«Flaum»

gaupne500.jpgNRK Sogn og Fjordan nøla ikkje med å kalla vatnet i vegen på Alsmo hin dagen for «flaum». Då kan me jo ta ein kikk på korleis NVE meiner det vil sjå ut i Gaupne om det kjem ein «500-årsflaum» i Jostedøla (1979 var ein «200-årsflaum»).

Mykje fine bilete frå onsdag å sjå, forresten, både frå Frank og Torbjørn.

Jostedal historielag har no ei ny side om «Flaumar».

Lagt inn i Jostedalen | Kommentarar avslått på «Flaum»

Globetrotter

000.jpgSom tidlegare meldt både her og der, stilte Kristi, Tora og Øyvind meir eller mindre velviljuge opp for tysk reklamebransje tidlegare i sommar. No er haustkatalogen til Globetrotter komen, med mange fine jostedalsbilete. Framsida og side 20 interesserte oss mest.

Lagt inn i Heimeliv, Jostedalen | Kommentarar avslått på Globetrotter

Klimatrøbbel

Klimaendringane har alt gjeve seg dramatiske utslag på Haugamyrane. Kva blir det neste?

dscf4478.JPG

Lagt inn i Jostedalen | Kommentarar avslått på Klimatrøbbel

Heimfallera!

Enoksen såg lenge ut til å vera på sitt verste i heimfallsaka til han brått stod fram med supermanntrøya på fredag. Det er så lenge mellom kvar gong ein får oppleva politiske vedtak med så kraftig historisk sus over seg at det er verdt ei lita bloggfeiring.

Ei sak er eit titals private kraftverk som no vil gå over til staten dei neste 50 åra i staden for at staten, som til no, sel dei attende. Det siste er Fortun-anlegget til Hydro. Det fekk ny konsesjon i statsråd fredag, som siste sak før den provisoriske anordninga der slike konsesjonar vart ulovleg! Den 10. august 2057 går dermed Fortun over til staten. Då blir det dram å få på eldresenteret.

Langt viktigare er det likevel at norske kraftverk no ikkje lenger er kurant handelsvare. Mange internasjonale kraftkonsern har lenge sikla etter kommunalt eigde kraftverk, og politikarar i fattigkomunar har sikla etter pengane. Med andre løysingar i heimfallsaka ville det vorte kjøpefest. Det vart det brått ein slutt på.

Det same gjeld i dag som då konsesjonslovene vart vedtekne 1906-17: politisk styring er mogleg om ein vil, og det finst alternativ til liberaliseringa.

Lagt inn i Politikk | Kommentarar avslått på Heimfallera!

Handspiki

Fjerde stølstrimposten tok me i går ettermiddag. Framleis mykje snø på Styggevatnet og Handspiki (eller Hanspiki??). Ein gong må me på Diktardagar i Lom, som er neste helg, men i år vart dette det næraste me kom.

[mygal=2007-08_handspiki]

Lagt inn i På tur | Kommentarar avslått på Handspiki

Vangsen 20. juli

Jamen vart det ein topptur skisesongen 2006-07 òg, med Bjørnar og Anne Marte.

[mygal=2007-07_vangsen]

Lagt inn i På tur | Kommentarar avslått på Vangsen 20. juli

Klatrevegg

Då var han oppe på garasjeveggen og i bruk, med god hjelp frå Gofa og onkel Bjørnar.

[mygal=2007-07-klatrevegg]

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Klatrevegg

Haugaslekt

Harald H var innom for ei tid sidan for å få ordna med eit eit flott bilete frå kring 1912 som skulle sendast til slekt i Amerika. Det er eit greitt påskot for å få gjort greie for slektskap og samband både over Krundalsvegen og Atlanteren.

Huslyden på Haugen ca. 1912

Les meir

Lagt inn i Historie, Jostedalen | Kommentarar avslått på Haugaslekt

Ny jobb

forskingsassistentSom somme har fått med seg, er eg no gledeleg nok tilsett som høgskulelektor i historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (Sogndal). Eg har byrja sterkt med å be om permisjon til hausten, dels for å passa Øyvind som ikkje skal gå fullt i barnehagen, og dels for å skriva ferdig avhandlinga. Øyvind har alt god øving i å halda orden på permane og finna fram dei artiklane eg treng, så dette blir fine greier.

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Ny jobb

Brefestival

[mygal=2007-06_brefestival]

Sist helg var det Norsk brefestival i Jostedalen. Det var ei langhelg med mykje moro, også for ungane. Laurdag var Kristi med på barneaktivitetane, fyrst klatring i tre og og på sva med superbreførarbarnetantene Marit og Marte, deretter riding med Maria og Reidun (og assistent Jarle) i Raudskarvfjellet turriding. Det gjorde inntrykk å debutera både i klatring med sikring og på hesteryggen! Me gler oss alt til neste år.

Lagt inn i Jostedalen | Kommentarar avslått på Brefestival