han tok likevel skarp fråstand frå det han oppfatta som rotenskap og maktmisbruk i dei øvste samfunnslaga, og han meinte eliten grov si eiga grav dersom han ikkje skjerpa seg (Bergsgård 1940:48). Men Vinje var ikkje berre redd sosialismen – ein vel so stor fare truga frå «… vitskapen og granskinga og serskilt bibelkritikken, for den grov grunnen unna trua» (sst). Her stoggar Bergsgård, og han problematiserer ikkje det nasjonale i serleg mon. Skal ein skjøna den sterke nasjonalismen til Vinje på eit kultur- og politisk-filosofisk plan, ut over «elsk til fedrelandet» og psykologiserande forklåringar som at nasjonalismen hans kom av lengt til heimbygda osb, må det vera ut frå ein tanke om nasjonalismen som verdsleg religionssurrogat (jf s.18). Trua på nasjonen skulle vera eit åndeleg lim i nasjonen på ei tid då trua på Gud var på hell.

       Det skulle soleis ikkje vera noko sereige ved den ålmennpolitiske haldninga til Vinje eller det venta innhaldet i Dølen som skulle tilseia at bladet vart meir omstridd enn slike blad vanlegvis vart. Vinje delte syn med mange i den liberale fløya av eliten, og som Haarberg (1985:34) har streka under, er det «… klart at det avislesende publikum var vel kjent med Vinjes skrivemåte lenge før lanseringen av Dølen.» Dei 700 Kristiania-korrespondansane i Drammens Tidende frå 1851 hadde gjort Vinje godt kjent i ålmenta. Det var heller ikkje i seg sjølv so oppsiktsvekkjande at det kom ut eit nytt blad. Midt på 1800-talet var det ein sterk vekst både i talet på aviser og i opplagstal (jf s.12). Publikum var dessutan godt vane med blad som Dølen og bladfykar som Vinje. Både Andhrimner (1851), Illustreret Nyhedsblad (frå 1851; Paul Botten-Hansen), Krydseren (1852-55; Ditmar Meidell) og etterkomaren Aftenbladet (frå 1855) var resonnerande og kommenterande organ i fri dressur med ironi og satire som varemerke. Vinje slo til alle sider, ofte hardt, men høyrde ikkje til noko klårt parti i det uoversynlege politiske landskapet i 1850-åra. Då Ueland og Sverdrup skipa «Reformforen­ingen» under Stortinget i 1859/60, høyrde Vinje til mellom dei fremste kritikarane av partistellet, som han meinte var til skade for den resonnerande ålmenta. Denne ålmenta tøygde Vinje til grensene, men heldt seg likevel innanfor, so nær som på eitt felt: det språklege.

 

Landsmålsmotstanden

Målstriden byrja med eit åtak på Fridtjofs Saga 1. oktober og var i det store og heile over ved joletider. Dei aller fleste landsmålsfiendslege innlegga galdt Dølen – eg har talt 16 store og små innlegg. Det kom tre meldingar av Fridtjofs Saga og ei av Ny Hungrvekja (Aasens melding i Dølen er då halden utanfor sidan ho meir er å rekna som eit innlegg i det interne ordskiftet mellom landsmålsfolk). Attåt kjem svara frå landsmålsfolket, og serleg Vinjes svar og kommentarar i Dølen. Eg skal her konsentrera meg om kritikken som kom frå Monrad (Morgenbladet) og Christiania-Posten. Frå båe hald kom det ein prinsipiell og godt underbygd argumentasjon, i lange artiklar. Ein viss skilnad på dei var det òg.

 

Monrad som tradisjonalist

Monrad hadde i mange år vore ein sentral ideolog i nasjonalromantikken og stått for ein opposisjonell nasjonalisme. Den viktigaste motstandaren hans hadde sidan 1850 vore den konservative eliten som forsvarte det danske teaterhegemoniet og ikkje såg verdet av det nasjonale. No møtte Monrad for fyrste gong eit alvorleg trugsmål frå andre kanten – frå eit miljø som konsekvent og med styrke ekskluderte både skriftmålet og det høgare talemålet frå «norsk» språk. Heilt nytt var ikkje synspunktet. Det hadde i alle år vore ein kjepphest for P. A. Munch, og Monrad hadde måtta forsvara seg mot påstandane i striden om teatermålet i fyrste helvta av 1850-åra hadde. Landsmålsfolket hadde òg sagt det same sidan 1852, og Monrad hadde uttala seg kritisk til landsmålet tidlegare, både i 1852 og i 1855 då han melde Ervingen. Men no kom det med eitt meir enn spreidde ytringar frå landsmålshald. Monrads åtak på landsmålet vart difor eit forsvar for hans eige nasjonalitetssyn og kulturfilosofiske grunnlag.[16]

       Alle dei fem artiklane hans i Morgenbladet var usignerte og stod på redaksjonell plass i «Christiania»-artikkelen saman med nyhendestoff og andre kommentarar. Dei tre fyrste galdt Dølen (fyrste nummeret),[17] og dei to siste[18] var hovudsakleg eit svar til Aasens forsvar for Fridtjofs Saga og landsmålet i Illustreret Nyhedsblad.[19] Eg tek dei her under eitt, med eit sideblikk til dei tidlegare ytringane hans i målstriden.

       Monrad var som vanleg klår og prinsipiell, og han samla åtaket sitt om to hovudpunkt: tilhøvet mellom språk og nasjonalitet, og tilhøvet mellom språk og kultur. Han slo fast at «vi» var «… ingenlunde blinde for det inderlige Baand mellem Sprog og Nationalitet.» Men Monrad hadde ein heilt annan definisjon av kva som var nasjonalt:

 

       … det Sprog som i saamange Slægtfølger har været Nationens Dannedes Sprog, det, hvori al høiere Oplysning har været Folket meddelt, hvori Lovene tale, Religionen forkyndes, hvori Skaldene synge, det, hvori Nationen selv er kommen til Selvbevidsthed og som den saaledes ogsaa ganske vist har paatrykt sit Præg: dette Sprog maa dog vel i udmærket Forstand siges at være Nationens eget, det, og ene det er netop i Sandhed Nationens Sprog som saadan, som Enhed og Almindelighed, medens Bygdemaalet netop kun er Bygdernes eller Almuens Maal, Men Bygderne ere ikke Landet, og endnu mindre er Almuen Nationen. Thi Landet omfatter f. Ex. ogsaa Byen, og Nationen er ogsaa de Dannede, ja det er netop i disse den samler sig af den naturlige Adspredelse til virkelig Enhed og Sammenhæng, i dem den naaer sin virkelige Selvbevidsthed som Nation. (17/10)

 

Skriftmålet var ikkje berre like nasjonalt, det var meir nasjonalt enn folkemålet. Men for å kunna hevda dette, måtte Monrad slå fast at skriftmålet var ikkje var eit framandt mål. Hadde kulturmålet verkeleg vore framandt, som tysk eller engelsk, var det fare på ferde, men det var det ikkje. Fråstanden mellom målføra og skriftmålet var ikkje større enn i mange andre land, og Noreg var ikkje lenger språkleg bunde til Danmark. Det kunne vore meining i å kalla skriftmålet dansk «… saalænge dog Kjøbenhavn var det egentlige Middelpunkt for vor Litteratur som overhoved for Dannelsens Udvikling.» Men no var banda til Danmark brotne, og me trong korkje språkleg eller på andre vis «at se op til nogen dansk Norm». Tvert om har ein byrja på ei utvikling «der uafhængig løber jevnsides med den danske». Retninga vart peika ut då ein kalla målet «norsk» i Grunnlova. Som prov på at ei sernorsk utvikling faktisk har gått føre seg, fører han fram dei gamle motstandarane sine, «… en liden Kreds af norske Mænd som, til Bedste for en vis Kjephest, have gjort sit til Ekko af hin danske Anskuelse» om å halda fylgje med Danmark i eitt og alt (25/11).

       I det fyrste innlegget hevda han at «… hvad Bondemaalet – eller rigtigere Bondemaalene, thi deres Enhed er dog et Abstraktum – mangle, er netop sand, almindelig Nationalitet.» (25/11) I same innlegget skreiv han tre gonger at «den norske Bonde er ikke alene den norske Nation». Dersom alle bøndene hadde budd for seg sjølv og «… havde blandt sig selv alle en Nations Elementer, havde Konstitution og Regjering, Øvrighed, Præster o. s. v. for sig selv, saa vilde der maaske ikke være nogen Umulighed i, at de gjennem Aarhundreders Barbari efterhaanden kunde udvikle en egen national Kultur og et eget Kultursprog.» (25/11) Nasjonaliteten er for Monrad soleis fyrst og fremst knytt til eliten, av di dei stod for noko som femnde om heile nasjonen, med andre ord ein definisjon som fyrst og fremst er tufta på motsetnadsparet «nasjonalt» – «lokalt». Ved fyrste augekast kan sitatet ovanfor sjå ut som ein territoriell og statsborgarleg nasjonsdefinisjon, men det etniske innslaget kjem klårt fram av at ein «national Kultur» fyrst kan koma opp etter fleire hundreår. Nasjonalitetssynet hans rommar difor ei sjølvmotseiing, på same måte som Knudsens freistnader på å definera norsk mål i 1850 (sjå kapittel 4). Monrad er eit stykke på veg avhengig av dei etniske og historiske kriteria i den tyske tradisjonen og førestillinga om ei folkeånd. Han knyter seg m a til dette perspektivet ved å syna til dei språkhistoriske granskingane til Steenbuch, som i 1820- og 30-åra argumenterte for at nordmennene hadde sett eit vel so stort preg på det sams skriftmålet som danskane. Samstundes freistar han å gjera eliten til dei mest nasjonale i målvegen, sjølv om dei etter hans eiga lære står lengst borte frå folkeånda, ved å seia at det nasjonale medvitet fyrst og fremst finst hjå dei. Dessutan femner språket og kulturen deira om heile nasjonen, både horisontalt og vertikalt.

       Løysinga på paradokset var, som me har sett tidlegare, den hegelianske dialektikken. Det nasjonale var heile tida under forming, og å sjå til står Monrad difor for eit langt meir dynamisk syn på nasjonalitet enn målfolket. Dei såg i større grad på dei nasjonale markørane som faste storleikar, ikkje på den måten at dei «unasjonale» ikkje kunne bli norske, men på den måten at målet og kulturen deira ikkje kunne bli norsk. Skulle dei bli heilnorske, måtte dei ta steget over i landsmålet.

