NM i komma

Oppgåve: finn ein feil. (Om potetdagen: sjå historielaget)

Lagt inn i Jostedalen | Kommentarar avslått på NM i komma

Potet

Dei sameinte nasjonane seier at 2008 er det internasjonale potetåret. Sidan Jostedalen er med i SN, vert det stor potedag laurdag 27. september. Her kan ein prøve å slå Marit i Kroken (gløym det!) i kvalifiseringa til NM i poteskrelling på Hamar. I mellomtida kan de ta ein lett potato quiz (for born).

Lagt inn i Jostedalen | Kommentarar avslått på Potet

Analog slutt

Snart stengjer det analoge bakkenettet, og montøren har no fått ned den gamle gode antenna.

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Analog slutt

Ferdig snart?

Somme spør av og til når eg er ferdig med avhandlinga. Til dei har eg lagt ut litt informasjon her. Frå det eg trudde var venlegsinna hald, har eg dessutan motteke denne:

Lagt inn i Språkhistorie | Kommentarar avslått på Ferdig snart?

Meir om Tshering-aksjonen

Toppoppslaget på Vestlandsrevyen fredag var om aksjonen – Tshering og Steinar B intervjua.

Det finst mengder med informasjon på nettet om K2-ulukka, særleg etter at dei overlevande vestlege klatrarane kom heim. Her er eit par med relevans for denne aksjonen:
> Minneord om Jumik Bothe (The Adventurist)
August 2008 K2 climbing accident (engelsk wikipedia)

Oppropet frå Jostedalen breførarlag:

’Høgfjellsføraren Tshering Pande Bhote frå Nepal  – som i fleire sommarsesongar har arbeidd som bre- og fjellførar i Jostedalen Breførarlag – mista svogeren og nevøen sin i den tragiske dødsulukka på K2 no i byrjinga av august. Dei var begge to tilsett i selskapet til Tshering, Himalayan Guides Nepal. Søstera til Tshering sit no att med to små ungar, ho hadde akkurat fått sitt andre barn rett før mannen hennar reiste til K2 og vart drepen i israset på toppen av fjellet. I tillegg til å ha mista mann og far har familien også mista forsørgjaren sin. Nevøen til Tshering etterlet seg og kone og eit lite barn.

Les meir

Lagt inn i Jostedalen | Kommentarar avslått på Meir om Tshering-aksjonen

Tsherings støttefond

Jostedalen breførarlag har teke eit prisverdig intiativ til eit støttefond for ein av sine tilsette, Tshering Pande Bhote. Fjellføraren frå Nepal har no gledd oss med det blide oppsynet sitt gjennom fleire somrar.

Den mykje omtalte K2-ulukka i Pakistan 1. august hadde òg nokre offer som har vore mindre framme i vestlege media. To av dei elleve drepne var svogeren og ein nevø av Tshering. Systera hans hadde fått ein unge rett før ulukka, og Tshering har no dei to enkjene og tre borna å forsørgja.

Kontonummeret til Tsherings støttefond er 3785.12.75704. E-posten frå breførarlaget og litt meir informasjon ligg på nettsida til Randi Skaug, fyrste norske kvinne på Everest (der Tshering har vore fem gonger). Sjå òg eit oppslag i Ringerike Blad og nettsida til føringsfirmaet hans.

Lagt inn i Jostedalen | Kommentarar avslått på Tsherings støttefond

Ortopedi

Lærdal kl 12.45: Harry Mowatt gjentok på radioen i føremiddag at det er for mykje ortopedi i fylket. Knalltora som datt ned troppi, og ikkje minst sjåføren, er veldig glade for at me ikkje er på veg til Førde for røntgen no.

Bilde041.jpg
Lagt inn i Mobilmelding, Politikk | Kommentarar avslått på Ortopedi

Spelegalskap

Nettspel har aldri vore mi greie, men denne fall eg for. Tek sjansen på denne reklamen sjølv om kommunen som òg er kjent som Noregs beste kasta ut automatane for eit par år sidan.

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Spelegalskap

Pontoppidan på visitas

Endå ein hardtslåande bisp har kome til orde hjå Jostedal historielag. Denne gongen var det ikkje jostedølene allment, men presten Matthias Foss, kona og embetet hans som fekk gjennomgå. Det Pontoppidan skriv om Jostedalen i visitasberetninga frå 1749, har ikkje vore prenta før anna enn eit lite (og mykje sitert) utdrag. Men no kan ein lese heile stykket om Jostedalen, takk vere kyrkjehistorieprofessor Oddvar Johan Jensen som har stilt avskrifta si til rådvelde.

Lagt inn i Historie, Jostedalen | Kommentarar avslått på Pontoppidan på visitas

Vrange jostedøler i 1625

I eit brev frå 1625 gav biskopen kyrkjelyden i Jostedalen inn etter notar for å stelle dårleg med den stakkars soknepresten. Om ikkje jostedølene gav presten det han hadde krav på etter kallsbrevet, «foruden Knur, Vrangvillighed, skalkagtig Underfundighed og Bitterhed,» kunne dei vente seg litt av kvart frå Vår Herre «snarere end mange troer». Les brevet hjå Jostedal historielag.

Lagt inn i Historie, Jostedalen | Kommentarar avslått på Vrange jostedøler i 1625