Skribentarkiv: Oddmund
«Flaum»
NRK Sogn og Fjordan nøla ikkje med å kalla vatnet i vegen på Alsmo hin dagen for «flaum». Då kan me jo ta ein kikk på korleis NVE meiner det vil sjå ut i Gaupne om det kjem ein «500-årsflaum» … Les meir
Globetrotter
Som tidlegare meldt både her og der, stilte Kristi, Tora og Øyvind meir eller mindre velviljuge opp for tysk reklamebransje tidlegare i sommar. No er haustkatalogen til Globetrotter komen, med mange fine jostedalsbilete. Framsida og side 20 interesserte oss mest.
Klimatrøbbel
Klimaendringane har alt gjeve seg dramatiske utslag på Haugamyrane. Kva blir det neste?
Heimfallera!
Enoksen såg lenge ut til å vera på sitt verste i heimfallsaka til han brått stod fram med supermanntrøya på fredag. Det er så lenge mellom kvar gong ein får oppleva politiske vedtak med så kraftig historisk sus over seg … Les meir
Handspiki
Fjerde stølstrimposten tok me i går ettermiddag. Framleis mykje snø på Styggevatnet og Handspiki (eller Hanspiki??). Ein gong må me på Diktardagar i Lom, som er neste helg, men i år vart dette det næraste me kom. [mygal=2007-08_handspiki]
Vangsen 20. juli
Jamen vart det ein topptur skisesongen 2006-07 òg, med Bjørnar og Anne Marte. [mygal=2007-07_vangsen]
Klatrevegg
Då var han oppe på garasjeveggen og i bruk, med god hjelp frå Gofa og onkel Bjørnar. [mygal=2007-07-klatrevegg]
Haugaslekt
Harald H var innom for ei tid sidan for å få ordna med eit eit flott bilete frå kring 1912 som skulle sendast til slekt i Amerika. Det er eit greitt påskot for å få gjort greie for slektskap og … Les meir
Ny jobb
Som somme har fått med seg, er eg no gledeleg nok tilsett som høgskulelektor i historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (Sogndal). Eg har byrja sterkt med å be om permisjon til hausten, dels for å passa Øyvind som … Les meir
Brefestival
[mygal=2007-06_brefestival] Sist helg var det Norsk brefestival i Jostedalen. Det var ei langhelg med mykje moro, også for ungane. Laurdag var Kristi med på barneaktivitetane, fyrst klatring i tre og og på sva med superbreførarbarnetantene Marit og Marte, deretter riding med … Les meir