       Det som derimot var langt meir statisk for Monrad enn for landsmålsfolket, var det andre hovudpunktet i åtaket (eller forsvaret) hans – tilhøvet mellom nasjonalitet og kultursteg. Slik knytte han i praksis nasjonalitet til klasse. Eliten var den mest nasjonale klassen, og den einaste måten ålmugen kunne bli like nasjonal på, var gjennom å tileigna seg elitekulturen og «Kultursproget». Eit hovudpoeng for Aasen var nettopp at målet i seg sjølv ikkje sette grenser for daningsnivået. Kulturen var ikkje noko som låg «i» språket, men noko som vart formidla gjennom språket og som ein like godt kunne formidla på norsk som på dansk, berre ein skaffa seg eit tilstrekkjeleg ordtilfang.

       Men at bondemålet kan «udtrykke hvad det skal være» er etter Monrad «idethele en daarlig Tale». Ein kan ikkje velja fritt kva mål ein skal uttrykkja seg på når det «… skal have Inderlighedens, Originalitetens Præg, hvor Sprogmidlet maa være givet med indre Nødvendighed». Det ville ikkje hjelpa om landsmålet hadde den «… allerstørste Rigdom og Bøielighed» av di det «… ikke faktisk er det Sprog, vi tale, og hvori vi have faaet vor Dannelse». Bondemålet har ikkje den «… Bekvemhed, vi maa fordre af et Nutidens Kultursprog, af den simple Grund, at det ikke har fulgt med Kulturen» og soleis vantar den «… Berigelse og Dyrkning, som vor Dannelses nærværende Standpunkt forudsætter». Aasen forvekslar difor kva målet er med kva det kunne vorte dersom det gamalnorske skriftmålet hadde vorte ført vidare (25/11). Å tenkja seg at «… Almuesproget skulde blive Nationens almindelige og almengyldige literære Meddelelsesmiddel, det Middel, hvorigjennem den tilegner sig og udvikler alle høiere Kultur-Elementer, er et Sværmeri, der staar i Strid med alle Kulturud­viklingens Love.» (17/10) Bondemålet hadde kome «agterud for Civilisationens Udvikling» og tilhøyrer no vesentleg «Idyllen». Det er denne idyllen folket skal danast ut or: «At ville skrive i et saadant Sprog for t. Ex. at oplyse Almuen, ansee vi for allermeest forfeilet; thi Almuen vil netop drages opad og udvide sin Kreds, ikke holdes tilbage i sin egen Sneverhed, paa hvad vi kaldte Idyllens Standpunkt.» (21/10) Men «’Landsmaalet» trænges høiere og høiere op i Afkrogene» meiner Monrad å sjå, og «Kultursproget … udbreder sin Indflydelse i videre og videre Kredse» (17/10).

       Monrad hadde tidlegare uttala seg positivt om Aasen og målgranskingane hans, og jamvel om Ervingen, sjølv om han då òg uttrykkjeleg hadde plassert landsmålet i «Idyl­len».[20] Landsmålet og dialektane var brukande «… for et særeget, saare indskrænket Feldt, kun for en vis Art af Folkelivs-Billeder; den er selv kun en Særegenhed, og hvad den mangler, er netop sand, almengyldig Nationalitet.» (21/10) «Dialekt-Litteraturen» ville hevda sin «… beskedne Plads som et Moment i de dannede Klassers Underholdning og Kunstnydelse».[21]

       Omsetjinga av Fridtjofs Saga fall difor innanfor det Monrad kunne akseptera,[22] og han var open for ein viss bruk av målet i litteraturen av di det gav «… en kraftig Lokalfarve og et vist naivt Præg» som ville ha ein estetisk verknad. Men det gjekk ei definitiv grense mellom slik kunstnarleg bruk på eine sida, og journalistikk og folkeopplysande skrifter på hi. Det var med andre ord akseptabelt å nytta landsmålet innanfor visse sers avgrensa sjangrar og når målgruppa var dei dana.

       Attåt det som alt er nemnt, hadde Monrad og ei rad polemiske poeng og mindre saklege argument som ikkje har serleg stor interesse her. Nemnast skal likevel utfalla hans mot den store variasjonen i det som vart skrive på landsmål, noko som tydeleg hadde til føremål å hindra at det feste seg eit bilete av landsmålet som landsfemnande og representativt for det norske talemålet. Målet til Vinje var eit «Bastardsprog» som var ei blanding av «Kultursproget» og telemålet, og Monrad jamførde det med «… det saakaldte Russenorsk; det er vistnok mindre end smukt» (21/10). Elles var meiningane om korleis landsmålet skulle sjå ut om lag like mange som hovuda som tenkte på det, og «… for hver ny Skribent, som fremtræder, ville vi udentvivl faa se en ny» (5/12). Dette mangfaldet var røynleg nok. I 1880-åra vart det eit hovudpoeng i Johan Storms åtak på landsmålet, og i 1858/59 var Aasen sjølv uroa over mangelen på einskap (sjå s.253ff).

