Kronerulling mot rovdyrplaga

Som dei fleste også utanfor Jostedalen fekk med seg, gjekk det føre seg her i fjor sommar då bamsefar var på vitjing.

Somme fekk merka det meir andre, særleg Ove, drivande sauebonde her i Haugagrendi. Han kom opp i ein naudverjesituasjon han no har fått 10 000 kr i bot for (manglande bereløyve).

No er det ein aksjon i gang for å samla inn pengar til bota. Konto er 3785.12.55150, og nettsida for aksjonen er her.

Lagt inn i Jostedalen, Politikk | Kommentarar avslått på Kronerulling mot rovdyrplaga

Rypa har flytt

Då har ho fått seg ein meir høveleg stad å bu, så bloggen er no å finna på www.jostedalsrypa.no (og ikkje lenger på jostedalsrypa.wordpress.com).

Lagt inn i Blogging | Kommentarar avslått på Rypa har flytt

Morgon i Krundalen

[myflash=2007-04-24_krundalsmorgon]

mellom seks og halv sju i dag. Kva skal ein elles ta seg til når ein likevel er oppe med denne karen?

dscf2033.JPG

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Morgon i Krundalen

Luster mållag – årsmøte og nettsider

Eg nyttar høvet her til å gjera kjent for all verda at Luster mållag har fått seg framifrå WordPress-nettsider no, på www.krundalen.no/lustermaallag. Dessutan velkomen til dei to unge damene som kom inn i styret på årsmøtet 19. april – Marit Aakre Tennø og Anki Sperle. På mållagssidene finn de òg ut kva Ove Eide sa om Jakob Sande på møtet.

Lagt inn i Målsak | Kommentarar avslått på Luster mållag – årsmøte og nettsider

Blix på sundag

Tidlegare i livet høyrde eg eit rykte om at NRK P1 i lange tider har spela Blix» store fedrelandssalme, «Gud signe vårt dyre fedreland», rett før kl 7 som opning på sundagen. Etter at eg fekk ungar, ikkje minst denne karen her (foto kl 06.25 i dag),

oyvind.JPG

har eg fått stadfesta at det er sant. I denne augneblinken tonar Blix utover stova, slik han no gjer på Haugamyrane kvar sundagsmorgon.

Elias Blix har elles lenge vore bloggar, sjå BlixBlog. Når Anders Aschim kjem med Blix-biografien sin, får me kanskje svar på kor lenge NRK har hatt denne framifrå sundagstradisjonen.

Lagt inn i Heimeliv, Språkhistorie | Kommentarar avslått på Blix på sundag

Sykkeltrim

Trimsykkelen Solrun selde oss er stadig i bruk, seinast no nettopp.

[mygal=2007-04-21_trimsykkel]

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Sykkeltrim

Namn med «Svor-« – kvar kjem dei ifrå?

Harald H var innom hin dagen etter at Svorafonni hadde gått kvelden før, og det vart prat om namn på «Svor-« i Jostedalen. Eit raskt søk i nokre basar på nettet gav interessante funn.

[mygal=svorafonni]

Svorafonni frå kjøkenglaset på Haugamyrane. Fimbul får opp for å inspisere brotkanten.

Les meir

Lagt inn i Historie, Jostedalen | Kommentarar avslått på Namn med «Svor-« – kvar kjem dei ifrå?

Nigardsgrandane 14. april

[mygal=2007-04-15_nigardsgrandane-skitur]

Lagt inn i På tur | Kommentarar avslått på Nigardsgrandane 14. april

Bamsefar på veg?

BamsefarDet er meldt frå Skjåk at den kjære bamsen vår frå i fjor sommar er ute av hiet, men har han fått nye diet, for å bruka det verste rimet påskerevyen kunne by på i år? Neppe. Eit oppslag i Kristiansund-avisa Tidens Krav 12. april går nærare inn på bjørnen vår etter at Direktoratet frå naturforvaltning to dagar før presenterte resultata frå den store bjørnegranskinga si.

Les meir

Lagt inn i Jostedalen | Kommentarar avslått på Bamsefar på veg?

Husking på Haugamyrane

Andre stader tek ein visst snart til å plagast med plener som må klyppast o.l. Her er har det iallfall gått såpass hardt på snøen at det berre trongst litt making for å få opp huskene (trønderar: det er det same som «dissan»). Øyvind debuterte i dag.

[mygal=2007-04_husking-haugamyrane]

Lagt inn i Heimeliv | Kommentarar avslått på Husking på Haugamyrane