Innlegg om sidemål i BT

Dette innlegget stod på prent i BT i dag. Dei har piffa opp mi noko keisame overskrift til «Halvorsens åtak på nynorsk».

Slutt på eigen karakter og eksamen i sidemål?

Utdanningsdirektoratet (Udir) prøver i eit større innlegg i BT 28/1 å forklara kva det vil gjera med norskfaget og særleg med sidemålet. Bakgrunnen er at læreplanane i grunnskule og vidaregåande opplæring skal reviderast. Udir ynskjer å gje hovudmålet høgare prioritet på kostnad av sidemålet i norskfaget. Les meir

Lagt inn i Målsak | Kommentarar avslått på Innlegg om sidemål i BT

Sidemålssaka – bakgrunn og oppsummering

Den siste veka har mange av oss hissa oss temmeleg mykje opp over ymse utspel frå Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet/Kristin Halvorsen om sidemål. Det herskar ikkje så reint lite forvirring om kva som har skjedd og skjer. Her er ein freistnad på ei opprydding. Les meir

Lagt inn i Målsak | Kommentarar avslått på Sidemålssaka – bakgrunn og oppsummering

Meir lokaldemokrati, ikkje mindre (Sogn Avis 28/10)

I går (28/10) hadde eg dette innlegget på prent i Sogn Avis. Det er eit svar på eit større intervju med avtroppande vararordførar og gruppeleiar for Ap i Luster. Les meir

Lagt inn i Politikk | Kommentarar avslått på Meir lokaldemokrati, ikkje mindre (Sogn Avis 28/10)

Arbeidsliste for foreldrerådet til 17. mai

Minst ein frå alle foreldrepar ved Jostedal skule står på arbeidslista for 17. mai.

Her er lista (pdf)

Vel møtt!

Helsing FAU-leiaren

Lagt inn i Jostedalen | Kommentarar avslått på Arbeidsliste for foreldrerådet til 17. mai

Godord frå Gujord

I dag er Mål og modernisering omtala i eit par regionaviser. Eg set stor pris på rosen som Heming Gujord deler ut i Bergens Tidende og ser godt at påpeikinga av vantande poetokrati-vurdering har noko føre seg. Den positive omtala av boka i dagens Adressa er derimot mindre å leggja vekt på sidan rosen der kjem frå meg sjølv (intervjua av Tone Mørkved). Ingen av oppslaga ligg på nettet.

Lagt inn i Språkhistorie | Kommentarar avslått på Godord frå Gujord

Språkhistorie som samfunnshistorie (DT)

Det har gledeleg nok vore ein del merksemd om Mål og modernisering i Dag og Tid. Den 11. mars stod det ei bokmelding av Klaus Johan Myrvoll og eit innlegg av Gaute Losnegård (ikkje på nettet). I dag har Oddvar Skre eit innlegg med mange gode poeng, og eg har følgjande på prent: Les meir

Lagt inn i Språkhistorie | Kommentarar avslått på Språkhistorie som samfunnshistorie (DT)

Tekstar i BT, DT og S&S

Dei siste dagane har eg hatt ymse tekstar på prent i ymse organ i høve utgjevinga av Mål og modernisering 1868-1940. Det gjeld:

Det nynorske byproblemet (Syn og Segn, 1/2011, ikkje på nett)
By og land – mann mot mann (Bergens Tidende, 3. mars)
Militærpolitikk framfor målsak (Dag og Tid, 4. mars, pluss intervju)

Lagt inn i Språkhistorie | Kommentarar avslått på Tekstar i BT, DT og S&S

Mål og modernisering

Omslag Mål og modernisering 1868-1940Fredag (18/2) lanserte eg bok under seminaret Nynorsk fagdag i Oslo. Mål og modernisering 1868-1940 er ei noko nedkorta utgåve av doktoravhandlinga mi. Les meir om boka her.

Innlegget mitt om «Det nynorske byproblemet» på seminaret byggjer på boka og kjem på prent om ikkje så lenge.

Lagt inn i Språkhistorie | Kommentarar avslått på Mål og modernisering

Appell for Lærdal sjukehus

Politikk og musikk for lokalsjukehuset - 13.2.2011I går kveld hadde Forsvar Lærdal sjukehus, Lærdal Musikklag og Lærdal Frivilligsentral tromma saman til stor tilstelling med musikk og politikk for sjukehuset. Over 300 hadde møtt fram i den fullsette Storstova på Lærdalsøyri skule, og frå Jostedalen var det tinga folkemusikkinnslag og appell. Kine Svori (14) gjorde stor lukke med hardingfela og kvedarrøysta si, og eg fekk gleda av å seia dette (med nokre illustrerande lenkjer):

Godtfolk!

Det er eit trylleord som førekjem oftare og oftare når det er snakk om sjukehus og andre offentlege tenester, og det er ordet kvalitet. Det kan sjå ut som eit uskuldig og tilforlateleg ord, for ingen er vel mot god kvalitet. Les meir

Lagt inn i Politikk | Kommentarar avslått på Appell for Lærdal sjukehus

Delar av avhandlinga på nettet

Som somme lesarar av Sogn Avis kanskje fekk med seg i januar, kjem doktoravhandlinga mi  som bok (lansering 18. februar under Nynorsk fagdag).

Nokre av teori- og bakgrunnskapitla frå avhandlinga er ikkje med der, så dei har eg no lagt ut her.

Lagt inn i Språkhistorie | Kommentarar avslått på Delar av avhandlinga på nettet