       Landsmålskritikken til Monrad var ei logisk fylgje av det målpolitiske synet han hadde gjeve uttrykk for tidlegare. Det nye no er likevel at nasjonalitetssynet hans vart kraftig utfordra frå meir språkradikalt hald. I striden om teatermålet hadde han nytta nasjonalismen som eit våpen og ei brekkstong mot den politisk konservative eliten. No vart ein alternativ nasjonalisme, utforma av landsmålsfolket, nytta som eit våpen mot m a Monrad, og var soleis i ein defensiv posisjon. Fylgja vart at han vektla andre punkt i teorien sin. Fyrst i 1850-åra var det tilhøvet mellom nasjonalitet og språk som opptok Monrad mest. No stod derimot tilhøvet mellom språk og kultur/daning sentralt.

 

Annan kritikk av landsmålet

Det andre hovudorganet for landsmålsmotstanden var Christiania-Posten, og frå oktober til desember prenta avisa i alt kring 25 spalter med landsmålsfiendslege innlegg. Alle artiklane var usignerte, men målføring og argumentasjon tyder på at alle var skrivne av den same personen. Eg har ikkje funne ut kven forfattaren/-ane var, men som Olav Midttun nemner på, er det ikkje usannsynleg at ein av redaktørane iallfall hadde å gjera med Dølen-meldinga som er den Midttun omtalar (i Vinje 1993 I:424). Redaktørane frå oktober 1858 til 1861 var filosofen og bergmannen Christian Henrik Nicolai Mejdell (1822-99) og professor Weisse (1832-86) (NFL (4) 1896:28).

       Innvendingane var i stor mon dei same som Monrad førde fram i Morgenbladet. Den mest påfallande skilnaden er at argumentasjonen i «Posten» er meir inkonsistent og på visse punkt meir klårtalande.[23] Dei to hovudpunkta deira var definisjonen av det nasjonale i målvegen, og tilhøvet mellom språk og kultur.

       Meldaren godtok i det heile ikkje at det fanst eit nasjonalt språkproblem. Hadde målet vore «Spansk eller Russisk eller Mesopotamisk, … vilde vi havt Ret til at raabe ak og ve over vort tabte Modersmaal.» Men slik var det ikkje – «… vort nuværende Bogsprog har historisk Basis og en national Farve, som er fuldkommen nok til at erklære det for Nordmænds, ikke Danskes Sprog.» (22/10, sp.2) Språket hadde ein gong vore dansk, men det hadde vorte «indplantet» i Noreg, og «Har Sproget slaaet Rødder hos os, og det har det gjort, faar det voxe; Rødderne sidde for fast til at oprykkes.» Nasjonen hadde med andre ord «nationaliseret» det framande – det hadde vorte «den norske Redaktion af det danske» (22/10, sp.1). Det avgjerande var likevel det subjektive. «Sproget er gaaet over i den norske Nations Bevidsthed som dens Sprog.» Den nasjonale utviklinga var i full gang, og det var ingen grunn til uro (3/12, sp.4). Målfolket skulle slett ikkje ha monopol på det nasjonale: «… det er en Urimelighed at paastaa, at Bygdeskikken og Bygdesproget er det eneste rette Nationale, det, som gjør os til et Folk og bevirker, at vi føle os som et Folk» (9/11, sp.2), og nasjonen «bestaar ikke af Fjeldbønder alene.» (9/11, sp.3-4).

       Til skilnad frå Monrad freistar meldaren å bagatellisera og åtvara mot det nasjonale: «Den nationale Ensidigheed svinder i vore Dage mer og mer for det almene Kulturelement.» (22/10, sp.3) Ein måtte ikkje bli «henreven af national Fanatisme» (21/10, sp.5-6).

       Omsynet til kulturen var i det heile viktigare enn omsynet til nasjonaliteten. Medan argumentasjonen kring det nasjonale jamt over var defensiv og hadde som føremål å definera skriftmålet som forsvarleg norsk, hadde argumentasjonen som handla om tilhøvet mellom språk og kultur, eit langt meir offensivt preg. Det «indpodede Sprog» hadde halde fylgje med «Nationens Udvikling, fordi det just var dens Intelligents, der haandterede det.» Det «danske Sprog», som meldaren her kom i skade for å kalla det, hadde vorte

 

       … den dannede Del af Nationens Eiendom, og følgelig som sagt svarer til dens Kulturtrin. Det gamle Maal derimod forvistes til Fjeldene og kun Bonden fredede nogenlunde om dets Levninger. Det fik ingen anden Udvikling end den, som den simple udannede Mand var istand til at give det, med sine indskrænkede Begreber og Tanker kunde han neppe bidrage stort dertil; … (21/10, sp.5)

 

       På dette punktet gjekk Christiania-Posten lengre enn Monrad og postulerte ein samanheng mellom formelle lingvistiske eigenskapar og kulturnivå. Meldaren hevda at islendingen låg «… tilbage, fordi hans Sprog er oldnorsk. Lingvistiske Fortrin i Lyd- og Formsystem staa nemlig i et bestemt Forhold til det Kulturstandpunkt, som Folket staar paa, der taler det; …» (3/12, sp.5) Med andre ord stod eit formrikt (syntetisk) språk på eit lægre kulturnivå enn eit (analytisk) språk som hadde kasta av seg formrikdomen, og det norske folkemålet stod på «… et meget ældre lingvistisk Standpunkt i alle Henseender end vort Bogsprog.» (3/12, sp.6) Samanhengen mellom kultursteg og formrikdom hadde serleg P. A. Munch lagt stor vekt på i 1850-åra, m a i striden med Knudsen i 1853 (jf Søilen 1983).

