I dag er Mål og modernisering omtala i eit par regionaviser. Eg set stor pris på rosen som Heming Gujord deler ut i Bergens Tidende og ser godt at påpeikinga av vantande poetokrati-vurdering har noko føre seg. Den positive omtala av boka i dagens Adressa er derimot mindre å leggja vekt på sidan rosen der kjem frå meg sjølv (intervjua av Tone Mørkved). Ingen av oppslaga ligg på nettet.