Flotte skispor Bjønnstegane-Vetledøla

Dette var torsdag i 2-tida, mildare og like fint i dag. Så her er det berre å koma seg ut, folkens!

Ved Fåbergstølen 2.12.2010

Lagt inn i På tur | Legg att eit innspel

Barndomsminne frå Vikersund

Følgjande innlegg står i Aftenposten i dag:

Barndomsminne frå Vikersund

Oda Rygh, statsvitar, fekk 4/11 spalteplass for å fortelja si personlege historie om at ho no flytter frå heimbygda Vikersund. Me lever i eit fritt land, så alle som vil kan flytta til Drammen når dei vil, og mange kan sikkert ha gode og djupt personlege grunnar for å gjera det. Men Rygh skriv ikkje berre om Vikersund – ho skriv òg generelt om ”Bygda”. Mot Rygh si personlege historie kan det haldast hundre- og tusenvis av andre særs ulike personlege historier om ulike opplevingar av ulike bygder, tettstader, byar og bydelar. Aviser, blad og bloggar er fulle av desse historiene. Skal dette ha interesse for samfunnsdebatten, må ein nødvendigvis ha ein idé om kor representative historiene er. Som mange andre bygdekritikarar har Rygh diverre ikkje ein einaste refleksjon kring dette representativitetsproblemet. Dette har minst tre sider: både kor representativ ho er som høgt utdanna ung kvinne frå bygda, kor representativ opplevinga hennar av Vikersund er, og kor representativ Vikersund er for ”Bygda”. Ein kan innvenda at det må vera lov å fortelja si personlege historie utan slike refleksjonar. Greitt nok, men då er det noko underleg å signera meiningsytringa med ”statsviter”.

Oddmund L. Hoel, Jostedalen

I går hadde Birger Emanuelsen òg eit svar til Rygh.

Lagt inn i Politikk | Legg att eit innspel

Studentmållaget i Oslo 110 år

Landets viktigaste mållag, Studentmållaget i Oslo, feira det heller urunde jubileet sitt med seminar i Oslo i helga. Det var halde som ein del av haustseminaret til Noregs Mållag og var festleg på alle vis, tvillaust med trekkspelshowet til Per Arne Glorvigen som høgdepunkt. På seminaret heldt eg eit innlegg om soga til Studentmållaget, som no er lagt ut her.

Lagt inn i Språkhistorie | Legg att eit innspel

Kunsthandel

Ikkje det største storverket i norsk kunstsoge. Men då eit handkolorert trykk av det velkjende motivet til Joachim Frich dukka opp på salsutstillinga til eit antikvariat på Tørvis hotell fredag, var det berre å slå til. Teikninga av Joachim Frich stod (svart-kvitt) i Norge fremstillet i Tegninger (1846-48) av Chr. Tønsberg, eit verk som gjekk sin sigersgang i store opplag og mange utgåver utover på 1800-talet. Meir hjå Jostedal historielag. Sjå svart-kvitt-versjonen her.

Joachim Frich: Myrhorn (handkolorert)

Lagt inn i Jostedalen | Legg att eit innspel

Kyrkjeboka lansert

Laurdag 26. juni vart jubileumsboka om Jostedal kyrkje lansert på Breheimsenteret. Det store lasset har forfattarane Kåre Øvregard og Asbjørg Ormberg og biletredaktør Kristen Ormberg drege. Men eg har fått vere med og har hatt mykje glede av å skrive eit kapittel om økonomien i presteembetet (det dårlegaste i landet) og eitt om Jostedal prestegard. Skald forlag har sytt for at det har vorte ei særs fin bok. Meir om boka hjå Jostedal historielag, der mange av kjeldene òg er lagde ut. På lanseringa hadde eg eit lite innlegg som ligg her.

Jostedal kyrkje 350 år - bokomslag

Lagt inn i Historie, Jostedalen | Legg att eit innspel

Norsk målreising, band 1

Det er alt fleire veker sidan boka kom og såleis på høg tid å gratulera tidlegare stipendiatkollega Jens Johan Hyvik med Språk og nasjon 1739-1868, band 1 i verket Norsk målreising på Samlaget. I dag får boka ei flott melding over ei heilside på kronikkplass i Bergens Tidende, av språkdirektør Sylfest Lomheim. Band 2 kjem til hausten, vert det meldt frå forlaget. Så då då lyt visst eg snart koma i gang med å finna illustrasjonar.

hyvik-omslag

Lagt inn i Språkhistorie | Legg att eit innspel

Edvard Os 125 år

I dag er det 125 år sidan nordfjordingen, målmannen og offiseren Edvard Os (1885-1970) vart fødd. Os er hugsa i målrørsla som ein stor strateg og effektiv organisasjonsbyggjar, men òg som ein illgjeten stridbukk. I doktoravhandlinga mi har eg vigd ein del plass på den militærpolitiske aktivismen til målrørsla, mellom anna Edvard Os. Det skulle såleis høva godt med eit lite (?) utdrag frå kapitlet «Gjelsvik–Os-regimet» (side 388-92, her utan notar og referansar):  Les meir

Lagt inn i Språkhistorie | Legg att eit innspel

Ubåt i Sognefjorden 1972?

No på nyåret har ubåtjakta i Sognefjorden i november 1972 igjen dukka opp i media. Firda har fått tak i ’nyleg nedgraderte dokument’ frå Forsvaret, og somme media har lagt fram dette som ei stadfesting på at det var ein sovjetisk ubåt i Sognefjorden i 1972. Les meir

Lagt inn i Historie | 9 innspel

Grisgrendtfylke nummer ein

Kronikk i Bergens Tidende 28. januar og Nationen 30. januar. Teksten nedanfor er identisk med det som stod i avisene, men det er lagt til referansar.

”Eg har i dag offisielt gravlagt ’motstraumsstrategien’ i Sogn og Fjordane. Den har altfor lenge hemma utvikling og vekst i fylket vårt!” Slik sette ein twitrande Tor Bremer ord på den rådande trenden i Sogn og Fjordane-debatten, nokre dagar før han kom inn på Stortinget. Omgrep som motstraumsfylket, annleisfylket, småskala og distriktspolitikk har dei siste åra vore som skjellsord å rekna når framtida til Sogn og Fjordane skal diskuterast, som i norsk distrikts- og regionaldebatt meir allment. Er det klokt? Les meir

Lagt inn i Historie, Politikk | 4 innspel

Fylkesmannsdebatt

For den som ikkje heng heilt med i informasjonsstraumen: Rypa har i dag sett i gang ein interessant debatt om og med fylkesmannen (embetet) og utdanningsdirektøren (herself) på og om fylkesmannsbloggen. Sympatisk nok svarar fylkesmannen (himself) både her og der. Kan ikkje nekta for at det er interessant, festleg og nyttig å få greie på kva som vert tenkt på innsida av Statens hus.

27/1: No også på NRK S&Fj

Lagt inn i Blogging, Politikk | Legg att eit innspel