       Å ta omsyn til ålmugen i målpolitikken var ein framand tanke for meldaren. Det kunne godt vera at ålmugen hadde lettare for å læra landsmålet, «… her er for det første aldeles ikke Spørgsmaal om hvad der er let at lære, men hvad Nationens Historie medfører at den maa lære.» Når det var tale om «Udvikling og Fremskridt», skulle ein dessutan ikkje spørja «Almuen om hvad den behager at gjøre, men holde sig til den Del af Folket, som er kommen længst, saasandt som denne ikke gaar i en falsk Retning.» (4/12, sp.3) Her var det ikkje det aller minste tvil om kven som skulle leggja premissane for språk-, kultur- og samfunnsutvikl­inga.

       Domen i Aftenbladet var den same. Avisa hadde den satiriske tradisjonen frå Krydseren å ta vare på og peika seg difor ut med den minst saklege og mest ironiske og nedlatande kritikken av landsmålet.[24] Dølen representerte ein kultur som høyrde heime mellom «Hougfolk» og «Troldpak» og burde døypast om til «Pipervikingen». Innhaldet i kritikken var elles den same som i Christiania-Posten og Morgenbladet. Redaktøren Ditmar Meidell var ein gamal fiende av Vinje og kom jamleg med polemiske utfall mot «Drammens-Korrespondenten» utetter 1850-åra. Bjørnson hevda seinare at Meidell «ikke kunne udstaa» Vinje.[25] Haarberg (1985:200) stør seg til NFL når han hevdar at meldaren kan vera Hartvig Lassen (1824-97), og det er ikkje urimeleg. Lassen høyrde til krinsen kring Meidell og Krydseren frå tidleg i 1850-åra (jf Linneberg 1992:57), og han vart seinare ein kvass landsmålsmotstandar som m a Garborg skreiv imot.

 

Ein mellomposisjon: Paul Botten-Hansen

Illustreret Nyhedsblad var eit unntak frå det einslydande åtaket på landsmålet frå resten av hovudstadspressa. Det er ikkje rett å seia at bladet forsvarte landsmålet, men bladstyraren Paul Botten-Hansen uttala seg sopass velvillig om Dølen at han meir høyrer til i kategorien «positive» enn «negative».

       Botten-Hansen var den som fyrst offentleggjorde at Dølen skulle koma ut, i ein notis 3. oktober. 17. oktober melde han fyrste nummeret av Dølen, og han likte stort sett det nye bladet. Han gjorde det klårt, som lesarane «… maaske af flere Tegn have erfaret, at vi ikke høre til Sprogreformatorenes Laug», og han passa òg på å få med at han «i sin Tid laa i sproglig Feide med Hr. Vinje» (sjå s.151). Etter å ha langa ut spark til dansk-norske målstrevarar av alle slag kom Botten-Hansen til at «Vore Sprogreformatorer kunde man maaskee dele i to Klasser: de, som ville noget Nyt og tillige noget Stort, og de, som ville noget Nyt, men kun fordi det er nyt, altsaa ikke det Gamle.» I fyrste gruppa var Ivar Aasen, «og til samme Parti maa ogsaa Vinje nu henregnes». Botten-Hansen respekterte «en Stræben, hvis Maal er stort», men «… vi kunne derimod ikke bare os for Harme ved at see Folk i ydre orthographiske Smatterier». «Vi Konservative» (mi uth) ville ikkje kjempa mot radikalismen til Vinje av di «den saa alligevel aldrig vil medføre nogen Fare». Botten-Hansen såg tvert om verdet av strevet sjølv om det ville mislukkast, av di «… disse paa Bygdedialekter grundede Sprog indeholde dog en Mængde Ord og Talemaader, der engang kjendte ville udøve sin Indflydelse paa Bogsproget og give dette lidt efter lidt en national Farvning og fremfor alt klare Begreberne om hvad der virkelig er nationalt». Han rosa Østgaard og huldreeventyra til Asbjørnsen for å «aabne Sandsen for det Nationale i Sprogtonen». Han forsvarte målet i Dølen mot dei som hevda at det var uskjøneleg for «Bymanden» – det kunne han «dog neppe tro» sjølv om han var «Opdragen med Bondemaal». Den samla domen over fyrste nummeret av Dølen var difor positiv. Vinje hadde greidd oppgåva godt, og innhaldet var tiltrekkjande.

       Haldninga til Botten-Hansen hadde nok både målpolitiske og personlege grunnar. Til liks med resten av Hollendar-krinsen hadde han godhug for landsmålet og arbeidet til Aasen både før og etter 1858, og det var nære band mellom hollendarane og det fyrste landsmåls­miljøet.[26] Det er verdt å merka seg at heller ingen andre i Hollendar-krinsen gjekk offentleg ut mot landsmålet i 1858.

