Denne skjermbunaden (eller temaet som WordPress kallar det) skulle vera keisam nok og såleis høveleg for det som kjem til å skje på denne bloggen.
Ein stor takk til Nyvri i Bergen som har omsett WordPress til nynorsk (og bokmål), så heile redigeringspanelet (som de ikkje ser) er no på målet i staden for utanlandsk.
Skjermbunaden eg brukte var på engelsk, men skulle no i det store og heile stå fram for dykk på nynorsk etter litt hobbyredigering. Dei store spørsmåla i livet er no, i rekkjefølgje, korleis ein skal:
- bli kvitt «Home» øvst på sida
- få til eit norsk dato-/tidsformat
- få lasta opp filer (m.a. bilete), for der får eg ei mystisk feilmelding
- få Øyvind til å sova om nettene, og
- bli ferdig med ei doktoravhandling