UiB: Nei til å evaluere forsøk med éin karakter i norsk

Kongsbakken vgs i Tromsø og Fana gymnas prøvde fyrst å få Universitetet i Bergen til å evaluere forsøka med éin karakter i norsk. Det sa UiB nei til, noko avdelingsleiaren ved Kongsbakken kritiserte dei skarpt for i Nordlys 17.9.2012. I dag stod svaret frå Endre Brunstad og Heming Gujord, dei to norskdidaktikarane ved UiB som sa nei til å evaluere forsøka. Nordlys har ikkje lagt ut svaret deira på nettet, men eg legg her ut noko anna: Svarbrevet frå UiB til Kongsbakken og Fana 22.3.2011 der Brunstad/Gujord grunngjev kvifor det er fagleg uforsvarleg å gjennomføre ei slik evaluering. Seinare sa også NIFU nei med ei sterkt samanfallande grunngjeving.

Dette innlegget vart lagt inn i Målsak. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *