Lustramarknad og målpris

dscf3021.JPGOg i dag heile familien på ekspedisjon til Lustramarknaden i Gaupne i steikjande sol. No har det vel vore varmt så lenge at det er lov til å klaga? Jentene fekk prøva seg på verdas minste tivoli, og elles surra me rundt i ørska på jakt etter grillmat, is, ballongar og skugge.

malprisen-07-1.jpgMe hadde ingen ambisjonar om å ta bilete, men det hadde heldigvis Torodd Joranger på kommunen. Han fekk såleis teke av det som var hovudærendet med turen: å dela ut Luster mållag sin målpris til Kåre Øvregard. Meir om prisen og vinnar Kåre hjå Luster mållag.

Då me skulle heim, var det store spørsmålet som vanleg korleis ein kunne få to store heliumballongar inn i bilen (neste år blir det tre). Eit stort poff på Hausamoen vart eit effektivt punktum for ekspedisjonen. Der greidde Øyvind å bita hol i øyra på ballongen til storesyster. Giss ein gong om det var populært hjå eigaren.

Lagt inn i Målsak | Kommentarar avslått på Lustramarknad og målpris

No òg i modellbransjen

dscf2977.JPGBygdelivet byr på så mangt. I går baud det på ein gjeng med hyggjelege reklamefotografar for eit tysk firma som sel friluftsutstyr og -klede. Kajakk-Andy hadde rigga det heile, og dei trong berre eit par små jenter og koppelamma til Harald H og fekk ein eittåring på kjøpet. Her var det over 20 gradar og solsteik alt då det heile tok til før 9. Det var ei utfordring sidan det var snakk om bilete til katalogen for ein haustkolleksjon med gode og varme klede. Nokre proffe bilete kjem kanskje seinare. Her er det einaste me greidde å ta sjølv i kaoset: Då dei tok foto av den nye (og veldig gode!) beremeisen sin med Øyvind oppi.

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på No òg i modellbransjen

Sumaren er nok her

[mygal=2007-05-pinse]

Trass i kaldtrekken kunne gårdagen (pinsedagen) by på to typiske sumaraktivitetar: Tur på hi sida av elvi frå Heljegardsbrui til Gjerde, og grilling ute.

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Sumaren er nok her

Kongeleg målreising

haakon.jpgDenne gongen kan eg presentera eit grenseseprengjande historisk funn. Kong Haakon uttalte ein gong at den norske målreisinga var «berettiget», at danske embetsmenn sjølv burde ha lært seg norsk og det har svekt nasjonalkjensla at dei ikkje gjorde det. Sitatet er velkjent og mykje brukt i målrørsla. Det stod på trykk i Norsk Barneblad 1933, så det har til no vore ei gjengs oppfatning at Haakon òg uttala dette då. Les meir

Lagt inn i Språkhistorie | Kommentarar avslått på Kongeleg målreising

Noregs Mållag 1906-1918

nm_1906-1914.jpgHer er litt å bita i for språkhistorienerdar. Frå skipinga i 1906 og fram til 1918 vart årsmeldingar, årsmøterefererat, rekneskap og andre sentrale organisasjonsdokument for Noregs Mållag samla i fire prenta hefte. Dette er dei viktigaste kjeldene til historia til samskipnaden i den viktige oppbyggingsfasen i tiåret etter skipinga.

Dei ligg no pent og pyntelege som pdf-dokument under den nye kategorien kjelder og andre tekstar.

Lagt inn i Språkhistorie | Kommentarar avslått på Noregs Mållag 1906-1918

Motkultur-saus om Frp

I eit større oppslag 11. mai prøvde Klassekampen seg på å sjå Frp-framgangen på Sør- og Vestlandet i samanheng med «motkulturane». Oppslaget ligg diverre ikkje på nettet. Innlegget nedanfor stod 18. mai.

[mygal=frp] Les meir

Lagt inn i Målsak | Kommentarar avslått på Motkultur-saus om Frp

Til lukke, Bård!!

.. som i dag stupte over målstreken og fekk levert ei av verdas siste hovudoppgåver – dette semesteret er overgangsordninga slutt og alt blir «master». Kommisjonen kan no gle seg til oppunder 300 strålande sider om ordtradering på Stord.

11_juli06_0027.JPG

Lagt inn i Målsak | Kommentarar avslått på Til lukke, Bård!!

Endeleg

Til glede for vanvittig mange, og etter tallause etterlysingar, har eg no teke til å leggja ut språkhistorieartiklane mine (under «tekstar» i toppmenyen). Mange låg rett nok på dei gamle nettsidene, men no blir dei flytte hit slik at de kan lesa dei ein gong til. Og fylg med – meir er i vente.

Lagt inn i Blogging, Språkhistorie | Kommentarar avslått på Endeleg

1. mai i Krundalen

dscf2183.jpg

Og som i Nord-Korea er det dei aller yngste som må stå for flaggparaden. Tidleg opp må dei òg.

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på 1. mai i Krundalen

Skitur – Bjønnstegane

[mygal=bjonnstegane]

Glitrande skiføre på laurdag, iallfall opp til fyrste brua som var så langt me kom oss. Når far i huset legg att pulkdraget er det fint at mor hugsar beremeisen. Ho har elles sagt det som treng seiast om siste skituren.

Lagt inn i På tur | Kommentarar avslått på Skitur – Bjønnstegane