       Botten-Hansen var òg ein god ven av Vinje, og saman med Ibsen hadde dei to gjeve ut forlauparen til Illustreret Nyhedsblad, Andhrimner, sumaren 1851. Dei hadde òg same sosiale bakgrunnen, og karrierene deira var like (jf s.146). Botten-Hansen hadde eit tydeleg motsetnadsfylt tilhøve til landsmålet og Vinje, noko Vinje sjølv gav uttrykk for i eit brev til Botten-Hansen etter å ha lese kritikken av Ferdaminni (1861) i Illustreret Nyhedsblad: «Det beste ved det, som du hever skrivit det er, at Ein ikki kan vita anten du vil rosa elder lasta.» (her etter Haarberg 1985:23). Botten-Hansen rosa serleg ironien og sjølvironien i fyrste nummeret av Dølen. Som Haarberg peikar på, var mottakinga av Dølen negativ «med Botten-Hansen som et tvitydig unntak» (s.39).[27] Botten-Hansen kom òg til å halda fram som ein lojal kritikar av landsmålet utetter 1860-åra.

 

Målstriden i 1858 som vendepunkt

Det kom mange fleire innlegg på prent enn dei som er nemnde, men dei sentrale synspunkta er refererte. Landsmålsfolket forsvarte seg fyrst og fremst i Dølen, men det stod òg eit og anna innlegget i dagsavisene.[28] Aasen var ute to gonger (anonymt), fyrst i stykket «Om Sprogsagen» som var eit svar til slaktet av Fridtjofs Saga i Christiania-Posten,[29] og i februar og mars 1859 i den oppsummerande artikkelrekkja «Minningar fraa Maalstriden um Hausten 1858».[30] Hovudsynspunkta er refererte i kapittel 8. «Minningar» var skilsetjande på to måtar. Aasen gav her eit utdjupande og fullstendig forsvar av målreisingstanken i ein langt meir offensiv og opposisjonell tone enn tidlegare. Dessutan agiterte han for fyrste gong for landsmålet på landsmål.

       Som Walton har peika på, markerer målstriden i 1858 eit klårt skilje i strategien til Aasen ved at han no gjekk over frå den «defensive» fase to til den «offensive» fase tre (sjå s.205). «Det er med «Minningar fraa Maalstriden» måltanken tred klårt fram som opphavet til ein motkultur», skriv Walton (1984:42). Etter stormlaupet mot landsmålet hausten 1858 måtte Aasen innsjå at det ikkje var rom for landsmålet som ein integrert del av den eksisterande ålmenta. Illusjonar som Aasen eventuelt måtte ha hatt før 1858 om at dei kulturberande krinsane ville innsjå det vituge med landsmålet og målreisinga dersom dei berre fekk høyra dei gode argumenta, vart grundig pulveriserte. Løysinga vart ein ny strategi der Aasen og målflokken heller la opp til å nedkjempa «fienden» utanfrå, i ope lende, med å skipa ei serskild landsmålsålmente.

       Med Dølen og den fyrste spede målorganiseringa kring 1858 vart grunnen lagd for den nynorske ålmenta og målrørsla. Målforma og perspektivet i «Minningar» illustrerer skiftet på ein framifrå måte. Aasen definerte seg no som talsmann for «landsfolket»: «Me, Landsfolket, hava her stadet utanfyre; vaare Forfeder hava inkje talat Dansk» (jf Walton 1984:41). Aasen tok no til å bruka nasjonalismen offensivt mot overklassen for å stiva opp dette skiljet mellom «me» og «dei». Skiljet hadde Aasen hatt klårt føre seg sidan 1830-åra, men no tok han det i bruk som våpen både i «Minningar» og i grammatikken (1864).

       Når det gjeld den ideologiske og strategiske tenkinga til landsmålsflokken skal me likevel vera varsame med å gjera 1858 til eit alt for skarpt skilje. Walton (1984:42) har sjølv streka under at Aasen ikkje skifte meining, og at omslaget vart førebudd i 1856 (s.39). Den meir offensive strategien til Aasen frå 1858 var nok heller noko som Aasen hadde tenkt ut før 1858 enn eit beinveges resultat av hendingane hausten 1858, sjølv om målstriden var med og avgjorde retninga som strategien fekk. Eg meiner det ikkje er sjølvgjeve at ein skal plassera «Om Dannelsen og Norskheden» i fase 3, slik Walton gjer (1984:33), iallfall ikkje dersom ein legg vekt på den heilskaplege målreisingsstrategien meir enn «taktisk» bruk av nasjonalromantikken. Aasen skreiv «Om Dannelsen og Norskheden» utan klåre ytre tildriv og utan at han var i ein forsvarsposisjon, og han gjorde det på ei tid då han meinte landsmålet var klårt til å takast i bruk (sjå ovanfor).

       Oppdraget å omsetja Fridtjofs Saga gav Aasen eit høve til å få publisert eit større stykke på landsmål, og det er tydeleg at han kjende til det kulturpolitiske klimaet. To dagar etter den fyrste og negative meldinga i Aftenbladet 1. oktober, skreiv Aasen eit brev til venen Maurits R. Aarflot der han gav klårt til kjenne at han visste kva som var i vente:

 

       Min Fridtjofs Saga er nu udkommen, og Aftenbladet er allerede ude og viser sin Dygtighed ved at gjøre Nar af den hele Tilstelling. Der kan man see, hvad Norskheden har at vente sig af vore Blade; thi de andre ere naturligviis ikke et Haar bedre end Aftenbladet. Men jeg for min Deel skal nu ikke lade mig skræmme; jeg holder frem som jeg stævner, saa længe nogen Bogtrykker vil trykke hvad jeg skriver. (Aasen 1957 I:344)

 

Aasen visste dessutan sers godt om Dølen, og me kan vel både gå ut frå at han hadde ein tokke av korleis mottakinga ville bli, m a etter at Monrad hadde gjerda landsmålet inne i «Idyllen» i Ervingen-meldinga. Det er òg rimeleg å tru at Aasen kjende til at det nyfrelste landsmålsmiljøet i Bergen ville finna på nokre sprell i nær framtid som kom til å setja spor etter seg, sjølv om det ikkje ser ut til å ha vore beinveges samanheng mellom det som kom frå Bergens- og Kristiania-miljøa.

