Språkhistorie som samfunnshistorie (DT)

Det har gledeleg nok vore ein del merksemd om Mål og modernisering i Dag og Tid. Den 11. mars stod det ei bokmelding av Klaus Johan Myrvoll og eit innlegg av Gaute Losnegård (ikkje på nettet). I dag har Oddvar Skre eit innlegg med mange gode poeng, og eg har følgjande på prent:

Språkhistorie som  samfunnshistorie
Gaute Losnegård skal ha takk for kommentaren (Dag og Tid 11. mars) til artikkelen ”Det nynorske byproblemet” i Syn og Segn nr. 1 og til omtalene av boka mi (Dag og Tid 4. mars). Det er interessant å sjå korleis framstillinga mi kan lesast, og det gjev høve til å presisera eit par poeng. Losnegård meiner eg underkommuniserer at målrørsla kvilde tungt på oppbygginga av kulturell sjølvtillit på bygdene på 1800-talet. Han tykkjer vidare eg har undervurdert den sterke kulturelle undertrykkinga av bygdefolk i byane. Losnegård si skildring av tilhøvet mellom by- og bygdekultur er eg i all hovudsak samd i, og dette er langt grundigare omtala og analysert i Mål og modernisering 1868–1940. Eg er så vidt inne på det i Syn og Segn òg: Det var nettopp den urbane motviljen mot bygdekultur og bygdefolk som vart det mest effektive våpenet i riksmålsarsenalet. Eit framifrå døme er Bjørnsons argumentasjon hausten 1899. Elles er nok Losnegård og eg like skeptiske til å skriva språkhistoria lausrive frå samfunnshistoria. Den breie samfunnshistoriske tilnærminga til målreisinga har Klaus Johan Myrvoll reagert på i ei bokmelding (11. mars), som elles framstiller sentrale poeng i boka på ein god måte. Innvendinga hans er at eg har undervurdert den idealistiske sida av norskdomsprosjektet i ei tid merkt av ”ei åndeleg forståing av det norske”. Men eit av poenga mine er nettopp dei problema det skapte for målreisinga at ein del leiande – og organisatorisk talentfulle – målfolk (som Indrebø) heldt fast ved dei idealistiske og ’åndelege’ sidene av målsaka på ei tid der samfunnet elles var på veg bort frå ei slik tilnærming til det nasjonale.

Dette innlegget vart lagt inn i Språkhistorie. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *