Kristins time (DT 3/2)

Det vart seige dagar for trauste SV-arar førre veke. Utspelet frå kunnskapsminister Kristin Halvorsen om å svekkja kompetansemåla for sidemålsopplæringa i læreplanen kom som lyn frå klar himmel. I alle fall i lys av partiprogrammet. Men les ein seg bakover i dei politiske styringsdokumenta, kjem Halvorsens utspel slett ikkje overraskande.

I april-mai 2008 kom regjeringa med to tunge språkpolitiske stortingsmeldingar med ei vekes mellomrom; «Mål og meining» frå Kulturdepartementet og «Språk bygger broer» frå Kunnskapsdepartementet. Meldingane var samkøyrde, båe gjekk inn på sidemålsundervisninga, og båe slo fast at ho «må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast».

Problemet nynorsk

Men i fjor vår kom så Kunnskapsdepartementet si stortingsmelding om ungdomsskulen («Motivasjon – Mestring – Muligheter»). Ho byggjer på eit heilt anna språkpolitisk grunnlag:

«I forarbeidet til denne stortingsmeldingen har det kommet mange innspill om opplæringen i sidemål fra elever som deltok i Kristins time. Kritikken kommer i hovedsak fra elever som har nynorsk som sidemål, men den gjelder ikke nynorskopplæringen generelt. Mange setter pris på nynorsk skjønnlitteratur, og de anerkjenner andres rett til å velge et annet hovedmål enn det de har. Det er først og fremst opplæringen i skriftlig nynorsk mange elever synes er utfordrende.»

Dette blir inngangen til tung tids tale om problemet nynorsk. I sentrum står dei negative haldningane til nynorsk og at opplæringa i nynorsk sidemål ofte er mislukka. «Språk bygger broer» og «Mål og meining» gjekk grundig inn på utviklingsarbeidet som er gjort på undervisning i nynorsk sidemål og peika på kva som kjenneteiknar god nynorskundervisning. Men dette er heilt fråverande i ungdomsskulemeldinga. Det einaste som står att, er problematiseringa av den skriftlege sidemålsopplæringa. Dette forsvarte Halvorsen med at ho la vekt på synspunkta frå «en tilnærmet representativ gruppe av elever fra ungdomstrinnet. Av respekt for elevene jeg har møtt, har jeg valgt ikke å overse en av de tydeligste tilbakemeldingene jeg fikk fra dem» (Dag og Tid 30.9.11).

Negativt for sidemålet

Arbeidet med å revidera læreplanane for grunnskule og vidaregåande skule var då godt i gang. Utdanningsdirektoratet fekk oppdragsbrevet frå Kunnskapsdepartementet 6. desember 2010. Departementet bad her direktoratet «vurdere læreplanen i norsk inkl. vurdering i faget (standpunktvurdering og eksamen) knyttet til hovedmål og sidemål. Forslag til endringer på dette området må varsles og drøftes med departementet på et så tidlig tidspunkt som mulig.» Dette er omtala i ungdomsskulemeldinga eit halvår etter, og her presiserer departementet at «det skal være godt samsvar mellom kompetansemål og vurderingsordninger etter avsluttet grunnskole og videregående opplæring».

Utdanningsdirektoratet sette våren 2010 ned «Forum for norskfaget», samansett av nitten lærarar og lærarutdannarar. Det er ein viktig rådgjevar i læreplanrevisjonen og kom med ein delrapport i oktober 2011. Forumet vil ha ned talet på karakterar norskfaget, og det går inn for å innlemma sidemålskarakteren i ein felles standpunktkarakter i norsk. Forumet er likevel klar på at dette får negative følgjer for sidemål: «dersom sidemålet blir borte frå den formelle dokumentasjonen på gjennomgått opplæring, vil det lett kunna forsvinna frå opplæringa». Forumet vil difor kompensera ved å innføra avsluttande obligatorisk eksamen i sidemål etter andre klasse på vidaregåande.

Gløymer sidemålet

Rabalderet sist veke vart utløyst av det brevet Utdanningsdirektoratet sende til Kunnskapsdepartementet (19.1.) om «Styrking av skriftleg hovudmål, avgrensing av skriftleg sidemål og endring av vurderingsordningane i norskfaget i samband med revisjonen av læreplanen i norsk». Dette var altså eit brev departementet bad om då Utdanningsdirektoratet fekk læreplanoppdraget. Når direktoratet konkluderer med styrking av hovudmålsundervisninga på kostnad av sidemålsundervisninga, tek det altså berre konsekvensen av føringane som er lagde i oppdragsbrevet og ungdomsskulemeldinga og ikkje minst i rapporten frå Norskfagsforumet. Men Utdanningsdirektoratet ser heilt bort frå det viktigaste i Norskfagsforumet sin rapport: At ein må halda på separat vurdering i sidemål for å unngå at det blir «gøymt og gløymt» i undervisninga.

Synet til kunnskapsministeren på forslaga til direktoratet vart lagt ope i eit notat som informasjonssjefen i Kunnskapsdepartementet sende til utvalde medium måndag i førre veke. Det seier at direktoratet får politisk klarering til å gå vidare med nettopp å utvikle ulike kompetansemål i hovudmål og sidemål. Dei fire neste punkta, som galdt avskaffing av separat vurdering og eksamen i sidemål, ville ikkje departementet ta stilling til før dei endelege læreplanframlegga kjem hausten 2012. I media vart dette framstilt som at kunnskapsministeren ikkje ville ta stilling, men det var jo klart at ho ville ta stilling til kompetansemåla. Desse svara hennar legg diverre sterke føringar for kva direktoratet vil gå inn for når det gjeld vurderingsordningar – for som departementet sjølv skriv i ungdomsskulemeldinga: «det skal være godt samsvar mellom kompetansemål og vurderingsordninger».

Bør setja grenser

Kunnskapsministeren kan velja annleis. Ho kan setja ei tydeleg grense for kor langt Utdanningsdirektoratet kan gå når det gjeld svekking av vurderingsordninga i sidemål i læreplanframlegget. Ho kan òg seia at ho ikkje tek stilling til noko, men ventar med alt til heile læreplanarbeidet er ferdig.

Slik denne saka har gått dei siste to åra, er det all grunn til uro for nynorsk som sidemål. At kunnskapsministeren no lèt vera å gripa inn, er eit aktivt val som styrer prosessen mot ei total avvikling av separat vurdering i sidemål, og då skjønar nok dei fleste, til liks med Forum for norskfaget, at nynorskundervisninga vil bli gøymd og gløymd. Samstundes har nok styrken i reaksjonane på framlegget gjort det siste ordskiftet til ein nyttig skuletime i norsk språkpolitikk for kunnskapsministeren.

Kronikk i Dag og tid, 3.2.2012

Sjå her for ein lengre versjon med peikarar til dei nemnde dokumenta.

Dette innlegget vart lagt inn i Målsak. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *