er det høgsesong for no. Sidan rypa gjekk høgt ut på bana imot bloggar som handlar om ski, fjell og turar, får eg ta meg av å leggja ut nokre få av dei 260 påskebileta me sit med.
Geisdalen palmesundagen Les meir
er det høgsesong for no. Sidan rypa gjekk høgt ut på bana imot bloggar som handlar om ski, fjell og turar, får eg ta meg av å leggja ut nokre få av dei 260 påskebileta me sit med.
Geisdalen palmesundagen Les meir
Denne skjermbunaden (eller temaet som WordPress kallar det) skulle vera keisam nok og såleis høveleg for det som kjem til å skje på denne bloggen.
Ein stor takk til Nyvri i Bergen som har omsett WordPress til nynorsk (og bokmål), så heile redigeringspanelet (som de ikkje ser) er no på målet i staden for utanlandsk.
Skjermbunaden eg brukte var på engelsk, men skulle no i det store og heile stå fram for dykk på nynorsk etter litt hobbyredigering. Dei store spørsmåla i livet er no, i rekkjefølgje, korleis ein skal:
No bloggar visst alle, medrekna fruen, så det er vel ikkje nokon veg utanom. Eg byrjar friskt, så ser me kor lenge det varar. Dersom du både interesserer deg for soga til målrørsla, målstriden i dag, samfunns- og kulturliv i Jostedalen, lokalhistorie om Jostedalen, Luster og Sogn, og livet til huslyden vår på Haugamyrane, er dette den ideelle bloggen for deg. Om opptil fleire av desse emna interesserer deg mindre, kan dette bli langdryge saker.
Heimesida vår, www.krundalen.no, eksisterer framleis, og som før er det ein nettstad der det ikkje skjer all verda. Der finn du fyrst og fremst meir eller mindre glupe tekstar eg har skrive opp gjennom åra og informasjon om det unge og dynamiske firmaet Krundalen kulturtenester.
Ein gong kjem kanskje alt stoff på www.krundalen.no inn i bloggen – kven veit. Det får bli når ungane er store, iallfall større.