Avhandlinga godkjend

Eller som det meir presist og formelt heiter i e-posten frå NTNU i dag tidleg: «Komiteen sin konklusjon er at Oddmund Løkensgard Hoel si avhandling fortener å bli forsvart for graden PhD.» Disputasen vert 20. november i Trondheim.

Oppdatering 24/9:

Prøveførelesing kl 10.15, disputas kl 12.30. Stad: Auditorium D3 på Dragvol. Fyrsteopponent vert docent dr. Torbjörn Nilsson (Södertörns högskola), andreopponent professor May-Brith Ohman Nielsen (Universitetet i Agder). Den tredje komitemedlemen er professor Ingar Kaldal, NTNU.

Lagt inn i Språkhistorie | Kommentarar avslått på Avhandlinga godkjend

På bui

Me veit det godt, men når ymse reparasjonar i heimen skal utførast, får ein det meste i andrehøgdi på Kristen-bui. I dag trong eg to ting og fekk båe:

LoddeboltKjolehekter

Lagt inn i Heimeliv, Jostedalen | Kommentarar avslått på På bui

Demo i Krundalen

Det er ikkje kvart tiår krundølene held punktdemonstrasjonar, men på eit vis var det vel det me hadde på Grov i går. Dei me demonstrerte mot, visste ikkje om det, og media var heller ikkje der, om ein då ser bort frå onkelen til han i framgrunnen. Men med litt flaks kjem me i avisa likevel.

Krundalsaksjonist i farta (foto: Bjørnar Bjørhusdal

Lagt inn i Politikk | Kommentarar avslått på Demo i Krundalen

Vestsida-Vigdøla

Vasskraft er sjølvsagt flotte greier, men det er rennande elvar òg. Jostedalen burde ha godt nok samvit for lenge sidan (1,3 TWh/år) når det gjeld å forsyne verda med fornybar energi. Får Statkraft konsesjon til å byggje ut dei åtte vestsideelvane frå Myklemyr til Krundalen, vil ein knapt kunne sjå ei urørt elv frå dei busette områda i bygda. I Krundalen vil Røykjadøla og Tverradøla gå med i dragsuget med bekkeinntak på 520-540 meter. Statkraft sende i juni melding til NVE om prosjektet, og no er underskriftsaksjonen mot utbygginga i gang, sjå Vestsida-Vigdøla.no.

Lagt inn i Politikk | Kommentarar avslått på Vestsida-Vigdøla

Å fårske

Under rydding på vaskerommet i går vart denne vitskaplege artikkelen attfunnen under ei hylle.

fårsking

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Å fårske

Ekspertkommentarar

Dei fyrste spede kommentarane til Avhandlinga er alt noterte. I dag var me alle på forseinka 89-årsdag i Luster, 20 meter bak minnesteinen over Henrik Angell (omtala på side 238, 240-241, 245, 252, 261, 272-273, 275, 277, 381-383, 386, 392, 435 og 439-440). Der finn me den høgaste nolevande kompetansen på slit i storfamilien, og verket vart presentert.

Ho: – Oohhfff. Eg vert kvalm når eg tenkje» på det.

Han: – Har du skrive alt ditta?
– Ja…
– Fy faen! Du får vel meir løn no?

 angellbauta

Lagt inn i Historie, Språkhistorie | Kommentarar avslått på Ekspertkommentarar

Levert

No er det heilt trygt å spørja når eg er ferdig med avhandlinga. Så no må eg finna på andre grunnar for ikkje å oppdatera denne bloggen.

Lagt inn i Historie, Språkhistorie | Kommentarar avslått på Levert

Myrhyrna

Sidan eg jamleg får klager på for sjeldne oppdatering og for lange meldingar når dei fyrst kjem, og sidan jostedalsbloggane elles flyt over av urealistisk fine skibilete, kjem her følgjande: To (og berre to) bilete frå nyttårsaftan då to slitne familiefedrar endeleg kom seg til fjells i under middels ver (men fantastisk føre) på den store Flintoe-toppen.

Lagt inn i På tur | Kommentarar avslått på Myrhyrna

Fyrtiande fødedagen

Om nokon er i tvil: Førtiårskrisa har ikkje meldt seg enno. Men det gjeld å bu seg, sidan det i dag er like lenge sidan eg fylte 18 til eg kan gå av med AFP (om det framleis finst). Obligatorisk lesestoff er då det store førtiårskrisediktet i norsk litteratur, for ikkje å seia verdslitteraturen: «Fyrtiande fødedagen» som Aasen skreiv for skrivebordsskuffen i 1853. Stakkars mann. Åtvaring: Det er langt!

FYRTIANDE FØDEDAGEN.

Les meir

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Fyrtiande fødedagen

Dølen 150 år

Jubeldag i dag: 150 år sidan Aasmund Olavsson Vinje gav ut fyrste nummeret av den fyrste nynorskavisa, Dølen. Det må feirast, så her kjem ei eksklusiv utgåve av kapittel 10 i hovudoppgåva mi (side 265-294) om Dølen og den store målstriden hausten 1858.  

Kapittel 10. Nye minningar frå målstriden om hausten 1858

Opptakt

Etter hausten 1852 gjekk Aasen i målpolitisk eksil, men i 1857 kom han fram att med det kritiske essayet «Om Dannelsen og Norskheden», prenta i Folkevennen.[1]

Les meir

Lagt inn i Språkhistorie | Kommentarar avslått på Dølen 150 år