Lyspunkt for fødselsomsorga!

Dei siste dagane har det kome store medieoppslag om at alle medlemene Nasjonalt råd for fødselsomsorga har trekt seg i protest mot Helse- og omsorgsdepartementet. Sylvia Brustad høyrer ikkje på «faglege råd», ho driv berre «distriktspolitikk», heiter det.

Endeleg! Dette er det mest gledelege som har skjedd i fødselsomsorga på lange tider! I over ti år har éin fraksjon i fødselsomsorga lagt alle faglege og politiske premissar for den statlege politikken på feltet. Ein av dei mest dramatiske konsekvensane var nedlegginga av fødeavdelinga i Lærdal.

bloggen til Forsvar Lærdal Sjukehus skriv Bente ØH den verkelege grunnen til at dei har trekt seg: departementet har uansett gjort framlegg om å leggja ned rådet (s. 6). Og endå viktigare: Dep. opnar  for å lempa på kravet til talet på fødslar for å ha ei fødeavdeling (i dag 400 i året).

Det ser altså ut til at departementet har teke til å høyra på dei mange kritiske røystene som er komne mot Nasjonalt råd. I fjor vår var Bente og eg på eit par møte med leiinga i Helsedepartementet og la fram vårt syn på Nasjonalt råd og fødestovestriden i Lærdal. Spesielt interesserte finn dei to notata me laga nedanfor (8.5.2006). Her kan ein mellom anna lesa røvarhistoria bak opprettinga av Nasjonalt råd og det famøse stortingsvedtaket om «nivåinndelinga».

Lagt inn i Politikk | Kommentarar avslått på Lyspunkt for fødselsomsorga!

Taparblogg

Bloggane i heimen har dei siste månadene hatt om lag like stor trafikk målt i viste sider. Utviklinga dei siste dagane har derimot vore sterkt urovekkjande for Krundalsbloggen:

bloggtreff3.jpg

Det er såleis ikkje berre noreg.no som slit for tida. Det store spørsmålet er no: Korleis kan Krundalsbloggen ta att forspranget?

Lagt inn i Blogging | Kommentarar avslått på Taparblogg

Ein fin oktoberdag i Krundalen

dscf4928.JPG

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Ein fin oktoberdag i Krundalen

Kvinner i lustrapolitikken

Sogn Avis (13/9) tek hatten av for Luster for å ha sendt fleire kvinner inn i kommunestyret og jekka gubbeveldet kraftig ned. Ein kan spørja seg om det siste når me no veit kva for ein duo som vert ordførar/varaordførar, men greitt – det er eit stort framsteg at 11 av 29 representantar no vert kvinner. Dei to førre periodane var det fem, og i 1995 vart seks kvinner innvalde. Les meir

Lagt inn i Politikk | Kommentarar avslått på Kvinner i lustrapolitikken

Den fyrste snøen i Krundalen

Kvart på sju i dag byrja det å snø, og klokka 9 såg det slik ut.

[mygal=2007-09_sno]

Lagt inn i Heimeliv, Jostedalen | Kommentarar avslått på Den fyrste snøen i Krundalen

Valmoro i Luster II

I kveld vart det klårt at Torodd Urnes held fram som ordførar med støtte frå Ap og SV-Simonsen.

Kveldens spørsmål vert då: Kor mange av dei 93 som røysta SV i Luster visste at dei dermed røysta på ein Krf-ordførar?

Lagt inn i Politikk | Kommentarar avslått på Valmoro i Luster II

Valmoro i Luster

Media fekk aldri med seg thrillaren som utspann seg i lustravalet heilt fram til i går ettermiddag. Det førebels resultatet som kom på nettet måndagskvelden var så jamt som det kunne ha blitt. Venstre stod der med sistemandatet, men det var heilt daudt løp med Krf. Eigenleg skulle mandatet dermed stått på Krf fordi dei hadde flest røyster totalt. Men V trong altså berre éi røyst meir. Og til alt overmål var Frp òg berre éi røyst ifrå å ta det.

Då dei var ferdige med å telja i går ettermiddag og dei siste førehandsrøystene var med, var det ikkje like jamt. V fekk sistemandatet, men 4 – fire – røyster meir til Frp hadde vippa mandatet dit. Då hadde dei vore sikra ein plass i formannskapet og kome på vippen. No er Frp garantert å ikkje få ein plass der.

Stoda er no altså følgjande: den noverande konstellasjonen Sp+Krf+V med støtte frå H har fleirtal (15 av 29). Men det har òg Ap+Krf om dei får støtte frå SV sin eine (15). Så om ordføraren i Luster kjem til å heita Torodd Urnes (Krf) eller Ivar Kvalen (Sp) veit ingen. Men alle veit at han ikkje kjem til å heita Anders Bolstad (Ap).

Lagt inn i Politikk | Kommentarar avslått på Valmoro i Luster

Sjukehusaksjonist med tæl

Eg har lenge tenkt at Bente Øien Hauge burde fått heiderleg omtale her, og etter medieoppslaga siste veka er det på tide å få gjort noko med det. For alle som har sysla med ymse sjukehusaksjonar i Sogn, er det ikkje mindre enn imponerande korleis lærdalsdama held koken. Ho kom med i aksjonane for sjukehuset i Lærdal alt i 2002 eller noko slikt og har sidan drive utrøytteleg på, dei siste åra òg i den landsfemnande aksjonen for lokalsjukehusa. Denne veka lanserte aksjonen si eiga evaluering av sjukehusreforma, og aksjonsgjengen set i aukande grad dagsorden for den helsepolitiske debatten i landet. Så stå på Bente – du skulle sjølvsagt fått langt meir hjelp. Men me les iallfall bloggane:

Kampen for lokalsjukehusa
Forsvar Lærdal sjukehus

Lagt inn i Politikk | Kommentarar avslått på Sjukehusaksjonist med tæl

Heime åleine

Til alle som er urolege for korleis det går no som far passar ungar medan mor er på doktorutdanning i Oslo: ta det heilt med ro – her greier me oss fin-fint.

[mygal=2007-08-heimealeine]

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Heime åleine

Takk til Diffen

No er det slett ikkje slik at eg unnar Høgre eit godt val, korkje i hovudstaden eller andre stader, og såleis kan ein kanskje fryda seg over at ein 15 år gamal sveitskonto øydelegg valkampen for dei.

Men det var synd at dette skulle gå utover Per Ditlev-Simonsen. For målrørsla har han vore det einaste lyspunktet på høgresida i Oslo-politikken dei siste 10-15 åra. Han sat i styret for Garborg-året 2001 og var gjennom mange år ein av tungvektarane i partiet som tok til motmæle mot framlegg om «valgfritt» sidemål på landsmøta. Me var heller aldri tvil om kvar han stod i ordførartida sjølv om det i realiteten ikkje var han som styrte politikken. Som Bergens Tidende råkande skreiv på leiarplass i november 2003 etter eit av dei tallause nei til sidemål-framlegga frå Oslo Høgre: «Vi forstår ordfører Per Ditlev-Simonsen, som ser beskjemmet bort hver gang dette forslaget fremmes.»

Lagt inn i Politikk | Kommentarar avslått på Takk til Diffen