       Bak landsmålsframstøyten kan me identifisera to åtskilde frontar som ikkje såg ut til ha serleg mykje med kvarandre å gjera. Framstøyten frå Bergen kan best karakteriserast som nasjonalromantikk i ytste vilkårslause konsekvens, nemleg ei radikal målreising der omsynet til norrønt spela ei sentral rolle. Språkleg kom det til uttrykk i Ny Hungrvekja. Eg vil ikkje her utan vidare gjera Ny Hungrvekja og Jan Prahl representativ for målmiljøet i Bergen, men som eg skal koma attende til, går det eit skarpt skilje mellom tilhøvet Bergens-flokken hadde til Aasen-normalen før og etter hausten 1858. På det prinsipielle planet var det likevel mange likskapar mellom Nygaard og Prahl, sjølv om det var store skilnader mellom dei i form. Medan Nygaard gjorde seg til talsmann for den vitskaplege og sjølvgjevne fornufta, gjekk Prahl til eit kvast polemisk åtak både på det dansk-norske «vesalmålet», danskar og heimedanskar.

       I hovudstaden var det ingen klåre band mellom Fridtjofs Saga og Dølen, men både Vinje og serleg Aasen var langt mindre opptekne av nasjonalitetsspørsmålet og meir opptekne av tilhøvet mellom språket og «kulturen» enn bergensarane, sjølv om det nasjonale perspektivet var ein grunnstein for dei òg. Dei førde dessutan eit langt meir praktisk og pedagogisk forsvar for landsmålstanken, der bergensmålmennene heldt seg på det prinsipielle, nasjonalistiske planet.

       For fyrste gong kan me òg tala om ein einskapleg og konsolidert motstand mot landsmålet, og han kvilde på to berebjelkar. Den eine var forsvaret for ei nasjonalitetsoppfatning som no verkeleg vart sett på prøve. Sidan 1815 hadde det statsberande borgarskapet i Noreg insistert på at skriftmålet var like mykje norsk som dansk, og dei hadde teke det som sjølvgjeve at dei var dei fremste representantane for nasjonen. Dei tykte alt var på rett kjøl sidan målet og kulturen i Noreg utvikla seg fritt på eit sjølvstendig grunnlag, det vil seia på deira premissar og deira grunnlag, men utan at det skulle vera eit fullstendig samsvar mellom utviklinga i Danmark og Noreg. No kom det ein flokk som ikkje berre gjekk til åtak på kulturhegemoniet deira, men jamvel ekskluderte dei frå nasjonen. Monrad (og meldaren i Christiania-Posten) laga seg ikkje eit nytt nasjonalitetssyn hausten 1858; dei forsvarte det som i praksis, og meir eller mindre medvite, hadde vore kjernen i norsk kulturpolitikk i fleire tiår, og som Monrad hadde målbore sidan tidleg i 1840-åra. Ein av kjepphestane hans var nett at omgrepet «norsk Sprog» i Grunnlova var uttrykk for eit program og eit ynske som hadde vorte sett meir og meir ut i livet gjennom ei varsam og gjennomtenkt oppnorsking av språk og kultur. Og slik skulle det halda fram. Det prinsipielle grunnlaget for denne politikken var lagt av Det akademiske kollegium i 1815.

       Den andre berebjelken i argumentasjonen til landsmålsmotstandarane var tilhøvet til daninga og kulturen. Skriftmålet var berar av kulturen, medan bondemålet stod på eit meir «naivt» steg og soleis var uskikka til høgare åndeleg og kulturell bruk. Praktisk gav dette seg utslag i at ein freista å avgrensa bruksområdet til landsmålet. Det nye i 1858 var nettopp at landsmålet vart teke i bruk på nye område, som sakprosa- og pressemål gjennom Ny Hungrvekja og Dølen. Her finn ein årsaka til dei sterke reaksjonane på Dølen.

       Reaksjonane på landsmålet hausten 1858 kom difor hovudsakleg av to grunnar. For det fyrste braut landsmålsfolket ei språksosial grense ved den nye bruken av målet. For det andre hadde målfolket attåt å vera ein handfull eksperimenterande individ òg byrja definera seg som ei gruppe. Gruppa hadde fått tilsig av ein del unge studentar, og ein tok til å sjå tendensar til organisering (sjå kapittel 12). Landsmålet hadde med andre ord vorte eit trugsmål mot den rådande språk- og kultursosiale ordenen, og motstanden syner at sprengkrafta til landsmålet låg i ein kombinasjon av kulturradikalisme og eit alternativt nasjonalitetssyn, som resulterte i ein opposisjonell kulturnasjonalisme.

 


     [1] Folkevennen 1857:419?460, her etter Aasen 1984:57-99. Heftet med artikkelen kom ut i januar 1858, jf Aasen 1960 III:216.

