Livet har gått sin gang sjølv om bloggen har stått stille ei stund. I dag kom regnet etter tre uhorveleg fine veker, og måndag er ferien slutt. Mange turar og fem stølstrimpostar på ungane så langt, toppa med Hytta på Mannen onsdag.
På Storen i 1827?
I eit brev frå 1906 vert det hevda at Amund Lammers var på Store Skagastølstind i 1827 og såleis slo Slingsby med 49 år. Veit du noko om dette? Sjå meir på nettsida til Jostedal historielag.
Jostedalen på Nasjonalgalleriet
No i vår heng utstillinga «Oppdagelsen av fjellet» i Nasjonalgalleriet (Oslo). Dei stiller ut 170 kunstverk frå 1820- til 1850-åra – den perioden då norske kunstnarar (og vitskapsfolk) verkeleg oppdaga fjellheimen. Jostedalen vart òg «oppdaga» i desse åra – med «Myrhorn» av Johannes Flintoe som det mest kjende verket. Museet har òg laga ei fiks nettutstilling der eit utval av bileta er med, m.a. «Myrhorn» og «Nigardsbreen» av Flintoe og «Nigardsbreen» av Knut Baade (1846). Luster og Indre Sogn er i det heile svært tungt representert der. Sjå òg melding av utstillinga i Aftenposten. Det store spørsmålet frå ein som ikkje har vore der enno, er om dei òg har stilt ut «Krondal» av Flintoe.
Blix
Takk vera ungane fekk ein klokka 06.58 som vanleg høyra «Gud signe vårt dyre fedreland» på P1 som om det var ein heilt vanleg sundag, men det er det ikkje. I dag er det berre å gratulera Elias Blix med 172-årsdagen og Anders Aschim med biografien! Gjennom snart fem år har Anders hatt blikket festa på denne datoen og delt arbeidet med oss alle på den framifrå Blix-bloggen sin. Nokre gløtt i manuset undervegs har vore nok til å slå fast at dette er ei av årets store bokutgjevingar. Med salmane sine var Blix den som gjorde den viktigaste jobben med å få «kristna» landsmålet. Som kyrkjeminister i Sverdrup-regjeringa var han dessutan ein av dei sentrale bak «jamstellingsvedtaket» i Stortinget mai 1885 som gjorde nynorsk til offisielt språk.
Sluttrapporten til Nasjonalt råd
Pål Øian i det avtroppande Nasjonalt råd for fødselsomsorga har i dag fått ein del mediedekning på bakgrunn av den slutt»rapporten» som kom frå rådet for eit par dagar sidan. Rådet har aldri vore spesielt sterk når det gjeld Internett, difor skal dei her – heilt gratis – få litt help.
Last ned sluttrapport frå Nasjonalt råd (doc-format)
Les også kommentaren til Bente Øien Hauge (sterkt tilrådd!)
Ein kommentar i kortversjon er følgjande: Har Øian & Co verkeleg ikkje meir å koma med??
«Iskatedralen»
Det er berre å gratulera Bjørnar, Frank og andre som har luska under Nigardsbreen med kamera nokre veker no med mediegjennombrotet. Eit av toppoppslaga på dagbladet.no nett no, lang sak på aftenposten.no i går som framleis ligg langt oppe på nettutgåva, og NRK Sogn og Fjordane i går. Dei som ikkje følgjer så hardt med på jostedalsbloggane, finn originalane hjå Frank og Bjørnar. No ventar me berre på at dette biletet får det same gjennombrotet.
Nyttårshopprenn
Som i fjor var det ymse vinteraktivitetar på Haugamyrane nyttårsdagen. I sistehoppet slo Kristi til med eit friskt svev.
Farvel til Nasjonalt råd
Som tidlegare meldt trekte Nasjonalt råd for fødselsomsorga seg tidleg i november. Dette førte til ein del ståk i media der Bente Øien Hauge som vanleg gjorde ein framifrå jobb. Mellom anna skreiv ho om notata som eg og ho laga i fjor vår til eit innlegg som vart sendt til ymse aviser i hennar og mitt namn. Det burde ha kome ut her for ein månad sidan, men kjem no som ei avveksling til jolekortlesinga. Dette stod i noko ulike versjonar i Sogn Avis (kronikk) 10.11., Firda på same tida, Bergens Tidende (kronikk) 14.11. og Klassekampen (innlegg) 22.11.
Hardare master-tider
«På Høyden» melder at HF-fakultetet for framtida vil setja krav til doktorgradsstudentane om at dei tok mastergraden på normert tid:
Dekan Akselberg sier til På høyden at dette tiltaket er en følge av det nye gradssystemet, og at man bare må erkjenne at master ikke er det samme som det gamle hovedfaget.
– De dagene er over. I det nye utdanningsregimet er det nok PhD-graden som ligner mest på det tidligere hovedfaget, sier han.
Det er godt å få enno ein grunn til å gle seg over at ein iallfall er komen så langt. Det gjer nok òg dekan Gunnstein som i 1979 leverte hovudoppgåveklassikaren «Noko om stadnamn frå Voss» i to band.