     [2] Aasen 1957 I:320. Om planane hans for utforminga og iverksetjinga av eit nytt mål, sjå den uprenta avhandlinga frå 1854 (Aasen 1854).

     [3] Om Folkeopplysningsselskapet og målspørsmålet, sjå s.175ff.

     [4] Aasen i brev til L. L. Daae, Aasen 1957 I:329. Jf òg Djupedals merknader til brevet. Han opplyser m a at selskapet løyvde pengar til omsetjinga alt 9. februar, få dagar etter generalforsamlinga. Jf ovanfor s.175.

     [5] Omsetjinga markerte det Haugen (1933:39) har kalla «Old Norse triumphant» i utviklinga av Aasen-normalen (jf ovanfor s.201).

     [6] Christiania-Posten nr.313 og 320, 12. og 19.11.1858. Artikkelen var underteikna «M.N.» og «Bergen i Septbr. 1858».

     [7] Christiania-Posten nr.335, 04.12.1858.

     [8] Den viktigaste litteraturen om Ny Hungrvekja og Jan Prahl er Longva 1984 og Krokvik 1993, jf meldingar av Venås 1993b, Vikør 1993 og Hoel 1993. Sjå òg nekrologen til Hannaas (1922).

     [9] Munch var i 1845 mot å ta opp bøyingskategoriar frå gamalnorsk som ikkje lenger fanst i målføra, jf s.213.

     [10] I eit brev til Ludvig L. Daae 02.04.1857 (Aasen 1957 I:314).

     [11] Illustreret Nyhedsblad nr.172, 03.10.1858.

     [12] For ei samla framstilling av Vinje og målstrevet, sjå Bergsgård 1940:131-166.

     [13] Her etter Vinje 1993 I:227-233 der artikkelen har fått overskrifta «’Dølens» fyrste Ord».

     [14] Tanken om at naturen og klimaet påverka intellektet og gav grunnlag for å dela inn manneætta i høgare- og lægreståande intellektuelle vesen, kom klårt fram i ei av talene Vinje heldt i Bergen i 1869 («Om Klimatisme», Vinje 1993 III:220-237).

     [15] Han vart lærar på skriveskulen til arbeidarforeininga i Kristiania i juli 1851. I 1850 hadde han òg skrive mykje i Tiden som vart gjeve ut av Harro Harring og høyrde til i omlandet til thranerørsla, jf ovanfor s.92.

     [16] Rolla hans i teaterstriden og det ideologiske grunnlaget hans er omtala på s.100ff, og tilhøvet hans til oppnorskinga av skriftmålet på s.154ff.

     [17] Morgenbladet nr.281, 287 og 291, 11., 17. og 21.10.1858.

     [18] Morgenbladet nr.326 og 336, 25.11. og 05.12.1858.

     [19] «Om Sprogsaken», Illustreret Nyhedsblad nr.45 og 46, 07.11. og 14.11.1858.

     [20] Norsk Tidsskrift for Videnskab og Litteratur 1854-55:366-377.

     [21] Det var vel ein slik tankegang som låg til grunn for at Monrad prenta mykje av programartikkelen til Vinje i Morgenbladet 11.10. «til Fornøielse for vore Læsere».

     [22] Her bør det skytast inn at Monrad òg hadde ein annan grunn til ikkje å gå ut mot Fridtjofs Saga: Som styremedlem i Folkeopplysningsselskapet hadde han sjølv vore med på å gje Aasen oppdraget.

     [23] Aasens merknad til ei konkret setning i artikkelen i Christiania-Posten 03.12.1858 kan godt få stå som ein ålmenn dom over desse innlegga: «Um desse Ordi ellers skulo takast som ei Kjerne-Setning, er vandt at vita; for det er inkje lett at finna nokon Kjerne i dette Stykket i Posten. Der er talat myket att og fram, og ofta med slik ein kunstig Sving, at naar ein skal til at heimføra det paa sjølve Saki, so veit ein inkje rett, kvarhelst det skal høva. Det, som ein snaraste seer, er det, at Innsendaren hever havt ein stor Hug til at giva Folk Lastord.» (Aasen 1984:147)

     [24] Aftenbladet nr. 228 og 236, 01. og 10.10.1858.

     [25] Midttun 1916:44, som gjev opp ei samtale med Bjørnson i 1907 som kjelde.

     [26] Om Hollendar-krinsen og målspørsmålet, sjå s.146ff og s.283ff.

     [27] Det kjem likevel ikkje til syne i den konkrete gjennomgangen av meldinga til Botten-Hansen. For Haarberg står Botten-Hansen «… på den språklige ortodoksiens side og advarer mot målmennenes frammarsj» (s.38). Med grunnlag i Haarberg har dette noko for einsidige synet på Botten-Hansens tilhøve til landsmålet vorte ståande i Linneberg 1992:231.

     [28] T d ein innsendar i Christiania-Posten nr.289, 19.10.1858, som går til åtak på omtala av Dølen i Aftenbladet.

     [29] Illustreret Nyhedsblad nr.45 og 46, 07. og 14.11.1858, òg prenta i Aasen 1912 III:108-128 og 1984:99-119.

     [30] Dølen nr.18-23, 20.02.-27.03.1859, òg prenta i Aasen 1912 III:136-170 og 1984:120-155.

Dette innlegget vart lagt inn i Språkhistorie. Bokmerk fastlenkja.